Dommarfullmektig ved Hardanger og Voss tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2026-12-10

Vil du ha ei stilling der du får arbeide  med eit breitt spekter av juridiske oppgåver og ta del i eit viktig samfunnsoppdrag? 

Som dommarfullmektig får du rask oppgåver innan heile breidda av det juridiske fagfeltet. Arbeidskvardagen vekslar mellom straffesaker, sivile tvistar og andre saker tingretten behandlar. 

Du får ta i bruk verktøya og metodane du lærte under jusstudiet, og utvikle deg  både som menneske og jurist. Du vil  arbeide sjølvstendig gjennom heile prosessen: frå å førebu sakene til å leie rettsmøta og skrive avgjerdene. Du blir del av eit fellesskap med flinke og hyggelege kollegaer som samarbeider, støttar kvarandre og deler kunnskap. I tillegg får du ein fadder som følgjer deg opp fagleg og sosialt. 

Arbeidskvardagen er både hektisk og utfordrande. For å trivast i jobben må du kunne setje deg raskt inn i ulike problemstillingar, ta gode avgjerder og halde tidsrammene. Du møter menneske i ulike livssituasjonar og må kunne møte dei med respekt, også når situasjonen er krevjande. 

Stillinga som dommarfullmektig er tidsavgrensa til to år, med høve til forlenging i eitt år, jf. domstollova § 55 g. 

På www.domstol.no kan du sjå korleis nokre dommarfullmektigar presenterer jobben sin. 

Tinghuset er på Lofthus, og vi gjennomfører rettsmøte i rettssalane våre på Voss, i Norheimsund og i Odda. Stillinga inneber reising med bil til desse rettsstadene. Du må ha førarkort klasse B og disponere bil til bruk i tenesta. 

Hardanger og Voss tingrett har tre dømande stillingar, medrekna domstolleiar, og tre saksbehandlarar. Hos oss vil du få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ullensvang, Ulvik og Voss.

Arbeidsoppgaver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine er å:

  • planleggje og gjennomføre sakene effektivt og med høg fagleg kvalitet 
  • leie rettsmøte 
  • sikre at avgjerdene får god kvalitet 
  • bidra til eit godt fagmiljøved å dele kunnskap og erfaringar 

Kvalifikasjoner

For å bli dommarfullmektig må du ha følgjande kompetanse:  

  • juridisk embetseksamen/mastergrad i rettsvitskap med gode resultat 
  • relevant erfaring frå domstol, politiet eller advokatbransjen mv. 
  • gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit språk alle kan forstå 
  • evne til å sjå moglegheitene digitale verktøy gir for å forbetre  arbeidsprosessar 

Du må vere norsk statsborgar. Uttømmande politiattest vil bli innhenta. 

Personlige egenskaper

Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av følgjande eigenskapar: 

  • Du har høg etisk standard og integritet. 
  • Du er fagleg dyktig, set deg raskt inn i komplekse problemstillingar og har god vurderingsevne. 
  • Du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for å ta vanskelege avgjerder. 
  • Du leverer kvalitet, er effektiv og bidreg til god framdrift i sakene. 
  • Du er robust og held ro og oversikt i krevjande situasjonar. 
  • Du er løysingsorientert og finn praktiske løysingar i saksbehandlinga. 
  • Du kommuniserer godt med partar og aktørar. 
  • Du samarbeider godt med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. 

Det vil bli lagt vekt på relevant juridisk arbeidserfaring og om du er personleg eigna for stillinga. 

Vi tilbyr

  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver på ein arbeidsplass med eit viktig samfunnsoppdrag 
  • eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med hyggelege og kompetente kollegaer 
  • ein eigen fadder i domstolen 
  • fleksible ordningar for fri, avspasering og høve til trening i arbeidstida 
  • moglegheit for god referanse for vidare karriere 
  • eit sjølvstendig og meiningsfylt arbeid og stort rom for fagleg utvikling 
  • introduksjonsprogram og deltaking på relevante kompetansetiltak 
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse 

Tilsetjingsvilkår etter hovudtariffavtalen i staten, med startlønn frå ca. kr 590.000,- per år. Lønsutvikling etter tenestetid og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Om oss

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som samfunnet sin viktigaste konfliktløysar er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri samfunnet sine krav og forventningar.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn bygd på tillit. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfallet. Hos oss kan kvar og ein få avgjort saka si, setje strek og kome seg vidare.

Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø. Domstolane arbeider med komplekse og varierte juridiske problemstillingar.

Personvern

Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no.

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd når det gjeld moglegheita for å bli unnateken frå denne.

Mangfald i Noregs domstolar

Det er viktig at dei tilsette i Noregs domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer derfor å rekruttere fleire medarbeidarar som har fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gi oss viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget. Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på arbeidsgiver.dfo.no.