Fauchald og Schøning går langt i å «sakshandsame» forureiningsløyve til Nordic Mining AS i sitt innlegg i Rett24. Dei hevdar at unntaksføresegna i vassforskrifta berre kan nyttast for nye aktivitetar der tilstanden går frå «svært god» til «god» miljøtilstand. Det dei ikkje nemner er at forskrifta og vassdirektivet og har ei anna føresegn for vurdering av løyve for nye aktivitetar.  

Kvifor hoppe over den eine unntaksheimelen?

Vassdirektivet er komplekst, men har innebygde system for på nærare bestemte vilkår både å kunne tillate nye aktivitetar, og for at eksisterande verksemder skal kunne halde fram. Etter det som må reknast som den alminnelege unntaksføresegna for nye løyve til aktivitetar (vassforskrifta er § 12 første ledd bokstav a Vannforskriften - Lovdata Pro), som Fauchald og Schøning ikkje eingong nemner, så kan ein søkje om løyve uavhengig av fastsett miljømål og gjeldande status i vassførekomsten. Det er også denne føresegna som var grunnlaget da løyvet opphavleg vart gitt 2015-06-05-Miljodepartementets-tillatelse-til-gruvevirksomhet-i-Engebofjellet.pdf)

Skal ein gi unntak frå måla i direktivet på dette grunnlaget må det vere fordi ein tek utgangspunkt i at det å legge gruveavfallet på fjordbotnen kan reknast som ei endring i dei fysiske eigenskapane til vassførekomsten. Dette er ei vurdering forvaltninga må gjere. Bruk av unntaksføresegna til å tillate direkte forureining, er som Fauchald og Schøning også korrekt peikar på, uansett ikkje tillate.

Poenget er at ein, med ei føre var-tilnærming, må vurdere kva verknader det fysiske inngrepet vil ha i vassførekomsten, og om dette er noko som kan vurderast etter føresegna. Kjernen i vurderinga er kva verknader det fysiske tiltaket vil ha for dei biologiske kvalitetselementa i vassførekomsten. For å gjere den konkrete vurderinga, må ein naturleg nok ha innsikt både i miljøstatus og påverknader. Om ein finn føresegna relevant, må så alle øvrige vilkår for å gi løyve sjølvsagt også vere oppfylt, sjå mitt innlegg Dumpinga i Førdefjorden kan framleis bli godkjend.

Vassdirektivet i mineralsaker

Våren 2026 kom også EU med ein ny rettleiar, 938dd856-abc1-438a-bd08-d225803f9d46_en for å støtte ei meir einsarta bruk av vassdirektivet i mineralsaker, og for å syne kva fleksibilitet som allereie finns i direktivet. Formålet var altså særleg retta mot tiltak som er naudsynte for å gjere Europa mindre avhengig av import av kritiske råvarer. Her peikar EU til dømes på at indirekte forureining kan vere tillate etter desse reglane, og det blir understreka at miljøvurderinga eller verknadsvurderinga om ein vil, skal skje av den samla vassførekomsten. Ikkje minst har EU nyleg vedteke nye unntaksføresegner for visse midlertidige miljøsvekkingar, på mindre strenge vilkår enn dei reglane vi har i dag Europa-Parlamentets og Rådets direktiv (EU) 2026/805 af 30. marts 2026 om ændring af direktiv 2000/60/EF om fastlæggelse af en ramme for Fællesskabets vandpolitiske foranstaltninger, direktiv 2006/118/EF om beskyttelse af grundvandet mod forurening og forringelse og direktiv 2008/105/EF om miljøkvalitetskrav inden for vandpolitikken (EØS-relevant tekst).

Målet mitt er ikkje å argumentere for at verksemda skal få løyve, men å opplyse debatten om kva fleksibilitet som finnes i regelverket i møte med ny næringsverksemd. Ein fleksibilitet som blir sterkt underspela av Fauchald og Schøning.