Nyleg avsa ankeutvalet i Høgsterett avgjerda HR-2026-2036-U. Spørsmålet i saka var om to brør var pliktige til å motta søksmål frå ei kvinne som påstod å vera halvsøstera deira, og der føremålet hennar var å avdekka om ho var dotter av dei saksøkte si mor.

Ankeutvalet landa på at brørne var pliktige til å motta søksmål. Avgjerda står i eit spenningsforhold til rettskjeldene, og utfallet er tankevekkande. Nokre merknader knytt til kjeldene og avgjerda kan difor vera på sin plass.

Reglane stammar frå tvistemålslova

Som grunnlag for søksmålet overfor dei påståtte brørne viste kvinna til barnelova kap. 4A. Kapitlet vart føydd til ved lov 26. januar 2007 nr. 3, i samband med at den nye tvistelova skulle setjast i kraft.

Før tvistelova vart slike søksmål regulerte av tvistemålslova kap. 29, som galdt «nedstamming». Lovteksten i tvml. § 427 første avsnitt var vanskeleg å misforstå. Saker om fastsetjing av slektskap kunne «bare reises mellom dem som påstås beslektet i rett opp- og nedstigende linje» (utheva her). Emnet for saka – og dei relevante partane – var to sider av same sak.

Lova måtte her takast på ordet. I 1954 skreiv Alten at søksmål etter paragrafen ikkje kunne gå ut på «en tvist om hvorvidt de [partene i saken] er søsken». I 2001 noterte Tvistemålsutvalet at det «ikke [er] anledning til å reise søksmål om søskenforhold».

Rettstilstanden ikkje endra i 2007

I arbeidet med tvistelova føreslo Tvistemålsutvalet at reglane frå tvml. kap. 29 skulle innarbeidast i barnelova. Utvalet nemnde også at det var viktig med «en klar angivelse av … hvilket partsforhold som må etableres».

Utvalet laga forslag til barnelova kap. 4A. I merknad til utkastet § 29 a skreiv utvalet at andre slektskapssamband enn i rett opp- eller nedstigande linje, fall utanfor. Utvalet skreiv også at utkastet til lova § 29 b, om partsforhold, «i all hovedsak [er] en direkte videreføring av dagens bestemmelser».

Per 2005 slutta departementet seg til at saker om nedstamming skulle flyttast til barnelova. Kort etter følgde eit høyringsnotat til 107 instansar. Der stod det at forslaget til barnelova § 29 a vidareførte tvml. § 427 første avsnitt. Det stod også at forslaget til § 29 b «gjør som nå at en slektsskapssak bare kan reises mellom … beslektede i rett opp- eller nedstigende linje».

Poenga frå høyringsnotatet kom igjen i proposisjonen, som vart vedteke. I hovudsak følgde ein forslaget frå Tvistemålsutvalet, men med einskilde språklege og redaksjonelle endringar. I tillegg gjentok departementet at utkastet til barnelova § 29 a vidareførte tvml. § 427 første avsnitt.

Kjeldene – og ankeutvalet

Kjeldene tilseier at det inntil nyleg kunne vera semje om gjeldande rett: Ingen plikta å motta søksmål frå nokon som ikkje påstod å vera ein slektning i rett opp- eller nedstigande linje. Saker etter barnelova kap. 4A galdt ikkje moglege søskenforhold.

Så kjem HR-2026-2036-U. Der snudde ankeutvalet resultatet frå dei lågare instansane. Noko overraskande kom utvalet til at kvinna kunne saksøkja dei påståtte halvbrørne, og saka vart fremja.

I avgjerda har ankeutvalet gjort lite for å omtala eller analysera kjeldene ovanfor. I staden har utvalet hefta seg ved ei og berre ei setning frå ein del av barnelova kap. 4A og gjort den setninga til sitt store prisme.

Den nemnde setninga står i barnelova § 29 b første setning og seier at «[b]erre dei som det er påstått er i slekt, kan reise slektskapssak seg imellom». Dette les ankeutvalet slik at B må tola eit søksmål frå A om å vera halvsøsken (eller: ha minst ein felles forelder), sidan saksøkjaren trass alt pretenderer å vera «i slekt».

Nærare om kjeldebruken

Kjeldebruken til ankeutvalet er vanskeleg å følgja. Det står i barnelova § 29 a at kapitlet gjeld slektskap i rett opp- eller nedstigande linje. Når § 29 b seier «i slekt», handlar det om slektsforhold slik den førre paragrafen definerer. Ein må hugsa å lesa paragrafar i samanheng. Uttrykket «i slekt» (§ 29 b) er det naturleg å tolka presiserande i samsvar med kva lova handlar om (§ 29 a).

Ytterlegare er lova si for- og tilblivingshistorie relevant i den felles metodelæra vår. Dette handlar om kva som galdt før og kan vera vidareført, og om lovgjevarens intensjonar med reglane. Slike kjelder kan ein ikkje setja i skuggen berre ved å gjera eit isolert utsnitt av den vedtekne lovteksten til sitt prisme.

HR-2026-2036-U kjem her i skade for å viska bort både forhistorie og intensjonar. Proposisjonen sa at slektskapssaker, som hittil, «bare kan reises mellom … beslektede i rett opp- eller nedstigende linje». Når eit brotstykke av lovtekst vert lese slik at det tydelege standpunktet i forarbeida framstår som eit slag i lufta, bør ein først og fremst studera lovteksten noko meir.

Tilleggsargument frå BK og EMK

Saman med det diskutable språklege argumentet støttar ankeutvalet seg særleg på to tilleggsargument. Det første handlar om «hensynene bak FNs barnekonvensjon». Det er ein konvensjon som etter art. 1 gjeld personar under 18 år. Her kunne ankeutvalet gjerne ha utdjupa korleis konvensjonen skulle vera relevant for saksøkjaren, som var 71 år.

Det andre tilleggsargumentet handlar om EMK art. 8, som i eit visst omfang femner ein rett til å kjenna sitt biologiske opphav. Isolert er det relevant. Men ein spør seg om ikkje ankeutvalet gjer opp rekning utan vert. Også dei saksøkte kan ha rett til privatliv etter EMK art. 8. Det betyr vern mot å gje DNA-prøver. Og kan det moglegvis bety fridomen til – frå starten av – å fråbe seg søksmål frå påståtte og kanskje pågåande halvsøsken?

Kva med lovgjevarens vern?

Uavhengig av om den saksøkte kan ha vern etter EMK art. 8, bør ein uansett sjå at saksøkte kan påberopa seg lovgjevarens vern. Ei ordinær tolking av barnelova kap. 4A viser at lovgjevaren, seinast ved ein open og demokratisk prosess for 20 år sidan, valde å skjerma påståtte søsken frå å komma i slektskapssaker mot kvarandre.

I neste omgang må den dømmande makta forvalta det vernet lovgjevaren her har tildelt. I slektskapssaker er grensa mellom interessene til private trekt på ein tilgjengeleg og forståeleg måte i lov- og forarbeid. Det må ein som rettsbrukar ha syn og respekt for.