Vil du ha ei stilling der du har ein viktig samfunns- og leiarrolle?

Embete som sorenskrivar ved Sogn og Fjordane tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2024-09-01

Vil du ha ei stilling der du både får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver, samtidig som du har ei viktig samfunns- og leiarrolle? Det vert ledig ein stilling som sorenskrivar ved Sogn og Fjordane tingrett. Tiltreding etter nærare avtale.

Domstolen vert leia av sorenskrivar, og har i tillegg 5 tingrettsdommarar, 2 dommarfullmektigar, administrasjonssjef og 10 saksbehandlarar.

Sentrale arbeidsoppgåve

  • Overordna styrings- og administrativt ansvar
  • Overordna ansvar for den dømande verksemda og saksbehandling knytt til verksemda Mål- og resultatansvar
  • Leie og vidareutvikle domstolen i tråd med strategisk plan
  • Leie og bidra til felles kultur for domstolen og for Noregs domstolar.

Vi søkjer ein person med engasjement for leiing. Du må ha grunnleggjande forståing for domstolens oppgåver, fremje rettstryggleik og verne om rettssamfunnet, og ivareta domstolens brukarperspektiv. Effektivisering, digitalisering, ressursutnytting og resultatoppnåing er sentrale område for domstolens vidare utviklingsarbeid.

Kven er du?

Krava vi stiller for å bli sorenskrivar er:

  • Juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Du må vere norsk statsborgar
  • Du må ha leiarerfaring og god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du må ha brei yrkes- og livserfaring, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og menneska du vil møte
  • Du må ha god innsikt i eigne styrkar og utfordringar som leiar
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, ha god gjennomføringsevne og evne å ta vanskelege avgjerder
  • Du skaper tillit, er tydeleg, og har evne til å samarbeide godt med medarbeidarane dine
  • Du forstår kor viktig det er å involvere og motivere medarbeidarane i utvikling av domstolen
  • Du kjenner lov- og avtaleverket i arbeidslivet, medrekna reglane om arbeidsmiljø, arbeidsgivars styringsrett og tilsette si medverknad
  • Du er interessert i dei moglegheiter som digitale system og verkty gir for utvikling av domstolane og effektivisering av arbeidsprosessar, samtidig at du har kunnskap om økonomistyring

For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Det vert særlig vist til Innstillingsrådets Praksisnotat, kap. 5, ”Lederkriterier i norske domstoler”.

Kva tilbyr vi?

Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig 
samfunnsoppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:

  • Eit sjølvstendig og meiningsfullt arbeid og stort rom for fagleg utvikling
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar og eit leiarprogram der du møter andre domstolleiarar i domstolane
  • Årleg oppdaterings- og etterutdanningstilbod
  • Høve til ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • Gode pensjons- , forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønn for stilling som sorenskrivar er for tida kr. 1 578 900,-. Frå 
lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Om oss

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 49 domstolar med om lag 2000 tilsette. Landet er delt inn i 23 tingrettar (rettskrinsar) med omlag 1100 tilsette. 

Sogn og Fjordane tingrett har rettsstader/tinghus i Førde, Sogndal og på Nordfjordeid. Sakene vert handsama ved den rettsstaden dei geografisk høyrer til. Dommarane må pårekne å gjere teneste på alle rettsstadanerettskrinsen. Domstolen har 7,5 dømmande årsverk og ein samla bemanning på 18,2 årsverk. Rettskrinsen har omlag 108 000 innbyggjarar.

Sogn og Fjordane tingrett er førsteinstansdomstol for 17 av dei 18 kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Desse er Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Sogndal, Vik, Solund, Hyllestad, Høyanger, Askvoll, Fjaler, Sunnfjord, Kinn, Bremanger, Stad, Stryn og Gloppen.

Sjå meir om oss på www.domstol.no.

Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og spegle befolknings-samansetjinga generelt - både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Innstillingsrådet for dommarar gir innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemninga skjer.

Generelle avgjerder

Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss.

Vi oppfordrar deg til å krysse av i søknadsportalen dersom du har
funksjonsnedsetting, hol i CVen eller innvandrarbakgrunn. Les meir om moglegheitene for positiv særhandsaming på www.dfo.no.

Vi gjer merksam på at søknaden berre vil bli vurdert ut frå
informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Sørg
derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteria som er skildra i annonsen.

Personopplysingar i søknaden og CV til stillinga vert handtert i samsvar med personopplysningslova. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeidar offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for høve til å gjera unntak. Vi gjer merksame på at opplysingar om søkar kan bli gjort offentlege, sjølv om søkar har bede om konfidensiell handsaming. Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkarliste vere tilgjengeleg på www.domstol.no/no/innstillingsradet/.

Den som blir utnemnt må utan erstatning finna seg i dei endringane som måtte bli gjort i domstolane sin forretningskrins og organisering, f.eks. samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Generell informasjon til søkarane finn du på www.domstol.no/no/innstillingsradet/. Ver vennleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga utlyst.

Spørsmål om stillinga

  • Unni Sandbukt
    Leder i Innstillingsrådet for dommere
    Telefon: 911 05 553
    E-post: [email protected]
  • Solveig Moen
    Avdelingsdirektør, Domstoladministrasjonen
    Telefon: 404 14 414
    E-post: [email protected]