Saksbehandlar ved Hordaland tingrett

Vil du jobbe tett på rettssakene – og bidra til å løyse eit av samfunnets viktigaste oppdrag?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2026-04-06

Er du klar for ein jobb der ingen dag er lik, og der innsatsen din betyr noko – for enkeltmenneske, for rettstryggleiken og for samfunnet?

Som saksbehandlar i Hordaland tingrett blir du ein sentral del av den tredje statsmakta. Du får ansvar som krev presisjon, profesjonalitet og samarbeid – og du står tett på det som skjer i rettssalen.

Hordaland tingrett har ei fast 100 % stilling som saksbehandlar ledig frå hausten 2026.

Hos oss får du sjølvstendige oppgåver, tett dialog med dommarar og samarbeid med fagleg sterke og engasjerte kollegaer. 

Du er ein nøkkelperson i førebuing, gjennomføring og etterarbeid av rettssaker – og sørgjer for at sakene flyt, at partane får god informasjon og at prosessen held høg kvalitet.

Du får ei rolle som betyr noko – kvar dag.

Arbeidsoppgåver

Som saksbehandlar får du ein variert og hektisk kvardag der du blant anna skal

  • førebu, legge til rette for og etterbehandle rettssaker
  • samarbeide tett med dommarar og andre saksbehandlarar
  • kommunisere med partar, advokatar og andre fagpersonar
  • bidra til aktiv saksstyring og effektiv framdrift i sakene
  • jobbe på tvers av alle domstolane sine fagområde

Arbeidsoppgåvene vil kunne variere og endre seg i takt med verksemda sine behov.

Kven er du?

Vi ser etter deg som

  • har utdanning på bachelornivå (gjerne administrasjon, samfunnsfag eller juss)
  • lang erfaring frå relevante fagfelt kan kompensere for utdanningskravet
  • har erfaring frå saksbehandling eller liknande arbeid
  • har interesse for teknologi og digitale arbeidsprosessar
  • er trygg i digitale system og verktøy
  • kommuniserer godt både munnleg og skriftleg på norsk

Personlege eigenskapar

Vi trur du vil trivast hos oss om du

  • jobbar strukturert og sjølvstendig
  • er serviceinnstilt og tillitsvekkande
  • samarbeider godt og bidreg til positivt arbeidsmiljø
  • er presis, kvalitetsbevisst og løysingsorientert
  • trivst i eit høgt tempo med mange parallelle oppgåver
  • likar digital utvikling

Vi tilbyr

I Hordaland tingrett får du ein jobb med tydeleg samfunnsverdi – og ei rekkje gode vilkår

  • moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling
  • eit sterkt tverrfagleg og sosialt arbeidsmiljø
  • lokal og nasjonal kompetanseutvikling
  • varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • fleksibel arbeidskvardag med fleksitid, heimekontor og trening i arbeidstida
  • lønn som førstekonsulent/rådgjevar etter Hovudtariffavtalen, avhengig av kompetanse
  • gode pensjonsordningar i Statens pensjonskasse

Stillinga blir lønna som førstekonsulent/rådgjevar (stillingskodar hhv. 1408/1434) etter Hovudtariffavtalen, avhengig av din kompetanse.

Mangfald i Noregs domstolar

Vi ønskjer medarbeidarar med ulike bakgrunnar og erfaringar velkomne. Kandidatar med fleirkulturell bakgrunn, hol i CV eller funksjonsnedsetjing blir oppmoda til å søkje. Vi legg til rette ved behov og følgjer prinsippa for positiv særbehandling.

Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på dfø sine nettsider.

Spørsmål om stillinga

  • Heidi Kildedal
    Seksjonsleiar
    Telefon: +47 55 69 98 27
  • Heidi Taranger
    Seksjonsleiar
    Telefon: +47 55 69 98 00