Norges domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren samfunnet.
Som dommar får du arbeide med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar, bidra til konfliktløysing mellom menneske og ta avgjerder som betyr mykje både for menneske og for samfunnet. Det er ein fagleg krevjande og spennande jobb, der den enkelte skal forvalte viktige samfunnsverdiar som uavhengigheit, rettstryggleik og tillit.
Det blir ledig stilling som tingrettsdommar ved Haugaland og Sunnhordland tingrett, ved rettsstaden Haugesund. Sjølv om rettstaden for stillinga er Haugesund må du rekna med å ta del i saksfordelinga på rettstaden Leirvik, som tilhøyrer same tingrett. Dersom du ønskjer det kan det avtalast stor grad av deltaking i saksfordelinga på Leirvik og disponering av kontorplass der. Tiltreding etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er
- å planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
- å leie rettsmøte og rettsmeklingar
- å sikre at avgjerda får god kvalitet
- å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar
Kven er du?
For å bli tingrettsdommar må du ha følgjende kompetanse:
- juridisk embetseksamen/cand.jur. eller master i rettsvitskap
- relevant arbeidserfaring
- brei yrkes- og livserfaring, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og i møte med menneske
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit språk alle kan forstå
- evna til å sjå moglegheitene digitale verktøy gjev for å effektivisere arbeidsprosessar
Du må vere norsk statsborgar. Det krevst uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.
Personlege eigeskapar
Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av desse eigenskapane:
- Du har høg fagleg kompetanse og gode analytiske evner
- Du må ha høgpersonleg integritet og kunne opptre uavhengig av partane–det er nødvendig for å skape den nødvendige tilliten
- Du må kunne kommunisere godt med alle partar, blant anna menneske i sårbare situasjonar - livserfaring kjem difor godt med
- Du må kunne jobbesjølvstendigog ta vanskelegeavgjerder
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna forembetet.
Vi tilbyr
- stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø
- kompetanseprogram for dommarar
- høve til éin månads studiepermisjon kvart fjerde år
- faglege samlingar og samarbeid med andre domstolar
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
Ved tilsetjing tilbyr vi årsløn som for tida er kr. 1 483 700,-.
Mangfald i Norges domstolar
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar som har fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Generelle føresegner
Den som blir utnemnd må, utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjorde i rettskrinsane og i organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.
Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysninger. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.
Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler.
Generell informasjon til søkjarane finst på http://www.domstol.no/innstillingsradet.
Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast elektronisk via lenkje på denne sida: «Søk her». Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga.
Om oss
Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigastekonfliktløysareni samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.
Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.
Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.
Haugaland og Sunnhordland tingrett har rettsstader i Haugesund og på Leirvik. Domstolen er leidd av ein domstolleiar og har i tillegg ein nestleiar, ein administrasjonssjef, åtte dommarar, tre dommarfullmektigar og 16 saksbehandlarar. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Domstolen omfattar kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Tysvær, Utsira, Vindafjord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Spørsmål om stillinga
- Unni Sandbukt
Leder, Innstillingsrådet for dommere
Telefon: +47 91 10 55 53
E-post: [email protected] - Frank Schmidt
Sorenskriver
Telefon: +47 52 70 14 61
E-post: [email protected]