Vil du bli dommar ved Møre og Romsdal tingrett?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2021-11-10

Det er ledig ein konstitusjon på seks månader som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett. Tiltreding 1. januar 2022.

Tingretten er lokalisert på rettsstadene Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda. Forutan sorenskrivar, har domstolen 13 tingrettsdommarar, seks dommarfullmektigar og 27 saksbehandlarar.

Kontorstaden for konstituert tingrettsdommar vil vere i Molde. Det må påreknast å gjere teneste på alle rettsstadene i rettskrinsen.

Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn du på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilte, krev vi uttømmande politiattest.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet.  I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre ledd når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1 205 000,-.
Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, som for tida er 2%.

Ytterlegare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte:

  • Møre og Romsdal tingrett v/sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset, tlf. 70 33 47 42
  • Innstillingsrådet for dommarar v /sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00
  • Domstoladministrasjonen v/ avd.dir.Solveig Moen, tlf. 73 56 71 30

Meir informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no.

Dersom du ber om konfidensiell behandling, gjer vi merksam på at opplysningar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. offentleglova § 25.

Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no, samtykkjer du i at vi kan behandle personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil kun bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn nødvendig.

Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk her”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.

Søknadsfrist 10. november 2021