Ønskjer du deg interessante og utfordrande juridiske oppgåver innanfor eit fagområde med stor politisk merksemd? Vi har ledig ei fast stilling som jurist i Seksjon for sjukepengar og inkluderande arbeidsliv som førstekonsulent, rådgivar eller seniorrådgivar, avhengig av kvalifikasjonar.
Velferdspolitisk avdeling har oppgåver knytte til inntektssikring, levekår og oppfølging av dei som har falle utanfor arbeidslivet på grunn av helsemessige eller sosiale utfordringar. Seksjonen har ansvar for sjukepengar, pleie-, opplærings- og omsorgspengar, samt oppfølging av IA-avtalen. Vi koordinerer avdelinga sitt arbeid med statsbudsjettet, og arbeidet for betre samarbeid mellom helse- og arbeidsretta tenester.
Arbeidsområde
Har du lyst til å bruke jussen din til å påverke korleis Noreg arbeider med sjukefråvær? Som vår nye jurist får du moglegheit til å bidra i eit samfunnsviktig arbeid med stor politisk merksemd. Du vil vere tett på prosjekta knytt til IA-avtalen, vidareutvikle og tolke regelverket i folketrygdlova kapittel 8 og 9, og vere med på å finne gode og praktiske løysingar som får betydning for både arbeidsgivarar og arbeidstakarar over heile landet.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande miljø, der du får varierte oppgåver, gode moglegheiter til å lære og utvikle deg, og til å samarbeide tett med erfarne og engasjerte kollegaer. Vi samarbeider ofte på tvers i seksjonen og avdelinga, med andre avdelingar i departementet og med andre departement.
Ei typisk arbeidsveke vil vere variert og kan innebere alt frå møter med politisk leiing eller Arbeids- og velferdsdirektoratet om aktuelle saker, vurdering av juridiske spørsmål frå Stortinget eller offentlegheita eller at du kvalitetssikrar vurderingar ein kollega har gjort.
Vi ser etter deg som trivst med ansvar, som likar å kaste deg ut i nye problemstillingar og som ønskjer ein jobb der du faktisk kan gjere ein forskjell.
Kva slags bakgrunn har du?
Du har
- juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Det er i tillegg ein fordel om du har
- kjennskap til offentleg forvaltning og politikkutforming
- erfaring med regelverksarbeid eller utredning, gjerne frå departement
- arbeidserfaring med folketrygdloven eller velferdsforvaltning
- erfaring med tverrfagleg samarbeid og prosjektarbeid
- interesse for digitalisering og utvikling av arbeidsprosessar
For å bli tilsett som rådgivar må du ha relevant erfaring med juridisk arbeid, og som seniorrådgivar må du ha relevant erfaring med trygderett eller tilgrensande rettsområde. Nyutdanna er òg velkomne til å søke. Ansettelse føreset at du har bestått utdanninga før tiltredingstidspunktet.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som
- er samarbeidsorientert og god til å kommunisere med kollegaer
- er analytisk og nøyaktig
- kan jobbe strukturert og følgje opp oppgåver, både sjølvstendig og i team
- er fleksibel og løysingsorientert
- har god rolleforståelse
Som medarbeidarar i departementet skal vi vere fagleg engasjerte, ta ansvar, vere gode lagspelarar og utvikle og forbetre.
Kva får du hos oss?
- Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer. Vi legg vekt på å gje ansvar og tillit, men òg rettleiing i eit godt arbeidsfellesskap.
- Du vil få nærleik til politiske avgjerder.
- Om du blir tilsett som førstekonsulent, rådgivar eller seniorrådgivar, avheng av kvalifikasjonane dine og erfaringa di.
- Lønn vil ligge mellom 580 000 og 880 000 kroner avhengig av kvalifikasjonane dine. Er du særleg godt kvalifisert til stillinga, kan vi vurdere høgare lønn.
- Som tilsett i staten får du mellom anna fleksitid, sommartid og pensjons- og forsikringsordning gjennom Statens pensjonskasse som òg har eit av dei rimelegaste bustadlåna i marknaden.
- Du får også høve til å trene i arbeidstida.
Les dette før du søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin søkar i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Du kan be om å bli unnateken frå den offentlege søkarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.
- Arbeidsspråket er norsk.
Andre vilkår
- Alle søkarar må laste opp vitnemål og attestar. Vi ber om at du bruker vitnemålsportalen til å laste opp vitnemål.
- For å bli tilsett må du kunne bli autorisert for behandling av informasjon gradert AVGRENSA etter tryggingslova.
- Vi bruker Semac bakgrunnssjekk i utvalde rekrutteringsprosessar.
Om departementet og avdelinga
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for arbeidsmarknadspolitikken, inntektspolitiske spørsmål, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit, inkluderingspolitikken, pensjonspolitikken og velferdspolitikken.
Departementet forvaltar rundt ein tredel av statsbudsjettet. Vi er om lag 240 tilsette fordelt på sju avdelingar og ei kommunikasjonseining.
Velferdspolitisk avdeling har oppgåver knytt til inntektssikring, levekår og oppfølging av dei som har falle utanfor arbeidslivet på grunn av helsemessige eller sosiale problem.
Avdelinga har eit særskilt ansvar for sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, samt for sosialtenestelova. Avdelinga har også ansvar for ei rekkje andre ordningar i folketrygda, inkludert pleiepengar, grunn- og hjelpestønad og hjelpemiddel. Avdelinga koordinerer departementet sitt arbeid med oppfølging av intensjonsavtalen om eit inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen).
Spørsmål om stillinga
- Tarjei Havnes
Avdelingsdirektør
Telefon: +47 93 42 35 92
E-post: [email protected]