I kjølvatnet av den opne høyringa til Kontroll- og konstitusjonskomiteen, har professorane Eivind Smith, og Ragna Aarlie, etterlyst ein breiare politisk debatt om grunnlovsvernet til domstolane. Stortingsrepresentant Nils T. Bjørke frå Sp har på si side stilt seg undrande til at norske juristar er så samstemte om behovet for dei grunnlovsendringane som Domstolskommisjonen har gjort framlegg om, og som representanten Peter Frølich har fremja.

LO er samd i at grunnlovsvernet til domstolane ikkje berre vedkjem juristar og at emnet fortener ein brei politisk debatt. Den debatten har vi freista å medverke til. Det har vi gjort gjennom ein meir enn tjue siders lang høyringsuttale til Domstolskommisjonen si andre delutgreiing. Vi har også hatt fleire innlegg i Rett24 som direkte og indirekte knyter seg til tematikken. Sist i ein replikk til Adele Matheson Mestad, direktør i NIM, mfl. som oppfordra Stortinget om å vise større omsorg for den dømmande makta og oppdatere Grunnlova.

Fleire syn

Etter ordskiftet i Rett24 sine spalter den siste veka, stiller vi oss spørjande til om våre innspel og synspunkt har blitt fanga opp. Debatten tyder ikkje på det.  Det er fleire syn på grunnlovsframlegga enn dei som kom fram under den opne høyringa til Kontroll- og konstitusjonskomiteen. Vi vil difor tilskrive komiteen og gjere greie for motførestellingane våre på nytt.

På same måte som Eivind Smith er LO av den oppfatninga at grunnlovsframlegga fortener å bli handsama i lag med resten av framlegga og utgreiingane til Domstolskommisjonen. Vi er ikkje samde med Ragna Aarlie i at innspela til Eivind Smith inneber ei trenering av grunnlovsendringane som folk flest er lite tent med. LO representerer meir enn 1 million medlemmer. Vi er også store brukarar av domstolane, ikkje minst i saker på området til arbeidsretten. Gjennom NTL organiserer vi dessutan tilsette i domstolane, både merkantile og dommarar. Det er ikkje riktig at innspela til Eivind Smith ikkje ivaretek omsynet til «folk flest», som LO gjennom dette absolutt ser seg som representant for. Våre innspel har langt på veg vore på linje med dei han løftar fram.

Kritisk

LO er kritisk til konsekvensane av grunnlovsframlegga om ein uavhengig domstolsadministrasjon og eit uavhengig innstillingsråd. Dels fordi vi fryktar ei svekking av dommarane og domstolane sin uavhengighet frå Domstolsadministrasjonen og dels fordi vi fryktar ‘sjølvrekruttering’. Vi meiner òg at dersom statsråden og regjeringa skal ha eit konstitusjonelt og parlamentarisk ansvar for domstolane, så må dei også ha reell innverknad på dommarutnemningar og administrasjon. Særleg viktig er det kan gripast inn for å rette opp feil og uheldig praksis i Innstillingsrådet og Domstolsadministrasjonen.

Vi har også løfta fram grunnlovsframlegget om dei alminnelege domstolane og behovet for spesialisering. Det vedrører spørsmål om sakstildeling, spesialdomstolar som Arbeidsretten og domstolsliknande forvaltningsorgan som Tvisteløysingsnemnda. Dette er spørsmål som heng saman med viktige rettspolitiske omsyn, medrekna materielt korrekte avgjerder, effektiv sakshandsaming og behovet for å halde sakskostnadane nede.