Noregs domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren.
Som dommar får du arbeide med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar, bidra til konfliktløysing mellom menneske og ta avgjerder som betyr mykje både for menneske og samfunnet. Det er ein fagleg krevjande og spennande jobb, der den enkelte skal forvalte viktige samfunnsverdiar som uavhengigheit, rettstryggleik og tillit.
Det blir ledig ein konstitusjon i seks månadar frå 1. september 2025 som tingrettsdommar ved Hardanger og Voss tingrett.
Hardanger og Voss tingrett har hovudsete på Lofthus med ubemanna rettsstader i Norheimsund, Odda og Voss. Domstolen er leia av ein domstolleiar og har to dømande årsverk og tre saksbehandlarstillingar. Du blir ein del av eit lite, tverrfagleg og engasjert fagmiljø med høg kompetanse. Domstolen dekkjer kommunane Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ullensvang, Ulvikog Voss.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere:
- å planleggje og gjennomføre saker på ein effektiv måte
- å leie rettsmøte
- å sikre at avgjerder av høg kvalitet
Kvalifikasjonskrav
- juridisk embetseksamen/cand.jur. eller master i rettsvitskap
- relevant arbeidserfaring
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- interesse for og evne til å sjå moglegheitene digitale verktøy gir for å forbetre arbeidsprosessar.
Du må vere norsk statsborgar. Dersom du blir innstilt til stillinga, må du levere utvida politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har høg fagleg kompetanse og gode analytiske evner.
- har høg integritet og evne til å opptre uavhengig av partane
- kommuniserer godt med alle partar, også med menneske i krevjande situasjonar
- arbeider sjølvstendig, og tek ansvar for vanskelege avgjerder.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med fokus på trivsel og faglegutvikling
- Eit variert saksfelt som gir brei erfaring og god utvikling som dommar
- Ein fleksibel arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende
- Tett samarbeid med kompetente og engasjerte kollegaer
Ved tilsetjing blir det tilbydd årsløn som for tida er kr 1 421 600.
Mangfald i domstolane
Det er viktig at tilsette i domstolane speglar mangfaldet i samfunnet. Vi ønskjer difor å rekruttere dommarar med ulik bakgrunn og erfaring, inkludert fleirkulturell bakgrunn. Det styrkjer oss i møtet med eit samansett samfunn og gir betre avgjerder.
Vi legg til rette for ulike behov og oppmodar særleg kvalifiserte søkjarar frå underrepresenterte grupper om å søkje. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Om Noregs domstolar
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 54 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar.
Som samfunnets viktigaste konfliktløysar er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri samfunnets krav og forventningar.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfallet. Hos oss kan kvar og ein få saka si avgjort, setje strek og gå vidare.
Med rolla vårfølgjer eitstort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverkaav styresmaktereller press fråandre hald.
Spørsmål om stillingen
- Anne Østberg Vikøren
Sorenskriver
E-post: [email protected]