Etter folketrygdlova § 8-9 er det eit vilkår for retten til sjukepengar at vedkomande oppheld seg i Noreg. Det heiter vidare:

Etter søknad kan et medlem også ellers få sykepenger i en begrenset periode under opphold i utlandet. Han eller hun må godtgjøre at utenlandsoppholdet ikke vil forverre helsetilstanden, forlenge arbeidsuførheten eller hindre Arbeids- og velferdsetatens kontroll og oppfølging.

Etter folketrygdlova § 11-3 er det eit vilkår også for retten til arbeidsavklaringspengar at vedkomande oppheld seg i Noreg. Vilkåret har eit tilsvarande tillegg som for sjukepengane.

Trygdeforordningane

Det er to forordningar om sosiale sikringsordningar som går inn under EØS-avtalen. Den sentrale er grunnforordninga, forordning (EF) 883/2004 af 29. april 2004 om koordinering af de sociale sikringsordninger. Artikkel 21 (1) gir rett til å få utbetalt kontantytingar for den som «er bosat i eller opholder sig i en anden medlemsstat». Det er same regelen for den som er på ein dagstur eller eit ferieopphald, som for den som flyttar til ein annan EØS-stat. Artikkel 21 står i eit kapittel som berre gjeld ytingar «ved sygdom og moderskab og dermed ligestillede ydelser ved faderskab». Etter grunnforordninga artikkel 3 (1) bokstav a) er ytingar ved sjukdom omfatta av forordninga. Den norske regjeringa har kvart år gitt erklæring om at også arbeidsavklaringspengar er ytingar ved sjukdom. Dette er eit politisk val, som ikkje er udiskutabelt, men som må leggast til grunn for behandlinga av sakene som no er til vurdering.

Gjennomføringsforordninga, forordning (EF)987/2009, inneheld to artiklar av særleg interesse for trygdesaka. Først og fremst er det artikkel 27 om sjukmelding av lege i opphaldslandet, og om oppfølging av den trygda der. Dernest er det artikkel 87 om kontroll av utanlandske sjukmeldingar.

Eg skal sjå på to saker om litt ulike sider ved forordningane; ei frå Tyskland og ei frå Danmark:

Sak for Bundessozialgericht (den tyske høgsteretten for sosiale saker)

Bundessozialgericht gav 4. juni 2019 dom om forståinga av trygdeforordningane (sak B 3 KR 23/18). Ein mann var sjukmeldt frå 28. juli  til 29. september. Den 2. september melde han frå til sjukekassa at han tenkte å reise med bil på ferie til Danmark frå 8. til 12. september, og at han ikkje hadde behandlingar desse dagane. Legen til mannen gav ei erklæring om at dette var medisinsk forsvarleg, og at det ikkje kom i vegen for behandlinga. Sjukekassa motsette seg likevel  reisa, særleg fordi ei slik reise etter deira syn ville kunne føre til auka skade og med det større kostnader for sjukekassa.

Etter tysk rett var det ingen rett til ytingar så lenge den forsikra var i utlandet, sjølv om ein vart sjuk under eit mellombels opphald, med mindre anna var fastsett. Dette siste viste mellom anna til overnasjonal rett.

Mannen reiste til Danmark slik han hadde søkt om, og det vart tvist om utbetaling for desse dagane. Domstolen kom til at sjukekassa må betale i saka i medhald av grunnforordninga artikkel 21, som er ein spesialregel om eksport av kontantytingar i tilfelle sjukdom. Domstolen la til grunn at denne spesialregelen må gå framom den generelle regelen om eksport av kontantstønad i artikkel 7.

Bundessozialgericht seier deretter at spørsmålet om plikta til å sende søknad om trygd ved opphald i utlandet, ikkje oppstod i saka fordi den trygda her hadde sendt slik søknad. Retten ville likevel sjå på spørsmålet av omsyn til rettstryggleiken. Det blir gjort med grunnlag berre i EU-forordningane.

Domstolen la til grunn at forordningane inneheld eit godkjenningskrav.  Sjukekassa må dels kunne føre tilsyn med at den trygda oppfyller pliktene sine ved opphald i utlandet, jf. artikkel 21 (1) i grunnforordninga og artikkel 27 (4) i gjennomføringsforordninga.  Sjukekassa må også i samsvar med artikkel 27 kunne undersøke om det er indikasjonar på svindel eller på misbruk av ytingane. Sjukekassa kan ikkje avgjere godkjenningsspørsmålet ved eit breitt skjønn, men må ta avgjerda på grunnlag av dei føringane som ligg i fellesskapsretten.

Bundessozialgericht vurderte deretter det konkrete kravet opp mot forordningane. Det var i denne saka ikkje noko som stod i vegen for samtykke. Vedkomande hadde søkt, og underinstansen hadde rettskraftig avgjort at dei konkrete innvendingane frå sjukekassa ikkje førte fram. Anken frå sjukekassa vart dermed forkasta.

Ei oppsummering av dommen kan vere:

  • Sjukepengar kan eksporterast, jf. grunnforordninga artikkel 21 (1) som går framom artikkel 7.
  • Ved eksport kan ein stat med grunnlag i forordningane krevje at vedkomande må oppfylle pliktene sine etter nasjonal rett.
  • Forordningane gir heimel for at det må søkast, eller i det minste meldast frå, om opphald til trygdekassa.
  • Trygdekassa kan etter forordningane berre avslå søknaden av omsyn som er relevante etter reglane i forordningane eller etter reglar som er heimla i desse.

Dommar ved Sozialgericht i Karslruhe, dr. Anna Nusser, skriv i Neue Zeitschrift für Sozialrecht, hefte 1/2020, at ei vanleg oppfatninga i teorien fram til dommen hadde vore at avgjerda måtte takast ved eit breitt skjønn.

Prinsippvedtak frå den danske Ankestyrelsen

Den danske lov om sygedagpenge er sist oppdatert 26. januar 2019. Etter § 3 (1) er det eit vilkår for retten til sjukedagpengar at personen har lovleg opphald i landet. I § 3 (2) er det fastsett visse unntak for situasjonar der utbetaling likevel kan skje ved opphald i utlandet. Forholdet til EU-retten blir regulert i § 3 (3). Tilvisinga er til EF-forordning 1408/71, som no er avløyst av forordning 883/2004. Ordlyden på § 3 (3) er slik:

Personer, der efter EF-forordning nr. 1408/71 om anvendelse af de sociale sikringsordninger på arbejdstagere, selvstændige erhvervsdrivende og deres familiemedlemmer, der flytter inden for Fællesskabet (herefter betegnet EF-forordning nr. 1408/71), er omfattet af dansk lovgivning om social sikring, har ret til sygedagpenge, selv om de ikke har ophold her i landet, uanset om betingelserne i stk. 2 er opfyldt.

Slik synest ordninga å ha vore praktisert fram til Ankestyrelsen (som er eit administrativt prøvingsorgan) endra praksis 8. september 2016 (vedtak 58/16). Dette har ikkje ført til endring av lova. I samandraget av vedtaket heiter det mellom anna:

En borger, der flytter til et andet EU-land eller midlertidigt opholder sig i et andet EU-land, og som efter EU-reglerne er omfattet af de danske regler om social sikring, har ret til sygedagpenge, selvom borger ikke har ophold i Danmark.

Der er ikke ret til sygedagpenge under ferie, uanset om ferien er i ind- eller udland. Under ferien opfylder borger ikke betingelsen om at være uarbejdsdygtig i sygedagpengelovens forstand.

Ein av partane i saka hadde opphalde seg i Hellas i sjukmeldingsperioden, og vart nekta dekning fordi opphaldet hadde karakter av ferie:

Vi bemærker, at du under et ophold i et andet EU/EØS-land fortsat skal opfylde sygedagpengelovens øvrige betingelser for at bevare retten til udbetaling af sygedagpenge fra Danmark, herunder betingelsen om uarbejdsdygtighed. Da perioder med ferie anses som en midlertidig raskmelding [friskmelding], opfylder du ikke betingelsen om at være uarbejdsdygtig i sygedagpengelovens forstand under dit ophold i Grækenland.

Ei oppsummering av den danske ordninga kan vere:

  1. Kravet om godkjenning/varsel står ved lag.
  2. Frå 2016 er opphald i anna EØS-stat med og utan flytting likestilt.
  3. Danmark har i høg grad utnytta det handlingsrommet som ligg i forordningane.

Nokre refleksjonar

Verken EU-domstolen eller EFTA-domstolen har så langt uttala seg om spørsmålet. Det eg her har vist til frå Tyskland og Danmark, har derfor særleg interesse. Det gjeld tre ulike sider ved saka:

For det første kastar det lys over bakgrunnen for den aktuelle tolkinga av artikkel 21. Ser vi på den danske lova, peikar den klart i retning av ei feil forståing hos lovgivaren, ved at er det bygd på grunnforordninga artikkel 7, og ikkje på artikkel 21. Mykje kan etter mitt syn tale for at det var ein slik tankegang også i Noreg. Lovgivaren gjorde i alle fall ikkje noko for å hindre denne misforståinga. Den tyske dommen avklarar at artikkel 21 går framom, som spesialregel.

For det andre er spørsmål om det er eit krav til samtykke. Om krav til søknad eller varsel blir sett opp som vilkår for å ta med kontantytingar ved sjukdom, vil dei som har sendt slikt, fått avslag og likevel reist til utlandet, kunne stå sterkt ved ei ny behandling. Motsett vil dei som ikkje på nokon måte har gjort sjukekassa kjend med at dei drog til utlandet i ein periode med sjukmelding eller arbeidsavklaringspengar, kunne stå svakare.

For det tredje er det spørsmål om innhaldet i prøvinga. Eg nøyer meg her å vise til standpunktet i dommen frå Bundessozialgericht.

Eg reknar med at ein del straffesaker blir tillatne gjenopna. Når spørsmål er løfta fram, må dei norske domstolane prøve desse fullt ut. Særleg den tyske dommen viser at det her er spørsmål som bør leggast fram for EFTA-domstolen før norske domstolar behandlar sakene på ny. Om det kan stillast slikt krav om søknad/varsling, bør leggast fram for EFTA-domstolen. Det same bør nok også spørsmåla om verknadene av forsømt varsling, og om prøvingskompetansen i slike saker.

Oppsummert

1) Den tyske høgsteretten for sosiale saker forstår i dom frå 2019 trygdeforordningane slik at det må søkast for å kunne ta med sjuketrygda ved opphald i utlandet. Det er snevre rammer for når ei sjukekasse kan nekte slik godkjenning.

2) Danmark forstod fram til 2016 forordningane på linje med det som vart gjort i Noreg fram til i fjor. Lova inneheld stadig eit krav om godkjenning.

3) Domstolane vil ved gjenopning av straffesaker ha rett og plikt til å ta stilling til om det etter forordningane kan stillast opp krav om godkjenning. Dei bør spørje EFTA-domstolen om dette.

Kronikken er oppdatert med en mer utfyllende gjengivelse av den tyske dommen.