Konstitusjon som tingrettsdommar ved Vestoppland og Valdres tingrett

Vil du ha ein jobb som er like krevjande som han er interessant?

Arbeidsgiver:
Norges domstoler
Søknadsfrist:
2025-06-26

Noregs domstolar er den tredje statsmakta og den fremste konfliktløysaren i samfunnet. 

Som dommar får du arbeide med eit breitt spekter av juridiske problemstillingar, bidra til konfliktløysing mellom menneske og ta avgjerder som betyr mykje både for menneske og for samfunnet. Det er ein fagleg krevjande og spennande jobb, der den enkelte skal forvalte viktige samfunnsverdiar som uavhengigheit, rettstryggleik og tillit.

Det blir ledig ein konstitusjon i 9 måneder frå 1. oktober 2025 som tingrettsdommar ved Vestoppland og Valdres tingrett, rettsstad Fagernes.  Du må pårekne å gjere teneste på begge rettsstadane.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene er

  • å planleggje og gjennomføre sakene på ein effektiv måte
  • relevant arbeidserfaring 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • evnen til å sjå moglegheitane digitale verktøy gjer for å effektivisere arbeidsprosesser.

Kven er du?

Du ha følgjande kompetanse: 

  • juridisk embetseksamen / cand.jur. eller master i rettsvitskap 
  • relevant arbeidserfaring 
  • brei yrkes- og livserfaring, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og i møte med menneske
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne er viktig, med eit språk alle kan forstå 
  • evna til å sjå moglegheitene digitale verktøy gjev for å effektivisere arbeidsprosessar 

Sjå Innstillingsrådets praksisnotat om konstitusjonar, pkt 19 og dstl 55

Du må vere norsk statsborgar. Det krevst utvida politiattest dersom du blir innstilt.

Personlige eigenskapar

Det er viktig at du kjenner deg igjen i fleire av desse eigenskapane:

  • Du har høg fagleg kompetanse og gode analytiske evner.
  • Du må ha høg personleg integritet og kunne opptre uavhengig av partane - det er nødvendig for å skape den nødvendige tilliten.
  • Du må kunne kommunisere godt med alle partar, blant anna menneske i sårbare situasjonar - livserfaring kjem difor godt med. 
  • Du må kunne jobbe sjølvstendig og ta vanskelege avgjerder.

Vi tilbyr

  • stort rom for kontinuerleg utvikling i eit spennande fagmiljø
  • faglege samlingar og samarbeid med andre domstolar

Ved tilsetjing tilbyr vi årsløn som for tida er kr 1 421 600,-.

Mangfald i Noregs domstolar

Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og erfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer difor å rekruttere fleire dommarar som har fleirkulturell bakgrunn og erfaring. Dette vil gje domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.

Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling

Generelle føresegner

Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysninger. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister - Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler.

Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet

Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast elektronisk via lenkje på denne sida: «Søk her». Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga.

Om oss

Domstolane er den tredje statsmakta. Noreg har 55 domstolar med om lag 2000 medarbeidarar. Som den viktigaste konfliktløysaren i samfunnet er domstolane avhengige av tillit. Det inneber at verksemda må innfri krav og forventningar frå samfunnet.

Domstolane er avgjerande for at vi har eit trygt og godt samfunn basert på tillit og rettstryggleik. Alle skal ha tillit til og respektere avgjerdene våre, uavhengig av utfall. Hos oss kan kvar og ein få avgjort si sak, sett strek og kome seg vidare.

Med rolla vår følgjer eit stort ansvar. Avgjerdene våre er uavhengige og upåverka av styresmakter eller press frå andre miljø.

Vestoppland og Valdres tingrett har rettssteder i Fagernes og Gjøvik, og omfattar kommunane Etnedal, Gjøvik, Gran, Nord-Aurdal, Nordre Land, Søndre Land, Sør-Aurdal, Vestre Slidre, Vestre Toten, Vang, Østre Toten, og Øystre Slidre,  og har i dag 7 dømmande årsverk, og ei sama bemanning på 18,4 årsverk. Du vil med andre ord få eit tverrfagleg arbeidsmiljø med svært kompetente kollegaer som alle deler eit engasjement for samfunnsoppdraget vårt. 

Spørsmål om stillinga

  • Ingjerd Thune
    Domstolleiar
    Telefon: 906 01 170
    E-post: [email protected]
  • Unni Sandbukt
    Leiar, Innstillingsrådet for dommere
    Telefon: 911 05 553
    E-post: [email protected]
  • Solveig Moen
    Avdelingsdirektør, Domstoladministrasjonen
    Telefon: 404 14 414
    E-post: [email protected]