I samband med at regjeringa har sett av pengar til Vest politidistrikt og Hordaland tingrett for raskare handsaming av straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år, er det og tildelt region vest pengar til å løyse oppdraget. I samband med det, skal vi tilsette ein jurist i fast stilling for å bidra til å løyse regionkontoret sine oppgåver innan juridisk sakshandsaming.
Regionkontoret held til i Allehelgensgate 2. Det er per i dag 14 tilsette ved regionkontoret, og 3 av dei er juristar ved straffegjennomføringsseksjonen. Denne stillinga vert den 4. juriststillinga, og vi ser fram til å få deg som kollega hos oss.
Arbeidsoppgåver
- sakshandsaming av søknadar og klagar om soningsutsetting, saker etter lov om straffegjennomføring, forvaltningslova, offentleglova, spørsmål om erstatning m.m.
- handsaming av saker om innsette i fengsel
- handsaming av saker om domfelte som gjennomfører straff i samfunnet, blant anna prøvelauslatne frå fengsel og dømde til samfunnsstraff
- søknadar om forsking i kriminalomsorga
- rettleiing, rådgiving og undervisning til underliggande einingar
- det må påreknast å førebu og møte i retten i brotsaker og saker om soningsutsetting – både i tingrett og lagmannsrett, samt vitneforklaring blant anna i forvaringssaker
- andre oppgåver i straffegjennomføringsseksjonen
Stillinga innber tverrfagleg samarbeid med andre aktørar i straffesakskjeda.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- erfaring frå offentleg saksbehandling
Det er ønskeleg at du har
- minimum 3 års relevant erfaring
- god kjennskap til/erfaring med regelverket rundt EMK og «barnets beste»-vurderingar
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendig, initiativrik og har god gjennomføringsevne
- evne til å samarbeide godt med ulike faggrupper
- jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
- har evne til å planleggje og strukturere ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar
- evne til å samarbeide på tvers av fagområde og forvaltningsnivå
- ser heilskapar
Det vert lagt stor vekt på personleg eignaheit og komplettering av kompetansen i jurist-teamet.
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- heilskapleg forståing av tilbakeføring og kriminalitetsførebygging.
- heilskapleg kjennskap til det offentlege systemet og samhandlinga i straffesakskjeda
- eige cellekontor og trivelege kollegar
- sentrale og fine lokaler midt i sentrum
- kantine, sykkelparkering og garderobe i bygget
- IA-bedrift
- fleksibel arbeidstidsordning etter særavtalen staten
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- stillinga blir lønna som rådgivar/seniorrådgivar mellom kr 620.000 - 820.000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og arbeidserfaring. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til assisterande direktør for straffegjennomføring, Ingunn Seim tlf. 97146320.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Spørsmål om stillinga
- Ingunn Seim
Ass.reg.dir.
Telefon: +4797146320