Seniorrådgjevar

Er du jurist og vil bidra til rettstryggleik og eit trygt samfunn?

Arbeidsgiver:
Justis- og beredskapsdepartementet
Søknadsfrist:
2024-11-18

Vi har ledig ein, kan hende to faste stillingar som seniorrådgjevar i Juridisk seksjon i Politiavdelinga. Seksjonen har 9-10 medarbeidarar i tillegg til leder.

Seksjonen har ansvar for utredning av juridiske spørsmål og for regelverksutvikling på Politiavdelingas område. Sentrale lover vi forvaltar er politilova, politiregisterlova, våpenlova, passlova og grenselova. Videre har seksjonen ansvar for at norske interesser sikrast innanfor Schengen-samarbeidet, anna politisamarbeid med EU, vidareutviklinga av det nordiske politisamarbeidet og for andre forhandlingar om bilateralt politisamarbeid.

Godt regelverk er sentralt i utviklinga og styringa av politiet. Endringar i kriminalitetsbildet, særleg relatert til cyberkriminalitet og politiets bruk av teknologi, krev regelverksendringar for å sikre meir effektiv kamp mot kriminalitet. Hos oss vil du få utfordrande og varierte juridiske oppgåver, med hovudvekt på nasjonalt og internasjonalt regelutviklingsarbeid. Du vil som del av seksjonen medverke til utvikling av rammeverket for politietaten.

Arbeidsoppgåver

Du vil få jobbe med:

  • regelverksutvikling som ledd i kampen mot aktuelle kriminalitetsutfordringar, mellom anna gjengkriminalitet og organisert økonomisk kriminalitet,
  • regelverksutvikling knytt til Schengen-samarbeidet og andre internasjonale avtaler,
  • lov- og anna regelverksutvikling knytt til politiet og Politiets tryggingsteneste 
  • utgreiing av ulike juridiske spørsmål og
  • forvaltningsoppgåver (klagesaker)

Oppgåvene dine i seksjonen og i avdelinga vil avhenge av kvalifikasjonar og behov.

Kvalifikasjoner

Du må ha

  • juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap med gode resultat,
  • god framstillingsevne både munnleg og skriftleg på norsk og på engelsk

Vi søker deg som har gode analytiske evner og interesse for utvikling av regelverk som verktøy for styring. Du må evne å jobbe sjølvstendig, men også vere fleksibel og samarbeide godt med andre både internt i avdelinga og departementet, med andre departement, underliggande etatar mfl.

Det er ønskeleg at du har

  • erfaring frå utgreiing- og regelverksarbeid frå departement - gjerne også internasjonale regelverksprosessar - og offentleg verksemd
  • forståing for samspel og samanheng mellom juss og teknologi

Stillinga krev tryggleiksklarering og autorisasjon på nivå HEMMELEG og NATO SECRET.   Se Sivil klareringsmyndighet

Hva får du hos oss?

  • spennande juridiske oppgåver i eit hyggeleg miljø med dyktige kollegaer 
  • fagleg utvikling og sjølvstende i arbeidet eit unikt innblikk i politiske prosessar
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar med medlemskap i Statens pensjonskasse
  • eiga bedriftshelseteneste, treningstilbod/bedriftsidrettslag, hyggjeleg kantine

Lønn: 700 000 - 850 000

Innplassering av stilling og  lønn er avhengig av erfaring og kvalifikasjoner. For spesielt godt kvalifiserte kan høgare lønn bli vurdert.

Fra lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. 

Slik søker du

Du sender søknad elektronisk gjennom lenka "Søk her" på denne sida. Legg ved vitnemål og eventuelle attestar. Etter søknadsfristen blir det utarbeidd ei offentleg søkjarliste. I samsvar med offentleglova § 25 må søkjarane vera merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om dei oppmodar om ikkje å bli førte opp på den offentlege søkjarlista.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av til dømes kjøn, eventuelle funksjonshemmingar, etnisk bakgrunn eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring. Slike opplysningar kan bli brukte til registreringsføremål.

Spørsmål om stillinga