Vestland fylkeskommune er ein av dei store arbeidsgjevarane i fylket. Vi har vel 6000 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på omlag 12 milliardar kroner.
Våre kjerneverdiar er kompetent, open og modig. Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.
Fylkeskommunen er ein demokratisk styrt organisasjon som utviklar samfunnet og leverer viktige tenester. Vi gjev opplæring og kompetanse til tretti tusen elevar, lærlingar og vaksne. Vidare har vi ansvar for fylkesvegar og kollektivtransport, den offentlege tannhelsetenesta, folkehelse, kultur, idrett, inkludering, klimatiltak, utvikling av lokalsamfunn og næringsliv og mykje, mykje meir. I tillegg er Skyss og Bybanen utbygging organisert under fylkeskommunen.
Fylkesadministrasjonen er geografisk plassert på Leikanger, Bergen og Førde.