Politiadvokat / politiadvokat 2

Arbeidsgiver:
Økokrim
Søknadsfrist:
2024-08-18

Vi styrkjer innsatsen mot økonomisk kriminalitet, miljøkriminalitet, kriminelle nettverk og skattekriminalitet. Vi treng derfor to  politiadvokatar til å etterforske og føre saker for retten.

Straffesaksarbeidet skjer i tverrfaglege prosjekt med juristar og etterforskarar som har politi-, økonomi-, miljø- og datafagleg bakgrunn. Politiadvokatane i Økokrim leiar etterforsking og fører saker for retten. 

Vi er på jakt etter deg som

  • er samfunnsinteressert og følgjer med i nyheitsbiletet
  • ønskjer å koma til botn i kompliserte sakshøve
  • kan handtera og analysera mykje informasjon
  • kan skilja det viktige frå det uviktige og ser det enkle i det komplekse
  • er interessert i å setje deg inn i nye saksområde
  • trivst med å arbeide tett med andre profesjonar
  • viser initiativ
  • ikkje let deg skremma av nye utfordringar og er uthaldande

Søknader uten attester og vitnemål vil ikke bli behandlet.

Arbeidsoppgåver

  • planlegging, organisering og leiing av etterforsking
  • påtale av straffesaker
  • aktorere saker for tingrett og lagmannsrett
  • drive opplæring internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap 
  • særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • særs gode juridiske kunnskapar
  • normalt 5–8 års relevant yrkeserfaring
  • erfaring frå straffesaksarbeid er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • høy integritet
  • særs gode relasjonelle evner og kunne skape resultat i samhandling med andre
  • særs god arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre planer og oppnå resultat
  • særs gode analytiske evner
  • oppteken av å utvikle eigen og andre sin kompetanse
  • initiativrik og endringsvillig

Vi tilbyr

  • interessant arbeid med samfunnsrelevante straffesaker
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidere
  • tverrfagleg teamarbeid
  • utfordrande arbeidsoppgåver
  • sterke fagmiljø
  • samarbeid med myndigheiter i inn- og utland
  • gode høve til fagleg og personleg utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fleksibel arbeidstid
  • trening i arbeidstida
  • løn som politiadvokat 2 (stillingskode 1543), kr 840 000 - 940 000 eller politiadvokat (stillingskode 1245), kr 700 000-830 000. Høgare løn kan vurderes ved særskild kompetanse/erfaring. I tillegg får politiadvokatar i Økokrim eit mellombels tillegg for unnatak frå arbeidsmiljølova (for tida kr 40 707 pr. år)

Kontakt

Førstestatsadvokat Elisabeth Harbo-Lervik, tlf 415 55 909

Om arbeidsgivaren

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. 

Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i rekrutteringsportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Viss du oppfyller krava, skal vi kalle inn minst éin søkar til intervju. Dersom det er mogleg, vil vi legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, altså positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Merk at opplysningar om deg kan bli offentleggjorde på ei offentleg søkarliste, sjølv om du ikkje ønsker det. 

Tilsetting i politiet krev plettfri vandel, så du må hente inn uttømmande og utvida politiattest, jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.