Regjeringa varsla nyleg at ei komande stortingsmelding vil drøfte strammare regulering av datasenteretableringar. Initiativet kjem i kjølvatnet av politiske rop om meir politisk kontroll med slike etableringar. Det sitjande regjeringspartiet har sjølv gjort landsstyrevedtak om at dei vil «[r]egulere datasenterindustrien gjennom […] kriterier for etablering» og arbeide for at «datasentre som etableres i Norge bidrar til størst mulig verdiskaping i Norge». «Etablering av datasentre må i større grad bidra til norske leverandørmiljøer, kompetanse, arbeidsplasser og ny næringsaktivitet», heiter det også i Arbeidarpartiet sitt landsstyrevedtak. Fleire andre parti har uttalt seg i liknande eller endå meir bastante ordelag. Til dømes har Raudt tidlegare kravd «umiddelbar etableringsstopp for datasentre inntil et strengt konsesjonssystem er på plass», og i den samanhengen uffa seg over at profitten forsvinn til «utenlandsk storkapital». I dag flagga Sp same standpunkt og problematikken vart heftig diskutert i Politisk kvarter.  Statskanalen formidla dessutan at lokalpolitikarar ynskjer seg meir statleg kontroll over datasenteretableringar.

Diverre, eller kanskje heldigvis, er det ikkje så fritt fram for politisk regulering av datasenteretableringar som visse politikarar tilsynelatande kunne ynskje seg. EØS-retten legg rammer for det politiske handlingsrommet. Nokre datasenterrelaterte politiske ynskjemål kan realiserast, andre ikkje.

Aktuelle EØS-rettslege reglar tillét ikkje at restriksjonar på etablering, tilslutnad til elektrisitetsnett og tilgang til nettkapasitet, har si grunngjeving i ynskjemål om å favorisere verdiskaping i Noreg, norsk eigarskap, eksisterande norsk industri, norske leverandørar eller arbeidsplassar. Eventuelle politiske ynskje om å sikre at (endå) meir verdiskaping vert att i Noreg må realiserast gjennom (ytterlegare) direkte skattlegging eller særavgifter (elektrisitetskjøparar betalar allereie elektrisitetsavgift). I så fall må slike åtgjerder utformast slik at dei går klar av EØS-statsstøtteretten sitt selektivitetsvilkår, noko dagens Sp-framlegg om høgare el-avgiftssats for datasenter kanskje vil møte utfordringar med.

Derimot tillét aktuell EØS-rett at det eventuelt vert innført konsesjonskrav eller former for prioriterings- eller kø-reglar for nett-tilslutnad eller nettkapasitet, dersom reguleringane genuint er tufta på legitime samfunnsomsyn som til dømes nasjonal trygging og beredskap, forsyningstryggleik for samfunnskritiske funksjonar, miljø- og distriktspolitiske omsyn, planpolitiske målsetnadar knytt til arealutnytting mm. Men heller ikkje slike reguleringar kan gå lenger enn naudsynt. Dersom tilpassingar i registreringsordninga for datasenteroperatørar Noreg allereie har på plass er tilstrekkeleg for å vareta slike legitime samfunnsomsyn, vil ei konsesjonsordning vere uproporsjonal og dermed EØS-rettsstridig. Og dersom eksistensen av ei konsesjonsordning kan rettferdiggjerast, krev EØS-retten at ho skal utformast slik at løyvetildelingar skal vere basert på føreseielege, objektive, ikkje-diskriminerande vilkår som effektivt eliminerer forvaltinga sitt rom for vilkårleg skjønsutøving.

Grovt sagt stiller EØS-retten tilsvarande krav til eventuell offentleg regulering av datasenter sin tilslutnad til elektrisitetsnettet og tilgang til kapasiteten der. Bruksformålet med nett-tilslutnaden/kapasitetsutnyttinga kan kanskje tene som objektivt og akseptabelt prioriteringsgrunnlag, ikkje overordna og samansette bransjekategoriar som til dømes «datasenter».  Datasentertenesteleveransar kan tene mange ulike bruksformål som dermed vil måtte vurderast heilt ulikt i ein slik tenkt prioriteringsmodell.

Direkteetableringar frå utanfor EU/EØS har ein i prinsippet større handlingsrom andsynes. Men dersom desse etablerer seg i Noreg via døtrer av EU-/EØS-etablerte selskap, vil utgangspunktet vere at også sistnemnde kategori nyt godt av EØS-retten sitt vern. At desse er indirekte kontrollert av eigarar utanfor EU/EØS, gjev likevel litt større rom for rettferdiggjering av tryggingspolitisk-motiverte reguleringar, typisk via noverande og det varsla nye EU-tilpassa norske regelverket for utanlandske direkteinnvesteringar («FDI»).

Med andre og færre ord: EØS-retten gjev rom for regulering av datasenteretableringar og energiforvaltingsspørsmåla desse reiser, men som (nesten) alltid stiller EØS-retten krav til reguleringane sitt innhald og rekkevidde. EØS-retten står i vegen for proteksjonistisk-motiverte reguleringar, men opnar for tilpassing og vidareutvikling av dei legitime samfunnsomsyna eksisterande plan-, miljø-, energi- og ekom-lovgiving allereie varetek relatert til datasenteretableringar. Innanfor ovannemnde EØS-rettslege spelereglar, stiller dessutan EØS-retten seg nøytral til om det offentlege i større grad går inn som eigar på aktuelle nivå i datasenterverdikjeda, slik Sauda-ordføraren verkar å ta til orde for i dagens NRK-sak.

SANDS Advokatfirma AS har oppdrag i samband med etablering av datasenter. Men denne artikkelen er korkje initiert eller finansiert av nokon av våre klientar. Synspunkta som kjem til uttrykk er våre eigne.