Ved Sunnmøre tingrett er det ledig 1-2 konstitusjon(ar) som tingrettsdommar ved rettsstad Ålesund for 2-3 månadar med mogleg forlenging ved behov. Oppstart så snart som råd.
Konstitusjonen skal ha fast kontorstad i Ålesund, men det vil vere nødvendig med fleksibilitet i forhold til å ta saker for den andre rettsstaden.
Kvalifikasjonar
Søkarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand. jur eller master i rettsvitskap. Søkarar må vere norske statsborgarar og det er nødvendig med fullstendig politiattest for den som vert konstituert.
Det er eit vilkår at søker har erfaring som dommarfullmektig/dommar. I tillegg til erfaring vil det også bli vektlagt når ein kan starte i stillinga.
Lønn
Stillinga vert for tida løna med kroner 1 421 600. Frå dette vert vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse trekt, for tida 2%.
Spørsmål om stillinga
Dersom du har spørsmål om stillinga og domstolen, kontakt kst. sorenskrivar Ruth-Lousie Osborg, telefon 99274154.
Du kan lese meir om domstolen på nettsida vår.
Generell informasjon om domstolane finn du på www.domstol.no.
Søknad med stadfesta attestar og vitnemål skal sendast Sunnmøre tingrett, pr. e-post: [email protected]
Om oss
Sunnmøre tingrett er ein fullfagleg domstol som m.a. behandlar sivile tvistar, straffesaker, tvangs- og skiftesaker. Tingretten har rettsstadar både i Ålesund og i Volda. Rettskrinsen omfattar alle kommunane på Sunnmøre.
Tingretten vert leia av sorenskrivar, og har i tillegg 7 embetsdommarar, 2 dommerfullmektigar, administrasjonssjef og 14 sakshandsamarar. Vi legg vekt på eit godt arbeidsmiljø og eit godt og utviklingsorientert fagmiljø.