Vi har ledig ei fast stilling og eit eittårig vikariat i eining for generelle juridiske saker (GJS).
GJS inngår i UNEs fagavdeling og har for tida 12 medarbeidarar. Eininga bistår nemndleiarar, sekretariatet og leiinga i faglege spørsmål, einskildsaker og generelle juridiske saker. Vi har særleg kompetanse innan utlendingsrett, menneskerettar og forvaltningsrett. Eininga har også andre oppgaver, som f.eks rettleiing og opplæring, utarbeider notat og interne retningslinjer og koordinerer UNEs rettssaksarbeid.
Vi søkjer etter to dyktige juristar med gode kunnskapar om utlendingsrett, forvaltningsrett og internasjonale menneskerettar. Minst ein av dei som blir tilsett, må ha gode kunnskapar innan asyl- og flyktningrett.
Stillingane stiller høge krav til sjølvstende, ansvarskjensle og initiativ.
Stillingane passar for deg som har eit sterkt fagleg engasjement og interesse for å drive med rettleiing, rådgjeving og informasjonsarbeid m.m. Du må vere budd på å handtere eit breitt spekter av oppgåver innanfor alle fagavdelinga sine arbeidsområde. Avhengig av kvalifikasjonane dine kan det også vere aktuelt at du bidreg i UNEs rettssaksarbeid. Arbeidsoppgåvene kan bli endra i samsvar med avdelinga og UNEs behov.
Vi ønskjer at alle som jobbar i UNE, identifiserer seg med verdiane våre: pålitelegheit, openheit og respekt.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling av generelle saker, utgreiing og analyse
- Bistand til saksbehandlarar og nemndleiarar i einskildsaker
- Informasjonsarbeid, rettleiing og opplæring
- Rapportering
- Vidareutvikling av saksbehandlingsrutinar
- Andre oppgåver må reknast med
Kvalifikasjonskrav
- Cand.jur./master i rettsvitskap med gode resultat
- Svært gode kommunikasjonsevner
- Erfaring med saksbehandling og gjerne utgreiingsarbeid frå utlendingsforvaltninga
- Gode kunnskapar om utlendingsrett og internasjonale menneskerettar
- God kjennskap til utlendingsforvaltninga
- God munnleg og skriftleg språkføring på norsk og engelsk
- Det er ein fordel om du har kjennskap til rettssaksarbeid og domstolane si vurdering av forvaltningsvedtak
- Det er ein fordel om du har erfaring med å halde kurs og foredrag
- Det er ein fordel om du har kjennskap til anna internasjonalt regelverk på feltet
Personlege eigenskapar
- Analytisk med gode evner til å løyse kompliserte faglege spørsmål
- Stor arbeidskapasitet
- Evne til å levere faglege produkt av høg kvalitet innan tidvis korte fristar
- Initiativrik og sjølvstendig
- Evne til å prioritere og skilje vesentleg frå uvesentleg
- Gode samarbeidsevner
- God på formidling og kunnskapsdeling
Vi tilbyr
- Jobb i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- Eit engasjert og kompetent fagmiljø
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Godt tilrettelagt arbeidsmiljø
- Moglegheit for fleksibelt arbeidsstad
- Fleksitid og andre statlege velferdsordningar
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar gjennom Statens pensjonskasse
- Lønnsvilkår: Stillinga lønnast som rådgivar/seniorrådgivar (kr 600 000–850 000) avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
UNE ser mangfald som ein styrke
Vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse og bakgrunn for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, alder eller «hol i CV». Vi ønskjer deg velkomen til oss og vil leggje til rette for deg dersom du har behov for det.
Kontaktperson
Øyvind Havnevik, einingsleiar, tlf. 95982395
Søk stillinga
Søknad sendast via Jobbnorge, som er vårt administrasjonssystem for rekruttering. Vitnemål, karakterutskrifter og attestar må leggjast ved saman med søknaden innan søknadsfristen.
Vitnemål kan lastast ned frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no). I så fall må dokumentasjon frå NOKUT eller hkdir leggjast ved saman med søknaden.
Søkjarar med funksjonsnedsetjing, «hol i CV-en» eller innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å krysse av i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
I samsvar med offentleglova kan namnet til søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Vedkommande vil i så fall bli varsla.