Juridisk utgreiar Gulating lagmannsrett

Vil du bli juridisk utgreiar i Gulating lagmannsrett?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2026-08-16

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann og er organisert i to dommaravdelingar, utgreiareining og administrasjon med sekretariat og fellestenester.

Domstolen held til i moderne lokale i Bergen sentrum.

Utgreiareininga skal vere ei fagleg sterk, effektiv og dynamisk eining, med stor vekt på eit godt arbeidsmiljø. Eininga har åtte utgreiarar og blir leia av ein lagmann og ein nestleiar.

Om stillinga

Gulating lagmannsrett har ledig ei fast stilling som juridisk utgreiar med tiltreding 1. oktober 2026. Frå same dato kan det òg bli ledig eit vikariat fram til 1. september 2027. Opplys i søknaden dersom du ønskjer å bli vurdert for begge stillingane.

Arbeids- og ansvarsområde

Den viktigaste oppgåva for utgreiarane er å skrive utkast til rettslege avgjerder i sivile saker for dommarane i lagmannsretten sitt ankeutval. Utgreiarane førebur, og skriv fullstendige utkast til avgjerd i saker frå ulike sivile rettsområde, og arbeider både med prosessuelle og materielle spørsmål. Arbeidet er variert og spennande, og gir god innsikt i prosessretten og i ei rekkje andre juridiske fagfelt.

Kvalifikasjonar

Stillinga krev særs gode juridiske kvalifikasjonar. Søkjarar må ha embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med gode resultat.

Arbeidet er i stor grad sjølvstendig og stiller krav til ei strukturert arbeidsform. Du må vere effektiv, og samtidig levere utkast av høg kvalitet til lagdommarane. Du må like å skrive, ha god skriftleg framstillingsevne og meistre begge målformer. Vi legg vekt på eit godt arbeidsmiljø, og gode samarbeidsevner er viktig for oss.

Vi tilbyr

  • God opplæring og systematisk oppfølging
  • Gode ordningar for kunnskapsdeling og kompetansebygging
  • Høve til fagleg fordjuping med stort fokus på kvalitet
  • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med dyktige kollegaer
  • God innsikt i arbeidet i lagmannsretten og i domstolssystemet elles
  • Fleksibel arbeidstid, høve til heimekontor og trening i arbeidstida
  • Eit godt arbeidsmiljø og moderne lokale

Stillinga blir løna som rådgjevar (kode 1434) eller seniorrådgjevar (kode 1364) med årsløn frå kr 650 000,- til kr 800 000,-. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle folkesamansetnaden generelt, òg når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.

Praksis som utgreiar er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon