Noregs domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren i samfunnet. Som dommar får du arbeide med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar, bidra til konfliktløysing mellom menneske og ta avgjerder som betyr mykje for både menneska og samfunnet. Det er ein fagleg krevjande og spennande jobb, der ein skal forvalte viktige samfunnsverdiar som uavhengigheit, rettstryggleik og tillit.
Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet med 32 dommarembete, 8 juridiske utgreiarar og 22 saksbehandlarstillingar/administrative stillingar. Domstolen vert leia av ein førstelagmann og er organisert i to likestilte dommaravdelingar, ei utgreiareining og ein administrasjon med sekretariat og fellestenester.
Lagdømmet består av Vestland og Rogaland lagsokn. Domstolen har lokale sentralt i Bergen, og har dessutan faste rettslokale i Stavanger og Haugesund. Ein del reising må påreknast.
Det blir ledig to embete som lagdommar ved Gulating lagmannsrett. Tiltreding etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine er
- å planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
- å leie rettsmøte og rettsmeklingar
- å sikre at avgjerdene får god kvalitet
- å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar
Kven er du?
For å bli lagdommar må du ha følgjande kompetanse:
- juridisk embetseksamen/cand.jur. eller master i rettsvitskap
- relevant arbeidserfaring
- brei yrkes- og livserfaring, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere, og i møte med menneske
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit språk alle kan forstå
- evne til å sjå moglegheitene digitale verktøy gir for å effektivisere arbeidsprosessar
Du må vere norsk statsborgar. Det krevst uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.
Vitnemål og karakterutskrifter skal leggjast ved søknaden. Vi ber om at dokumentasjonen blir henta frå Vitnemålsportalen og lasta opp saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av følgjande eigenskapar:
- Du har høg fagleg kompetanse og gode analytiske evner.
- Du må ha høg personleg integritet og kunne opptre uavhengig av partane, noko som er nødvendig for å skape den nødvendige tilliten.
- Du må kunne kommunisere godt med alle partar, blant anna med menneske i sårbare situasjonar. Livserfaring kjem difor godt med.
- Du må kunne jobbe sjølvstendig og ta vanskelege avgjerder.
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.
Vi tilbyr
- stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø
- kompetanseprogram for dommarar
- moglegheit for éin månads studiepermisjon kvart fjerde år
- faglege samlingar og samarbeid med andre domstolar
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Ved tilsetjing tilbyr vi årsløn som for tida er kr 1 557 600.
Mangfald i Noregs domstolar
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar med fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Generelle føresegner
Den som blir utnemnd, må utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjort i rettskrinsen og organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Personopplysningar i søknaden og i CV-en blir handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på domstol.no.Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler.
Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet.
Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast elektronisk via lenkje på denne sida «Søk her». Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga.
Om oss
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.
Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.
Spørsmål om stillinga
- Unni Sandbukt
Leder, Innstillingsrådet for dommere
Telefon: +47 911 05 553
E-post: [email protected] - Roar Klausen
Førstelagmann ved Gulating lagmannsrett
Telefon: +47 918 16 138
E-post: [email protected]