Juridisk utgreiar

Vil du bli juridisk utgreiar i Gulating lagmannsrett?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2026-05-22

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er organisert i to avdelingar, ei utgreiareining og administrasjon med sekretariat og fellestenester. 

Domstolen held til i eit moderne bygg i Bergen sentrum.

Utgreiareininga skal vere ei fagleg sterk, effektiv og dynamisk eining med stor vekt på godt arbeidsmiljø. Eininga har åtte utgreiarar og blir leia av ein lagmann og ein nestleiar.

Om stillinga

Vi har ledig ei fast stilling frå midten av august 2026, og søkjer ein juridisk utgreiar med særleg interesse for saker om fast eigedom. Utgreiaren vil samarbeida tett med jordskiftelagdommaren i jordskiftesakene, og med dei andre lagdommarane i saker frå andre rettsområde. Tiltreding etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

Utgreiaren vil få eit særskilt ansvar for saker som gjeld fast eigedom, og skal mellom anna hjelpa jordskiftelagdommaren i arbeidet med ankar frå jordskifterettane, gjennom deltaking i saksførebuing, rettsmekling og ankeforhandling. Arbeid med jordskiftesaker og andre saker knytta til fast eigedom vil vera sentralt. Arbeidet omfattar óg kontakt med og rettleiing av partar, utarbeiding av kart og skriving av utkast til avgjerder.

I andre saker vil utgreiaren utarbeida fullstendige utkast til avgjerder innanfor ulike sivile rettsområde for dommarane i lagmannsretten sitt ankeutval. 

Utgreiaren får god innsikt i prosessretten og i andre juridiske fagområde, i tillegg til i saksførebuing og arbeidsmåten i domstolen.

Arbeidsoppgåvene kan endra seg i tråd med utviklinga av domstolen. Noko reiseverksemd må påreknast.

Kvalifikasjonskrav

Stillinga som utgreiar krev svært gode juridiske kvalifikasjonar. Søkjarar må ha embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat. Arbeidet er i stor grad sjølvstendig og føreset ei strukturert arbeidsform.

Det vert stilt høge krav til evna til å balansera omsynet til kvalitet med omsynet til effektivitet. Søkjarar må ha særs god skriftleg framstillingsevne og kunna nytta begge målformer. Gode samarbeidsevner er òg av stor betydning.

Det krevst god forståing for IKT, då jordskiftesakene inneber bruk av geografiske informasjonssystem (GIS) og kartframstilling. Nødvendig opplæring vil verta gitt.

Vi tilbyr

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver innanfor fleire saksfelt.
  • Høve til fagleg fordjuping, med fokus på kvalitet.
  • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med jordskiftelagdommaren og lagdommarane elles.
  • Eit godt arbeidsmiljø.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Høve til trening i arbeidstida.

Stillinga er lønna som rådgjevar (stillingskode 1434) eller seniorrådgjevar (stillingskode 1364), med lønnsspenn frå kr 650 000 til kr 800 000 per år, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna vert det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse. Arbeidstida følgjer den normale arbeidstida i staten.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeids­staben skal spegla folkesamansetnaden generelt óg når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. 

Opplysingar om søkjaren kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje verta ført på søkjarlista, jf. offentleg­lova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon