I gjesteleiaren «Lagmannsretten ain’t broken. Don’t fix it!» i Lov og Rett nr. 5/2025 argumenterte vi mot framlegget frå Justisdepartementet om å byte ut nemningane «lagmannsrett» og «lagmann» med «lagrett» og ulike variantar av «lagrettsleiar» som ledd i arbeidet for å gjere titlar og nemningar i staten kjønnsnøytrale. Vi står ved det vi har sagt i gjesteleiaren. Nemningane bør få leve vidare som språklege kulturminne – som gode unntak frå hovudregelen om kjønnsnøytrale nemningar.  

Viktigast for oss er det å unngå at andreinstansdomstolane blir heitande «lagrett», og å unngå at «lagmannen» går ut av tida. Når det gjeld «lagmannsretten», er det rom for meir nyansering.

Kva er gale med «lagretten»?

Framlegget om å erstatte «lagmannsrett» med «lagrett» er i røynda to framlegg: 1) å kalle domstolane for «lagrett» og 2) å avskaffe nemninga «lagmannsrett». Begge framlegga er dårlege, men framlegg nr. 1 er likevel langt dårlegare enn framlegg nr. 2.

I høyringsnotatet frå 8. mai 2025 har Justisdepartementet ein gjennomgang av historiske nemningar på ankedomstolane i Noreg. Vidare er det ein særskild omtale av ordet «lagrette/lagrett»:

«Etter departementet sitt syn er ‘lagrett’ den mest aktuelle nemninga på instansen mellom tingrettane og Høgsterett. Dersom ein tek i bruk nemninga ‘lagrett’ vert  namnet på denne instansen i stor grad vidareført som i dag. Fram til juryordninga  vart avvikla i 2018 var ‘lagretten’ det offisielle namnet på juryen i lagmannsretten, og vil kan hende for nokon gi assosiasjonar til dette. Historisk sett har nemningane  ‘lagrett’, ‘lagting’ og ‘lagmannsrett’ likevel i nokon grad vorte brukt om  kvarandre, og omgrepet har i ulike formar ein svært lang tradisjon som nemning for  eller knytt til ein overordna domstol i Noreg. I allmenn språkbruk vart dessutan ‘lagrette’ i tydinga lekfolk som deltok i rettargangen ofte omtala som ‘jury’.»

Dette kan verke tilforlateleg, men resonnementet sviktar når departementet meiner at det å døype om lagmannsrettane til «lagrett», vil innebere at namnet på denne instansen i stor grad blir vidareført. Tvert imot, meiner vi: Å kalle andreinstansdomstolane «lagrett» vil innebere å gje ordet «lagrett/lagrette» ein meiningsinnhald som bryt fundamentalt med det opphavlege, nemleg at lagretta både i eldre og nyare norsk rettshistorie var nemninga på eit organ samansett av lekfolk, og ikkje på ein domstol med embetsdommarar og administrasjon.

Når Justisdepartementet konkluderer med at «det ikkje er eit tungtvegande argument mot nemninga ‘lagrett’ at ordet kan gi assosiasjonar til den tidlegare juryordninga», er vi grunnleggjande usamde i det. Det er altså prinsipielt uheldig fordi ordet får ei radikalt ny tyding, og det er praktisk uheldig fordi ein i lang tid framover vil måtte lese juridiske tekstar som omtalar den nyleg avskaffa juryordninga. At lagretta, juryen, nyleg er avskaffa, inneber ikkje at ordet etter kort tid er «ledig» på marknaden for å få ei heilt anna tyding, men som uansett vil vere tett assosiert med den gamle tydinga. Her viser Justisdepartementet svak rettshistorisk forståing.

Uansett om «lagmannsretten» får leve vidare eller ikkje, bør i alle fall ikkje «lagrett» veljast som ny nemning på andreinstansdomstolane våre.

Kva så med «lagmannsretten»?

Som påpeikt av Justisdepartementet i høyringsnotatet hadde vi alt på 1500-talet ein lagmannsrett i Noreg, før vi fekk ein moderne lagmannsrett i straffesaker i 1887.  Vi vil òg peike på det opplagde, nemleg at ordet «lagmannsrett» ikkje er ein yrkestittel eller ei personnemning. Vi er i beste fall i randsona av kjønnsnøytraliteten.

Også under førebuinga dagens straffeprosesslov var kjønnsnøytrale nemningar eit tema, og også den gongen såg Justisdepartementet det som «ønskelig at flest mulig av de kjønnsbestemte betegnelsene i prosesslovgivningen blir gjort kjønnsnøytrale», jf. Ot.prp. nr. 53 (1983–1984) side 123. Det enda med at nemningar som t.d. «lagrettemann» og «domsmann» vart erstatta med «lagrettemedlem» og «meddommar». Norsk språkråd gjorde den gongen, med ei noko anna grunngjeving enn vår, framlegg om «lagdømmerett» som nemning på andreinstansdomstolane, sjå side 123–124.

Dersom  «lagmannsrett» ikkje kan vidareførast, vil vi føreslå nettopp «lagdømmerett». Namnet er dekkjande fordi det er tale om ein domstol med nettopp eit lagdømme som rettskrins.

Og så var det «lagmennene»

«Lagmann» den eldste nemninga som Justisdepartementet føreslår å avskaffe. Her er går historia like langt attende som Noreg som eige land. Tittelen er difor strengt teke meir verneverdig enn nemninga «lagmannsrett».  Her bør altså kulturminneargumentet vege tungt.

Dersom historieløysa skal vinne fram, vil særleg den føreslåtte tittelen «fyrstelagrettsleiar» vere problematisk utover ordet «lagrett». Reint språkleg er det mogleg å tru det er tale om leiaren for fyrstelagretten. Eller for fyrstelaget?

Dersom lagmannstittelen ikkje kan vidareførast, bør ein ta utgangspunkt i tittelen «lagdommar». Er det i så fall naudsynt med tre tittelnivå for dommarar i andreinstansdomstolane, eller kan ein til dømes greie seg med «lagdommar» og «fyrstelagdommar», og så kan dei ha funksjonstitlar som «domstolleiar», «nestleiar» eller «avdelingsleiar» ved sida av sjølve dommartittelen.