Dersom ditt faglege engasjement spenner over både leiing og juss, kan rolla som lagmann med avdelingsleiaransvar vere interessant for deg. Noregs domstolar er samfunnets fremste konfliktløysar. Vi skal sikre og fremje rettstryggleiken og verne om rettssamfunnet. Uavhengigheit og tillit er føresetnader for dette.
Domstolane skal vere brukar- og utviklingsorienterte. Vi arbeider difor med forbetring av arbeidsprosessar, der KI og andre digitale verktøy spelar ei sentral rolle. Du vil kome til å ha ei pådrivarrolle i dette arbeidet. Ei viktig leiaroppgåve er å skape gode relasjonar og utvikle sterke fagmiljø og eit arbeidsmiljø som tiltrekkjer seg dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Som lagmann med avdelingsleiaransvar må du kjenne deg att i Grunnlag for god ledelse staten.
Det blir ledig eitt (evt. to) embete som lagmann med avdelingsleiaransvar ved Gulating lagmannsrett. Tiltreding etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere:
- personalansvar for avdelinga sine medarbeidarar
- styring og ansvar for mål og resultat
- ansvar for den dømmande verksemda og saksbehandlinga
- å leie, motivere og inspirere medarbeidarane i domstolen
- å bidra til felles kultur i eigen domstol og for Noregs domstolar
- å planleggje for optimal bruk av ressursane til domstolen for å sikre effektiv saksavvikling
- å leggje til rette for gode fagmiljø og for at medarbeidarane i domstolen har den riktige kompetansen
- å vere utviklingsorientert og halde deg oppdatert innan leiarfaget
- å vere dommar og administrere eigne saker
Kven er du?
For å bli lagmann må du ha følgjande kompetanse:
- juridisk embetseksamen/cand.jur. eller master i rettsvitskap
- leiarkompetanse, interesse for og at du eignar deg for å leie
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kjennskap til lover og avtaleverk for arbeidsgjevarar i offentleg verksemd
- evne til å sjå moglegheitene digitale verktøy gjev for å effektivisere arbeidsprosessar
Du må vere norsk statsborgar. Det krevst uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.
Personlege eigenskapar
Det er viktig at du kjenner deg att i fleire av følgjande eigenskapar:
- Du skapar tillit og er tydeleg. Samstundes har du stor respekt for kompetansen og erfaringa til medarbeidarane dine.
- Du er samarbeidsorientert og forstår kor viktig det er å involvere og motivere medarbeidarane i utviklinga av domstolen.
- Du må ha god gjennomføringsevne og evne til å ta avgjerder.
- Du har brei yrkes- og livserfaring, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og i møte med menneske.
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.
Vi tilbyr
Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:
- stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø
- kompetanseprogram for dommarar og leiarar
- høve til éin månads studiepermisjon kvart fjerde år
- faglege samlingar og samarbeid med andre domstolar
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Ved tilsetjinga tilbyr vi årslønn, som for tida er kr 1 756 200.
Mangfald i Noregs domstolar
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar med fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Generelle føresegner
Den som blir utnemnd, må utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjort i rettskrinsen og organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Personopplysningar i søknad og i CV-en blir handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysninger. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for moglegheita til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler
Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet. Det blir vist spesielt til Innstillingsrådets Praksisnotat, kap. 6, «Lederkompetanser».
Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast elektronisk via lenkje på denne sida «Søk her». Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga.
Om oss
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.
Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.
Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet med 32 dommarembete, 8 juridiske utgreiarar og 22 saksbehandlarstillingar/administrative stillingar. Domstolen vert leia av ein førstelagmann og er organisert i to dommaravdelingar, ei utgreiareining og ein administrasjon med sekretariat og fellestenester.
Lagdømmet består av Vestland og Rogaland lagsokn. Domstolen har lokale sentralt i Bergen, og har dessutan faste rettslokale i Stavanger og Haugesund. Ein del reising må påreknast.
Gulating lagmannsrett er ein heildigital domstol. Vi ønskjer at alle våre medarbeidarar skal vere aktivt med i vidareutviklinga av dei digitale arbeidsprosessane.
Domstolen legg vekt på høg kvalitet, effektivitet og god service til brukarane av domstolen.
Spørsmål om stillinga
- Unni Sandbukt
Leder, Innstillingsrådet for dommere
Telefon: +47 91 10 55 53
E-post: [email protected] - Rolf Strøm
Kst. førstelagmann
Telefon: +47 99 02 72 80
E-post: [email protected]