Politifullmektig / Politiadvokat

Ønskjer du å utvikle deg som jurist, ha ein variert og spennande kvardag og aktorere straffesaker i retten?

Arbeidsgiver:
Møre og Romsdal politidistrikt
Søknadsfrist:
2026-04-07

Ønskjer du å utvikle deg som jurist, ha ein variert og spennande kvardag og aktorere straffesaker i retten? Då kan ei stilling som politifullmektig/politiadvokat hos oss vere noko for deg.

Felles eining for påtale er samansett av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar. Seksjon for påtale Nordmøre  er stadsplassert i Kristiansund.

Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og iretteføring av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom ei forsvarleg og effektiv forvalting av den samla straffesaksportefølja i distriktet. Eininga har ansvar for å sjå til at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar og andre direktiv for straffesaksarbeidet blir etterlevde, og at omsynet til objektivitet og rettstryggleik blir varetatt i alle stadium av straffesaksbehandlinga.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Arbeidsoppgåver

  • påtaleansvarleg i tildelte saker
  • handtering av eigen portefølje
  • utføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
  • utføre jourteneste etter tenesteplan
  • leie, avgrense, setje mål for og følgje opp framdrift i etterforskinga
  • sørgje for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
  • kontakt med media
  • kan av leiar påleggjast andre oppgåver

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Me ser etter deg som finn arbeidsglede i å bidra til å gjera ein forskjell gjennom arbeid med straffesaker. Som påtalejurist vil du oppleva eit krysspress då det er ein kompleks og tidvis stor portefølje med ei rekkje samarbeidsaktørar både internt og eksternt. Derfor treng me deg som også er fleksibel og kan arbeida sjølvstendig og i høgt tempo, og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Porteføljens kompleksitet og størrelse tilpasses ut frå erfaring. 

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap ved tiltreding
  • for å bli vurdert som politiadvokat er det som hovudregel krav om utvida påtalekompetanse
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med 

  • erfaring frå politi/påtalearbeid eller tilsvarande relevant juridisk arbeid

Personlege eigenskaper

For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du:

  • kan handtere stor arbeidsbelastning og høgt tempo
  • er effektiv og beslutningsdyktig
  • har evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidrar til eit godt fagleg og sosialt miljø

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, motivasjon, eignaheit i stillinga og ei hensiktsmessig sammensetjing av seksjonen.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
  • fast stilling som politifullmektig (stillingskode 0288) eller politiadvokat (stillingskode 1245)
    • politifullmektig - brutto årslønn frå kr. 610 000 til kr. 700 000 - for særskilt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
    • politiadvokat - brutto årslønn frå kr. 700 000 til kr. 900 000  - for særskilt kvalifiserte kan høgare lønn og stillingskode vurderast
  • godtgjersle etter gjeldande ATB for påtalejuristar og kompenserast for tida med 44 708 kr per år 
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • fleksibel arbeidstid
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi-og lensmannsetaten, herunder at prøvetida er seks måneder.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve for å kryssa av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. 
Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når man søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeida anonymisert statistikk som alle statlege verksemder i årsrapportane sine.

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Spørsmål om stillinga

  • Merethe Falkevik
    Fung. seksjonsleder /politiadvokat
    Telefon: +4799223493
    E-post: [email protected]
  • Guri Falck Kristensen
    Påtaleleder
    Telefon: +4799639510
    E-post: [email protected]