Embete som tingrettsdommar ved Vestre Innlandet tingrett

Interessert i eit viktig samfunnsoppdrag med fagleg breidd og stor variasjon?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2025-04-27

Noregs domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren i samfunnet. 

Som dommar får du arbeide med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar, bidra til konfliktløysing mellom menneske og ta avgjerder som betyr mykje både for menneske og for samfunnet. Det er ein fagleg krevjande og spennande jobb, der den enkelte skal forvalte viktige samfunnsverdiar som uavhengigheit, rettstryggleik og tillit.

Det blir ledig  éi stilling som tingrettsdommar ved Veste Innlandet tingrett, ved rettsstaden Vågåmo. Tiltreding etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er

  • å planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
  • å leie rettsmøte og rettsmeklingar
  • å sikre at avgjerda får god kvalitet
  • å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

Kven er du?

For å bli tingrettsdommar må du ha følgjande kompetanse: 

  • juridisk embetseksamen / cand.jur. eller master i rettsvitskap 
  • relevant arbeidserfaring 
  • brei yrkes- og livserfaring, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og i møte med menneske
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig, med eit språk alle kan forstå 
  • evna til å sjå moglegheitene digitale verktøy gjev for å effektivisere arbeidsprosessar 

Du må vere norsk statsborgar. Det krevst utvida politiattest dersom du blir innstilt.

Personlige eigenskapar

Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av desse eigenskapane:

  • Du har høg fagleg kompetanse og gode analytiske evner.
  • Du må ha høg personleg integritet og kunne opptre uavhengig av partane - det er nødvendig for å skape den nødvendige tilliten.
  • Du må kunne kommunisere godt med alle partar, blant anna menneske i sårbare situasjonar - livserfaring kjem difor godt med. 
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og ta vanskelege avgjerder.

Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet. 

Vi tilbyr

  • stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø
  • kompetanseprogram for dommarar
  • høve til éin månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • faglege samlingar og samarbeid med andre domstolar
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Ved tilsetjing tilbyr vi lønn for stilling som tingrettsdommar er for tida kr. 1 421 600,-. Frå løna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

Om oss

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 51 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere våre avgjerder, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.

Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.

Vestre Innlandet tingrett er en fullfagleg domstol i førsteinstans, med rettsstader per i dag på Fagernes, Gjøvik, Lillehammer og Vågå. Sakene blir behandla ved dei rettsstadene dei geografisk høyrer til. Det må påreknast å gjære teneste på alle rettsstadene i rettskretsen. Domstolen har 12 dømmande årsverk og en samla bemanning på 31 medarbeidarar. 

Stortinget vedtok våren 2024 strukturendring av Vestre Innlandet tingrett. Det fører til at rettsstadane Lillehammer og Vågåmo blir overført til den nye domstolen Gudbrandsdal tingrett frå 10. juni 2025.

Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. Rettskrinsen utgjer per idag kommunane Dovre, Etnedal, Gausdal, Gjøvik, Gran, Lesja, Lillehammer, Lom, Nord-Fron, Nord-Aurdal, Nordre Land, Ringebu, Sel, Skjåk, Søndre Land, Sør-Aurdal, Sør-Fron, Vestre Slidre, Vestre Toten, Vang, Vågå, Østre Toten, Øyer og Øystre Slidre.

Har du spørmål om dommerstillinga i Vågåmo, kan påtroppande sorenskrivar for nye Gudbrandsdal tingrett, kst. tingrettsdommar Cathrine Fossen kontaktast på telefon 61 02 29 15.

Mangfald i Noregs domstolar

Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar som har fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.

Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.

Generelle føresegner

Den som blir utnemnd må, utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjorde i rettskrinsane og i organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du òg generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for høvet til å bli unnateken frå denne. Etter søknadsfristen har gåtyt ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler.

Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet. Vi viser spesielt til Innstillingsrådets Praksisnotat, kap. 6,”Lederkompetanser”.

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida: ”Søk her". Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillingsutlysinga.

Spørsmål om stillinga

  • Ingjerd Thune
    Sorenskrivar, Vestre Innlandet tingrett
    Telefon: +47 61 02 02 10
    E-post: [email protected]
  • Unni Sandbukt
    Leder, Innstillingsrådet for dommere
    Telefon: +47 91 10 55 53
    E-post: [email protected]
  • Solveig Moen
    Avdelingsdirektør, Domstoladministrasjonen
    Telefon: +47 40 41 44 14
    E-post: [email protected]