Noregs domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren i samfunnet.
Som dommar får du arbeide med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar, bidra til konfliktløysing mellom menneske og ta avgjerder som betyr mykje både for menneske og for samfunnet. Det er ein fagleg krevjande og spennande jobb, der den enkelte skal forvalte viktige samfunnsverdiar som uavhengigheit, rettstryggleik og tillit.
Det blir ledig ein konstitusjon på 12 månader, med høve til forlenging, som tingrettsdommar ved Møre og Romsdal tingrett (Sunnmøre tingrett). Stillinga vil ha konstorstad ved rettsstaden Volda. Tiltreding etter nærare avtale.
Arbeidsoppgåver
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er
- å planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
- å leie rettsmøte
- å sikre at avgjerda får god kvalitet
- å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar
Kven er du?
For å bli tingrettsdommar må du ha følgjande kompetanse:
- juridisk embetseksamen / cand.jur. eller master i rettsvitskap
- relevant arbeidserfaring
- brei yrkes- og livserfaring, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og i møte med menneske
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig, med eit språk alle kan forstå
- evna til å sjå moglegheitene digitale verktøy gjev for å effektivisere arbeidsprosessar
Du må vere norsk statsborgar. Det krevst utvida politiattest dersom du blir innstilt.
Personlige eigenskapar
Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av desse eigenskapane:
- Du har høg fagleg kompetanse og gode analytiske evner.
- Du må ha høg personleg integritet og kunne opptre uavhengig av partane - det er nødvendig for å skape den nødvendige tilliten.
- Du må kunne kommunisere godt med alle partar, blant anna menneske i sårbare situasjonar - livserfaring kjem difor godt med.
- Du må kunne jobbe sjølvstendig og ta vanskelege avgjerder.
Det vil bli lagt vekt på om du er personleg eigna for embetet.
Vi tilbyr
- stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø
- kompetanseprogram for dommarar
- faglege samlingar og samarbeid med andre domstolar
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- moderne og funksjonelle lokale
Ved tilsetjing tilbyr vi årsløn som for tida er kr 1 426 100,-.
Mangfald i Noregs domstolar
Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar som har fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.
Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.
Kontakt
- Sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset, Møre og Romsdal tingrett, tlf +47 70 33 47 02, eller [email protected]
- Leder Unni Sandbukt, Innstillingsrådet for dommere, tlg +47 91 10 55 53 eller [email protected]
- Avdelingsdirektør Solveig Moen, Domstoladministrasjonen, +47 40 41 44 14 eller [email protected]
Generelle føresegner
Gjennom den sjølvstendige stillinga og den høge faglege kvaliteten er domstolane samfunnet sin fremste konfliktløysar. Domstolane yter hjelp til vern av den einskilde sine rettar. Eit viktig mål for domstolane er å skape tillit blant folket ved forsvarleg, upartisk og effektiv dømande verksemd.
Domstolane har vesentlege utfordringar i tilpassinga til nye samfunnstilhøve og lovgjeving, samt struktur- og oppgåveendringar. Fagleg utvikling, innføring av ny teknologi og godt arbeidsmiljø vil ha stor merksemd framover.
Dommararbeidet stiller strenge krav til fagleg dugleik, personlege eigenskapar og brei yrkes- og livserfaring.
For domstolleiarane vil det verte lagt vekt på røynsle og interesse innanfor leiing og personaladministrasjon.
Ved utnemninga vil det verte lagt vekt på å spegle mangfaldet i folket med omsyn til kjønn, alder, kulturell bakgrunn og røynsle. Kvinner vert oppmoda om å søkje.