Embete som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett

Vil du har ei viktig samfunnsrolle og samtidig bryne deg på juridiske oppgåver?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2024-09-11

Vil du ha ei stilling der du får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver samtidig som du har ei viktig samfunnsrolle?

Det vert ledig ei stilling som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett med kontorstad i Volda. Oppstart etter nærare avtale.

Møre og Romsdal tingrett er ein fullfagleg domstol i første instans, med rettsstadar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund. Sakene vert behandla ved det rettsstaden dei geografisk høyrer til. Det må påreknast å gjere teneste på alle rettsstadene i krinsen. Bemanninga ved domstolen er idag på 18 dømmande årsverk og ein samla bemanning på 43 årsverk

Stortinget vedtok i vår strukturendring av Møre og Romsdal tingrett, Dette fører til at rettsstad Volda og rettsstad Ålesund blir den nye domstolen Sunnmøre tingrett. Det vil verte ein god del reising til Ålesund, sidan ein stor andel av dommarportefølgje/sakene må påreknast irettført i Ålesund.

Kven er du?

Krav til stillinga som tingrettsdommar:

  • Juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap 
  • Du må vere norsk statsborgar
  • Brei yrkes- og livserfaring er ønskeleg og godt juridisk skjønn og analytiske evne
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og samarbeide godt Gode evne til skriftleg og munnleg saksframstilling 
  • Høg gjennomføringsevne
  • Du må vere fleksibel og ha stor arbeidskapasitet God rolleforståing
  • Stillinga krev gode kvalifikasjonar
  • Du må vere personleg egna og ha relevant arbeidserfaring

For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest. Det vises spesielt til Innstillingsrådets Praksisnotat, kap. 5, 
”Lederkriterier i norske domstoler”. Dommarane må opptre uavhengig av partane og kunne ivareta domstolane si konstitusjonelle uavhengigheit, ha ei tillitsvekkjande framferd i retten og kunne kommunisere godt med brukarane av domstolen.

Kva tilbyr vi?

Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunns-oppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:

  • Ein sjølvstendig og meiningsfull arbeidsdag, med stort rom 
    for fagleg utvikling. 
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • Faglege kurs
  • Ein månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Lønn for stilling som tingrettsdommar er for tida kr. 1 351 700,-. 
Frå lønna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Om oss

Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Med komplekse, juridiske problemstillingar bruker vi tid på å dykke ned i jussen.

Rettskrinsen utgjer kommunane Ålesund, Ulstein, Hareid, Haram, Fjord, Stranda, Sykkylven, Sula, Giske, Herøy, Sande, Vanylven, Volda, Ørsta, Molde, Hustadvika, Rauma, Vestnes, Aukra, Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll.

Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnets fremste konfliktløysningsorgan. Domstolane bidreg til vern av kvar og ein sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit i befolkninga ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømmande verksemd.

Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring.

Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og speile befolkningssamansetjinga generelt - både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Innstillingsrådet for dommarar gir innstilling om dommarutnemningar til Kongen i statsråd, der utnemninga skjer.

Generelle avgjerder

Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søke jobb hos oss.

Vi oppfordrar deg til å krysse av i søknadsportalen dersom du har funksjonsnedsetting, hol i CV'en eller innvandrarbakgrunn. Les meir om moglegheitene for positiv særhandsaming på www.dfo.no.

Vi gjer merksame på at søknaden kun vil bli vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved utløp av søknadsfristens. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteria som er beskrive i annonsen.

Personopplysningar i søknad og CV til stillinga vert handtert i samsvar personopplysningslova. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeidar offentleg søkarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksame på at opplysningar om søkar kan bli gjorde offentlege, sjølv om søkar har bede om konfidensiell handsaming. 

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil offentleg søkarliste vere tilgjengeleg på https://www.domstol.no/no/innstillingsradet/.

Den som blir utnemnt må utan erstatning finna seg i dei endringane som måtte bli gjort i domstolane sin forretningskrets og organisering, f.eks. samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føra til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Generell informasjon til søkarane finn du på www.domstol.no/innstillingsradet. Ver vennleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga utlyst.

Spørsmål om stillinga

  • Kirsti Høegh Bjørneset
    Sorenskrivar
    Telefon: 93 03 72 27
    E-post: [email protected]
  • Unni Sandbukt
    Leiar av Innstillingsrådet for dommarar
    Telefon: 91 10 55 53
    E-post: [email protected]
  • Solveig Moen
    Avdelingsdirektør i Domstoladministrasjonen
    Telefon: 40 41 44 14
    E-post: [email protected]