Vil du bli dommar ved Vestre Innlandet tingrett?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2022-02-08

Vestre Innlandet tingrett er lokalisert på rettsstadene Fagernes, Gjøvik, Lillehammer og Vågå. Det er per i dag 13 dømmande årsverk og ei samla bemanning på totalt 35 årsverk fordelt på dei fire rettsstadene. Tiltreding etter nærare avtale.

Kontorstaden for tingrettsdommaren vil vere på Lillehammer. Det må påreknast å gjere teneste på alle rettsstadene i rettskrinsen.

Kvalifikasjonskrav

Søkarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vere norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn du på www.domstol.no/innstillingsradet. For kandidatar som blir innstilte, krev vi uttømmande politiattest.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/innstillingsradet.  I denne samanhengen viser vi til offentleglova § 25, andre ledd når det gjeld vilkåra for å bli utelaten frå søkjarlista.

Vi tilbyr

  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid med rom for fagleg utvikling
  • eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • moglegheit for ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønna for tingrettsdommar er per i dag kr. 1 205 000,-.
Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, som for tida er 2%.

Ytterlegare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte:

  • Vestre Innlandet tingrett v/sorenskrivar Ingjerd Thune, tlf. 61 02 02 00
  • Innstillingsrådet for dommarar v /sorenskrivar Arnfinn Agnalt, tlf. 69 79 77 00
  • Domstoladministrasjonen v/ avd.direktør Solveig Moen, tlf. 73 56 70 00

Meir informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no.

Dersom du ber om konfidensiell behandling, gjer vi merksam på at opplysningar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. offentleglova § 25.

Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no, samtykkjer du i at vi kan behandle personvernopplysningar om deg. Opplysningane vil kun bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysningane dine vil ikkje bli lagra lenger enn nødvendig.

Vi ber om at du legg søknad med CV, vitnemål og attestar inn i det elektroniske søknadsskjemaet på ”Søk her”. Alle attestar og vitnemål skal leggjast ved samla i eitt vedlegg. Vi ber om at du skriv i søknaden kvar du først såg utlysinga.

Søknadsfrist 8. februar 2022