Dommar i Arbeidsretten

Arbeidsgiver:
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Søknadsfrist:
2026-08-07

Stillinga som dommar i Arbeidsretten er ledig frå 1. januar 2027.

Hovudinnhaldet i dommarstillinga er ordinære dommaroppgåver, mellom anna saksførebuing i tildelte saker, domsskriving og deltaking i hovudforhandlingar og andre rettsmøte. Du vil også bli tillagd andre juridiske og administrative oppgåver innanfor føremålet og verkeområdet til domstolen.

Du må ha høg juridisk kompetanse og oppfylle kvalifikasjonskrava som går fram av arbeidstvistlova § 36. Det er ønskeleg med dommarerfaring, og vi legg til grunn at du har kjennskap til Arbeidsrettens arbeidsfelt. Tidlegare relevant praksis vil bli vektlagd.

Stillinga blir lønna tilsvarande lagdommar og utgjer per i dag 1 557 600 kr.

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.

Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følge.

Om departementet 

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.

Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet. Vi er om lag 230 ansatte fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.

Spørsmål om stillinga