Ledige åremål som faste forsvararar ved Hordaland tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2025-03-15

Det er ledig tre verv som faste forsvararar knytt til Hordaland tingrett ved rettsstad Bergen/Gulating lagmannsrett frå snarast. Vervet omfattar oppdrag for begge rettsinstansane. Det må påreknas å gjere teneste i heile rettskrinsen.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Vervet er personleg og omfattar plikt til å gå inn i turnusordninga for faste forsvararar ved Hordaland tingrett,  også i ferieperiodane og laurdagar. Vervet som fast forsvarar skjer på åremål for 6 år, med moglegheit for ny oppnemning. Det gjeld ein gjensidig frist for oppseiing av vervet på 3 månader. Den øvre aldersgrensa for faste forsvararar er 70 år. 

Vidare må den faste forsvararen (som utgangspunkt) pårekne å bli oppnemnd som prosessfullmektig i saker om pågriping og internering etter utlendingsloven, jf. utlendingsforskrifta § 17-20a sjette ledd. Vervet omfattar oppdrag for begge rettsinstansane.

I rettsmøte og hovudforhandling skal den faste forsvararen sjølv møte. Møte ved autorisert fullmektig kan berre skje etter særskilt oppnemning frå retten av fullmektigen for det enkelte rettsmøte. Dersom advokaten unnlét å følge opp sakene personleg, enten av kapasitetsgrunner eller andre årsakar, kan det føre til tap av vervet.

Det blir lagt vekt på relevant praksis, faglege kvalifikasjonar og at ein er personleg eigna. Det blir òg lagt vekt på at søkjaren har kontorstad i rettskrinsen. Mest mogleg jamvekt mellom menn og kvinner blir vektlagt.

Generelle opplysingar

Spørsmål til verva kan rettast til Hordaland tingrett ved sorenskrivar Håkon Rastum, telefon 55 69 99 10.

Send søknad med CV, vitnemål og attestar gjennom www.jobbnorge.no. Alle attestar og vitnemål må skannast og leggjast ved i eitt elektronisk vedlegg.

Søknadsfrist: 15.03.2025.

Om oss

Hordaland tingrett/rettsstad Bergen har 31 dømmande årsverk medrekna domstolleiar, og ei samla bemanning på om lag 86 årsverk. 

Dei dømmande oppgåvene til domstolen er i hovudsak å avgjera straffesaker og å løysa sivile tvistar.