Gjennom året kan vi lese om kva rettar EØS-avtalen gjev oss til å dra til Europa for å få sjukehusbehandling, om kva rettar utanlandske arbeidstakarar og verksemder har til å arbeide og etablere seg i Norge og vice versa.

No har Covid-19 epidemien skapt ein situasjon der elles liberale stemmer opplever rettane til fri rørsle som eit trugsmål mot liv og helse. Styresmaktene fryktar at helsevesenet vårt skal verte overbelasta, med den konsekvensen at dei som treng det ikkje får hjelp i tide. Kva det kan føre til, får vi hjarteskjerande reportasjar om frå Italia. Regjeringa har varsla at frå måndag vert norske hamner og flyplassar stengde for persontrafikk frå andre land, men at norske statsborgarar vil få kome heim.

Det regjeringa ikkje har gitt tydeleg informasjon om, er korleis alle dei som har brukt eller vil bruke rettane sine etter EØS-avtalen til å reise ut og inn av Norge for å studere, arbeide, drive næring eller feriere, vil bli møtt på flyplassane og hamnene. EØS-avtalen regulerer korleis det skal skje. Den har rett nok ikkje reglar som tilsvarar EU-retten sine reglar om Unionsborgarskap. Norge iverksette imidlertid allereie i 2007 direktiv 2004/38/EF om fri personrørsle. Direktivet gjev i vid utstrekning borgarar frå land i EØS-området, og familiemedlemmene deira, rett til fri inn- og utreise og opphald i Norge.

Desse rettane gjeld og må takast på alvor, sjølv i ein krisesituasjon som den vi har no. Mange menneske har gjort seg økonomisk avhengige av den frie rørsla, og har inntekta si i eit anna europeisk land enn der dei er statsborgarar. For mange er dette landet Norge. Desse menneska har også ofte familiemedlemmer i andre land som dei vil vere saman med, og som dei forsørger. Dei er avhengige av å reise mellom Norge og andre land i EØS-området. Stengte grenser vil setje dei i ein svært krevjande situasjon. Dette stiller norske styresmakter overfor dilemma og rettsspørsmål som dei må ta stilling til før måndag.

Direktivet om den frie personrørsla gjev norske styresmakter rett til å legge restriksjonar på inn-, utreise og opphald når dette er naudsynt av omsyn til offentleg orden, tryggleik eller helse. Som hovedregel kan likevel slike restriksjonar berre grunngjevast i EØS-borgarane si personlege åtferd. Det er på ingen måte opplagt at det at nokon er smitta, eller potensielt smitta, med Covid 19 høyrer inn under kategorien personleg åtferd.

Direktivet gjev imidlertid, etter artikkel 29, også heimel for å avgrense den frie personrørsla ved sjukdommar som potensielt er epidemiske. Covid 19 er ein slik sjukdom. Norske styresmakter kan dermed treffe tiltak no, om dei øvrige vilkåra i føresegna er oppfylte. For epidemi-heimelen er direktivet imidlertid ikkje klart på kor strenge restriksjonar som kan iverksetjast, og heller ikkje på kva prosessuelle rettar EØS-borgarar som vert råka av slike restriksjonar har. Etter EØS-retten ligg svaret på slike spørsmål oftast i vage rettsprinsipp som proporsjonalitet, ekvivalens og effektivitet. NAV-saka har synt oss at synspunkta på kva som kan utleiast av slike prinsipp er omlag like mange som det er juristar som syslar med EØS-rett. Nokre - som fleirtalet i NAV-utvalet - meiner til og med at det er så vanskeleg å svare på dette, at det er det berre EFTA-domstolen som kan gjere.

No er vi ikkje ein situasjon der norske styresmakter kan bruke tid på å gruble, langt mindre vente på ein regjeringsoppnevnte ekspertkomitee eller på ei sak der EFTA-domstolen kan få gi sitt svar. Når liv og helse står på spel, må styremaktene sjølv ta stilling til kva EØS-avtalen bestemmer om balansen mellom samfunnsinteresser og interessene til EØS-borgarar og familiemedlemer som er verna av den grunnleggjande fridommen til fri rørsle.

Når ein epidemi trugar, er vi i ein naudrettssituasjon. Styresmaktene må difor ha eit vidt handlingsrom, og dei bør ikkje dømmast for hardt om dei trår feil. Det kjem tidsnok ei tid då dei kan kritiserast, og då vi kjem til å få erstatningssaker for norske domstolar om brot på EØS-avtalen. Då kan vi godt tenkje på at det ofte er litt for enkelt, både å fordømme og dømme, i etterpåklokskapens lys.

ESA bør kjenne si besøkelsestid allereie no. Oppgåva deira er å våke over at Norge og dei andre EFTA-statene gjev EØS-borgarane dei rettane dei skal ha etter EØS-avtalen, medrekna etter direktivet om fri rørsle. Overvakingsorganet bør difor snarast setje seg ned - om naudsynt saman med EU-kommisjonen - å lage ei tolkingsfråsegn. Der bør dei gjere greie for si forståing av kva vern EØS-borgarane har krav på når Norge og andre land i Europa varslar at grensene vil bli stengde. Det gjeld både materielle og prosessuelle rettar. Når ei krise er oppstått, og både forvaltning og domstolar går for halv maskin og dessutan er tungt belasta med meir presserande oppgåver, kan ikkje minst det siste vere krevjande.

ESA bør bidra med sine synspunkt umiddelbart. Det må overvakingsorganet gjere både av omsyn til EØS-borgarar i ein svært vanskeleg situasjon, og av omsyn til samfunnstryggleiken. Dette er ikkje tida for å styre ved hjelp av vage rettsprinsipp. Dei må konkretiserast. Vi kan korkje risikere at nasjonale styresmaktene bygger inn tryggleiksmarginar mot brot på EØS-avtalen som seinare syner seg å verte fatale, eller at ein ser heilt bort frå rettsstillinga til einskildmenneske i svært vanskelege livssituasjoner.

I ettertid vil sikkert ESA  - på same måte som norske styresmakter - få kritikk for slike feil som lett vil oppstå når ting hastar. Det må dei tåle. Når ein epidemi trugar, kan ein ikkje vere så redd for slikt at ein vert handlingslamma.