Konstitusjon som tingrettsdommar ved Hardanger og Voss tingrett

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2026-05-04

Det blir ledig ein konstitusjon i seks månadar frå 10. september 2026 som tingrettsdommar ved Hardanger og Voss tingrett.

Hardanger og Voss tingrett har hovudsete på Lofthus med ubemanna rettsstader i Norheimsund, Odda og Voss. Domstolen er leia av ein domstolleiar og har to dømande årsverk og tre saksbehandlarstillingar. Du blir ein del av eit lite, tverrfagleg og engasjert fagmiljø med høg kompetanse. Domstolen dekkjer kommunane Eidfjord, Kvam, Samnanger, Ullensvang, Ulvik og Voss.

Arbeidsoppgåver

  • Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere:
  • å planleggje og gjennomføre saker på ein effektiv måte
  • å leie rettsmøte og rettsmeklingar
  • å sikre at avgjerder får høg kvalitet
  • Å bidra til godt fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

Kvalifikasjonskrav:

  • juridisk embetseksamen/cand.jur. eller master i rettsvitskap
  • relevant arbeidserfaring
  • Brei yrkes- og livserfaring, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handsame og i møte med menneske
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • interesse for og evne til å sjå moglegheitene digitale verktøy gir for å forbetre arbeidsprosessar.
  • Førarkort og bil er nødvendig på grunn av reising til dei eksterne rettssalane.

Du må vere norsk statsborgar. Dersom du blir innstilt til stillinga, må du levere utvida politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som:
  • har høg fagleg kompetanse og gode analytiske evner.
  • har høg personleg integritet og vil kunne opptre uavhengig av partane
  • kommuniserer godt med alle partar, også med menneske i krevjande situasjonar
  • arbeider sjølvstendig, og tek ansvar for vanskelege avgjerder.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med fokus på trivsel og fagleg utvikling
  • Eit variert saksfelt som gir brei erfaring og god utvikling som dommar
  • Ein fleksibel arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende
  • Tett samarbeid med kompetente og engasjerte kollegaer

Ved tilsetjing blir det tilbydd årsløn som for tida er kr 1 483 700.

Mangfald i domstolane

Det er viktig at tilsette i domstolane speglar mangfaldet i samfunnet. Vi ønskjer difor å rekruttere dommarar med ulik bakgrunn og erfaring, inkludert fleirkulturell bakgrunn. Det styrkjer oss i møtet med eit samansett samfunn og gir betre avgjerder.

Vi legg til rette for ulike behov og oppmodar særleg kvalifiserte søkjarar frå underrepresenterte grupper om å søkje. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.

Om Noregs domstolar

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som samfunnets viktigaste konfliktløysar er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri samfunnets krav og forventningar.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfallet. Hos oss kan kvar og ein få saka si avgjort, setje strek og gå vidare. Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre hald.