Embetet som direktør i Høgsterett er ledig frå 8. januar 2026.
Om stillinga
Arbeidsoppgåvene til direktøren er krevjande og varierte. Direktøren leier Høgsteretts juridiske og administrative støtteapparat, med det overordna ansvaret for mellom anna økonomiforvaltning, organisasjonsutvikling, organisering av saksavvikling generelt og personalforvaltning. Vidare har direktøren det overordna ansvaret for Høgsteretts omfattande utoverretta verksemd, både nasjonalt og internasjonalt, og for informasjonsverksemd og tryggings- og beredskapsarbeid i Høgsterett. Det er på alle område eit tett og nært samarbeid mellom høgsterettsjustitiarius og direktøren.
Kvalifikasjonar
Juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap med gode resultat. Stillinga krev gode leiareigenskapar og relevant erfaring innanfor strategisk leiing.
I tillegg vil det vere ein fordel med:
- God kjennskap til funksjonen og rolla domstolane har i samfunnet
- Brei og god samfunnsinnsikt
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Relevant kunnskap om digitalisering og bruk av KI
Personlege eigenskapar
- Trygg og tydeleg leiar, med evne til å motivere og inspirere
- Høg grad av integritet
- Sterke samarbeidsevner og evne til å byggje tillit og gode relasjonar på tvers i eigen organisasjon og eksternt
- Utprega serviceinnstilling
- Strategisk og utviklingsorientert, med evne til å sjå heilskap og samanhengar
- God gjennomføringsevne
- Fleksibel
Det er vidare ønskjeleg med god munnleg og skriftleg framstillingsevne – både på norsk og engelsk – og med stor arbeidskapasitet og arbeidsglede.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Norsk statsborgarskap er ein føresetnad for å kunne bli tilsett i embetet. Du må kunne tryggingsklarerast for nivået Strengt Hemmeleg.
For nærare informasjon om embetet kan du ta kontakt med justitiarius Toril Marie Øie eller dommar Bergljot Webster på telefon 22 03 59 00, eller med direktør Bente Kraugerud på mobiltelefon 95 74 75 14.
Løn etter avtale og innanfor Statens leiarlønssystem.
Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle samansetjinga i befolkninga generelt – også når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde, sjølv om ein har bede om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Søkjarar vil i så fall få varsel før offentleggjering.
Spørsmål om stillinga
- Toril Marie Øie
Høgsterettsjustitiarius
Telefon: +4722035900 - Bente Kraugerud
Direktør
Telefon: +4795747514