Embete som jordskiftedommar ved Vestre Innlandet jordskifterett

Vil du løyse konfliktar om vegrett, jaktrett og eigendomsgrenser?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2025-02-16

Vil du ha ein jobb der du både får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver samtidig som du har ei viktig samfunnsrolle – nemleg å skape tillit mellom naboar og myndigheiter?

I rolla som jordskiftedommar vil du handtere saker som spenner frå naboar som treng å avklare vegrett, usemjer knytt til jaktrettar og disputtar om eigedomsgrenser. Mange av partane er sjølvprosederande, så i tillegg til jordskiftefagleg spissfinde, må du bruke mellommenneskeleg kløkt og evne å formidle jussen på ein folkeleg måte.

Ein annan svært positiv side ved denne jobben er variasjonen gjennom arbeidskvardagen – og då tenkjer vi verken på dei jordskiftefaglege problemstillingane eller partane du møter, men korleis jobben blir utført. Du kan sitje på kontoret den eine dagen og vere på synfaring den andre. Ja, du kan nyte den herlege naturen midt i arbeidstida. Og få betalt for det.

Det blir ledig eit embete som jordskiftedommar ved Vestre Innlandet jordskifterett. Tiltreding etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planleggje for gjennomføring av tildelte saker på ein effektiv måte
  • Leie rettsmøter
  • Leie rettsmeklingar
  • Skrive avgjerder i eigne saker
  • Bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

Kven er du?

Krav vi stiller for å bli jordskiftedommar er:

  • Jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå som fyller vedtatte kompetansekrav
  • Brei yrkes- og livserfaring er ønskjeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og menneska du vil møte
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig, med eit språk alle kan forstå
  • Analytiske evner kjem godt med, sakene er komplekse og krev eit trent auge
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og evne å ta vanskelege avgjerder
  • Du må vere fleksibel, med 6 dømmande årsverk blir det til at ein må trø til litt ekstra ved behov

Du må vere norsk statsborgar. Det krevst utvida politiattest dersom du blir innstilt.

Kva tilbyr vi?

Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga: 

  • Stort rom for fagleg utvikling, du vil jobbe i kjernen av utviklinga av jordskiftefaget
  • Eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • Årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod og moglegheit for éin månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • Ein heilt fabelaktig natur i nærområdet, som du kan nyte både i jobben og på fritida
  • Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Ved tilsetjing blir det tilbydd kr. 989 932,-, jf. hovudtariffavtalen. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Jordskifteretten har ei felles bilordning, og søkjaren må ha førarkort for bil.

Om oss

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 49 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Landet er delt inn i 19 jordskifterettar med ca. 230 tilsette. Les meir om jordskifterettane her: https://www.domstol.no/no/jordskifterettene/

Jordskifteretten er ein særdomstol som i hovudsak arbeider med omforming av eigedomar, organisere felles bruk av eigedomar, klargjering av rettsforhold, grenser til fast eigedom og ei rekkje skjønn.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit. Tillit mellom menneske og myndigheiter, men også mellom deg og meg. Alle skal ha tillit til og respektere våre avgjerder, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.

Med vår rolle følgjer eit stort ansvar. Våre avgjerder er uavhengige og upåverka av myndigheiter eller press frå andre miljø. Med komplekse, juridiske problemstillingar bruker vi tid på å dykke ned i jussen. Arbeidskvardagen er dessutan prega av variasjon. Éin dag er vi ute på synfaring eller fastset grenser, ein annan dag leier vi retten eller er på kontoret og skriv dom. Med andre ord trivst vi i både støvlar og sko.

Jordskifteretten er lokalisert på rettsstadane Lillehammer, Fagernes og Vågåmo. Kontorstad for stillinga vil vere ved rettsstaden Vågåmo. Dersom ein intern søkjar blir utnemnd, kan det bli eit ledig embete med anna kontorstad i rettskrinsen. Søkjarane blir derfor oppmoda til å opplyse om dommarambete ved anna kontorstad kan vere av interesse.

Det må påreknast å gjere teneste på alle rettsstadane i rettskrinsen. Domstolen har i dag til saman sju dømmande årsverk og ei samla bemanning på 18,1 årsverk.

Generelle bestemmelser

Domstolen legg vekt på breidde og mangfald i arbeidsmiljøet. Vi oppmodar derfor kvalifiserte kandidatar med relevant utdanning, bakgrunn, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss.

Vi oppmodar deg til å krysse av i søknadsportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CVen eller innvandrarbakgrunn. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på: https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.

Vi gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå informasjonen som ligg føre ved søknadsfristens utløp. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis dine ferdigheiter og erfaringar oppfyller kriteriane som er beskrive i annonsen.

Personopplysningar i søknad og CV til stillinga blir handtert i samsvar med lov om behandling av personopplysningar. Du kan lese meir om personvern på www.domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane. 

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for høvet til å bli unnateken frå denne. Etter søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler.

Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida: ”Søk her". Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillingsutlysinga.

Den som blir utnemnd må utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjort i domstolane si forretningskrins og organisering, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Spørsmål om stillinga

  • Britt Rusten
    Jordskifterettsleder
    Telefon: 61 99 15 13
    E-post: [email protected]
  • Unni Sandbukt
    Leder i Innstillingsrådet for dommere
    Telefon: 911 05 553
    E-post: [email protected]
  • Solveig Moen
    Avdelingsdirektør i Domstoladministrasjonen
    Telefon: 404 14 414
    E-post: [email protected]