Stortingets lovfesting av klart språk kan ikkje brukast som argument mot nynorsk.

I desse dagar er den nye språklova til handsaming i Stortinget. Der kjem dei til å lovfeste at «offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa oppgåva». Det er bra. Eit krav om klart språk i offentlege tekstar og dokument er viktig for at alle skal kunne lese og forstå tekstane som vedkjem dei. Det er heilt avgjerande for ei demokratisk ålmente.

Stortinget bør likevel sikre seg mot at dette blir ein trojansk hest inn i norsk språkpolitikk, og at det i neste omgang kan brukast av dei som meiner klart språk står i motstrid til tekstar på nynorsk.

Noregs Mållag har i fleire Norske Offentlege Utgreiingar (NOU) sett slik argumentasjon. Opplæringslovutvalet problematiserte nynorskbruk i sin NOU 2019:23 Ny opplæringslov, og no gjer utvalet som har kome med NOU 2020:14 Ny barnelov. Til barnets beste det same. Dei skriv at «utvalget mener imidlertid at det ikke kan legges for mye vekt på hensynet til utvikling og bevaring av nynorsk som språkform i spørsmålet om lovspråk» (s. 70).

Målet frå St.meld. nr. 35 (2007-2008) Mål og meining om at minst 25 prosent av lovverket rekna i tekstmengde skal vere på nynorsk, er ikkje nådd. Kulturdepartementet viste i 2012 til at om lag 15 prosent av alle gjeldande lover er på nynorsk. I tekstmengde utgjer desse i underkant av 10 prosent. Språkrådet melder om at fleire lovutval som reviderer viktige lover på nynorsk, skiftar til bokmål. Dette er svært uheldig. Nynorsk er eit direkte og tydeleg språk som høver minst like godt i lovtekstar som bokmålet.

Heldigvis landa både opplæringslovutvalet og barnelovutvalet på nynorsk lovtekst, men om fleire opnar for at lovtekstar skal vere heva over offentleg målpolitikk, er vi på feil veg. Fordommar mot nynorsk kan ikkje få gjennomsyre utviklinga av norske lovtekstar. Sjølv om kanskje professorar, førsteamuensisar og bibliotekstilsette ved Universitetet i Oslo slit med nynorsken, skal vi tru denne studenten så er ikkje det tilfelle for ålmenta. Opplæringslovutvalet gjorde testar på sine lovtekstar og skriv «I brukertesten gjennomført av NTB Arkitekst på deler av utvalgets forslag, opplevde ikke informantene at det nynorske språket var et problem for forståelsen».

Når Stortinget i løpet av februar og mars vedtek ny språklov, bør dei i same slengen sikre at nynorske lover ved revidering framleis skal vere på nynorsk og slå fast ein gong for alle at kravet om klart språk og målsetnaden om å styrkje og fremje nynorsk ikkje står i motstrid til kvarandre.