I dei to siste innlegga sine på Rett24 argumenterer professor Tarjei Bekkedal med at EU-domstolen sin praksis om Charteret til EU om fundamentale rettar [Charteret] no må leggast til grunn for tolkinga av EØS-avtalen. Han seier også at Charteret har same vekt og praktiske betydning som EMK, og støttar seg til to nye rådgjevande uttaler frå EFTA-domstolen, E-28/25 Skatturinn og E-25/25 Surrogati. Bekkedal meiner avklaringa, som EFTA-domstolen har gjort, får størst betydning for Charter-rettar som ikkje har nokon parallell i EMK, til dømes Charteret artikkel 16 om retten til å drive næringsverksemd.

Emnet Bekkedal tek opp, handlar om ei klassisk EØS-rettsleg problemstilling; Rekkevidda av homogenitetsmålsetjinga når EU-retten har endra seg på grunnlag av nye traktatar eller traktatføresegner, som ikkje er gjort til ein del av EØS-avtalen, slik som Charteret. Bakgrunnen for problemstillinga er at EØS-avtalen ikkje inneber ei overføring av kompetanse til EU, eller medlemsstatane, til å gje lover med direkte verknad i EFTA-statane Norge, Island og Liechtenstein. Dersom ein brukar ikkje-innlemma traktatar, traktatføresegner eller andre rettsakter som primært rettsgrunnlag i EØS-retten, er det eit inngrep i EFTA-statane sin suverenitet.

Særskild EØS-rettsleg metode

For å kunne oppnå homogenitet i resultat, utan å trå EFTA-statane sin suverenitet for nær, har EFTA-domstolen i ei rekkje saker tolka EØS-regelverk annleis enn det EU-domstolen har tolka det tilsvarande EU-regelverket. Det gjeld til dømes for Unionsborgardirektivet. EFTA-domstolen har med andre ord utvikla ein særskild EØS-rettsleg metode som er ulik den EU-rettslege.

For Noreg sitt vedkommande har Høgsterett akseptert denne metoden, sjølv om staten ved ein kvar korsveg har motsett seg dei stadige suverenitetsinngrepa den medfører. Samstundes har Høgsterett, for å låne Halvard H. Fredriksen og Gjermund Mathisen sin omgrepsbruk, halde fast ved at homogenitetsmålsetjinga er eit tolkingsprinsipp og ikkje ein regel. I storkammerdommen HR-2025-490-S uttalte Høgsterett at:

«[S]elv om det er et sentralt hensyn å oppnå lik behandling innenfor EU og EØS, kan ikke hensynet alene bære et likt resultat. Hensynet til statenes suverenitet krever at tolkningsresultat må være tilstrekkelig forankret i EØS-avtalen, herunder de rettsaktene som er innlemmet i avtalen».

Vidare sa Høgsterett at:

«Dersom EFTA-domstolen har gått langt i å tolke EØS-retten med det formål å oppnå et homogent resultat med EU-retten, kan suverenitetshensyn etter omstendighetene utgjøre gode og tungtveiende grunner for å fravike tolkningsuttalelsen».

Charteret som rettskjelde

I innlegga sine argumenterer Bekkedal tilsynelatande med at dei to nye rettsavgjerdene til EFTA-domstolen, syner at vi no kan sjå bort frå den særskilde EØS-rettslege metoden og det Høgsterett har sagt om grensene for den: Altså at EU-domstolen sin Charter-praksis no kan leggast til grunn for tolkinga av EØS-avtalen, sjølv om det ikkje er mogeleg å forankre tolkingsresultatet i EØS-avtalen eller innlemma rettsakter. Han skriv også, med tilvising til andre rettskjelder enn E-28/25 Skatturinn og E-25/25 Surrogati, at han ser dette som «rettslig påkrevet».

Eg er ikkje usamd med Bekkedal i at Charteret er ei relevant rettskjelde når innhaldet i EØS-retten skal fastleggast. Derimot er eg usamd med han dersom han meiner at det er rettsleg påkravd at heile Charteret sin rettighetskatalog, slik EU-domstolen til ei kvar tid finn å utlegge den, har direkte verknad i Norge, innanfor EØS-avtalen sitt saklege og geografiske verkeområde. Og enno til med «samme vekt og praktiske betydning» som EMK. Korleis han klarer å lese dette ut av dei to dommane, eller rettskjeldegrunnlaget elles, forstår ikkje eg.

Ikkje EU-medlem

Normativt sett kan ein sjølvsagt meine – slik som Bekkedal – at Norge, Island og Liechtenstein bør ha eit like godt menneskerettsleg vern for økonomiske, sosiale og politiske rettar som det EU-landa har fått gjennom Charteret. (Alternativt at styresmaktene i EFTA-landa skal ha like lite politisk handlingsrom, som det EU-landa har, om ein vel å sjå det frå den synsvinkelen.) Skal vi gjere alle grunnverdiane til EU til våre, bør det likevel skje gjennom ein nasjonal lovgjevingsprosess der det blir utgreidd kva som er dei potensielle konsekvensane, gevinstane og kostnadane med dette. Ikkje gjennom at domstolane våre «vedtek» dei innlemma, utan at dei folkevalde har fått høve til å forstå kva som skjer og ta stilling til om det er ynskeleg.  

Bekkedal meiner at menneskerettsgarantiane til EU er ein grunnføresetnad for å ha ein felleseuropeisk rettsorden, samt for like reglar og gjensidig tillit i den indre marknaden. Det kan han sjølvsagt ha rett i, men då er det verdt å minne om at Norge, Island og Liechtenstein er ikkje ein fullverdig del av EU sin felles rettsorden.

I Norge har vi to gonger sagt nei til den medlemskapen, og den suverenitetsavståinga, som kunne gjort oss til det. Det må både EFTA-domstolen og norske domstolar respektere, noko dei jamt over ikkje synest å ha alt for store problem med. Det er ikkje noko udemokratisk eller uverdig over det. Det har heller ikkje skapt dei heilt store problema for den indre marknaden sin funksjon. Trass ulikskapar i rettsgrunnlag, fungerer EØS-avtalen framleis, stort sett, oppsiktsvekkande godt.