Gulating lagmannsrett har ledig ein konstitusjon som lagdommar i perioden 1. januar - 30. juni 2025.
Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet med 32 dommarembete, 8 juridiske utgreiarar og om lag 20 saksbehandlarar/administrative stillingar. Domstolen vert leia av ein førstelagmann og er organisert i to dommaravdelingar, ei utgreiareining og ein administrasjon med sekretariat og fellestenester.
Lagdømmet består av Vestland og Rogaland lagsogn. Domstolen har lokale sentralt i Bergen, og har dessutan faste rettslokale i Stavanger og Haugesund. Ein del reising må påreknas.
Gulating lagmannsrett er ein heildigital domstol. Domstolen legg vekt på høg kvalitet, effektivitet og god service til brukarane av domstolen.
Kvalifikasjonskrav
Søkjarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand.jur eller master i rettsvitskap. Søkjarar må vera norske statsborgarar. Generell informasjon til søkjarane finn ein på www.domstol.no/innstillingsradet.
For kandidatar som blir innstilt krev ein uttømmande politiattest.
Det er eit sentralt personalpolitisk mål at dei tilsette i domstolane skal ha ein variert erfaringsbakgrunn og spegla befolkningssamansetninga generelt – både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Vi tilbyr
Lønna for lagdommarar er per i dag kr. 1 419 000,-. Frå lønna blir det trekt vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse, for tida 2 %.
Vi utarbeidar offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksame på at opplysningar om kven som har søkt kan verta gjorde offentlege, sjølv om ein søkjar har bede om konfidensiell handsaming.
Spørsmål om stillinga
- Magni Elsheim
Førstelagmann
Telefon: 55 69 39 53, mobil 988 28 764
E-post: [email protected]
- Guri Elisabeth Molven
Lagmann
Telefon: 55 69 39 37
E-post: [email protected]