I media fekk vi 11. juni høyre at Asker og Bærum tingrett har dømt Philip Manshaus til «strengere straff» enn Brevik – ei «historisk streng straff». Begge fekk 21 års forvaring, men førstnemnte 14 års minstetid mot Breivik som fekk 10 år. Begge kan ende opp med å sone i mykje lengre tid. «I praksis kan det bli livstid» er ein gjengangar i medieomtaler av saka. Formuleringane i media synleggjer dei ibuande spenningane i forvaringsinstituttet og behovet for ein revisjon av forvaringsinstituttet.

db mansh.png
Skjermdump, Dagbladet.

Livstidsstraff vart avskaffa i Noreg i 1981. Straffenivået hadde då lenge vore vesentleg lågare. Normalstraffa for drap til dømes låg lenge rundt 10 års fengsel. I same periode vart dei såkalla strafferettslege særreaksjonane gjenstand for reform. Straffelovrådet si utgreiing frå 1974 førte likevel ingenstad. Ei ny utgreiing i 1990 førte til regelendring i 2001 (i kraft 2002), der det noverande forvaringsinstitutt såg dagens lys – som ei blanding mellom særreaksjon og ei (formell) straff, og primært tiltenkt farlege, tilreknelege lovbrytarar som elles ville få ei kort fengselsstraff. Slike saker er framleis eit viktig nedslagsfelt for reaksjonen. Var ei lang tidsbestemt straff aktuelt, var tanken at denne ville vere vern mot faren. Slike ikkje-formaliserte rammer bleiknar likevel fort og med eit regelverk utan ei slik skranke fekk forvaringsstraffa ei større rolle å spele.

Med innføringa av straffelova 2005, vart forvaring ikkje lenger omtala som ein særreaksjon, og fekk slik sett fullverdig status som straff i formell meining. Reaksjonen er etter kvart brukt i mange alvorlege saker, ikkje minst Breivik-saka. Revisjon av reglar om minstestraff har òg flytta forvaringsstraffa enno nærare den tradisjonelle straffa. Allmennheita si forståing av forvaring synes òg å endra seg. Dei nemnte medierapportane i samband med Manshaus-dommen tyder på det. Forvaringsstraffa har dermed etter alt å døme teke steget frå å vere ein særregel for farlege, til å verte «lovens strengeste straff» - potensielt livet ut.

I så måte forsvinn gradvis skilnadane til livstidsstraffa, til dømes slik den verkar i vårt naboland, Sverige. Òg der står den dømde inn for ein potensiell livsvarig straff, men få sit så lenge – normalt opp mot 20 år. Der den norske forvaringsstraffa i utgangspunktet er avgrensa, men likevel kan forlengast livet ut, startar den svenske i motsett ende. For dei mest alvorlege brotsverka kan den svenske lett synast som ein ærlegare versjon av den norske.

Slik har den norske lovgjevaren tilsynelatande makta det kunststykket å foreine to motståande førestillingar: På den eine sida er forvaring eit etter kvart godt brukt farebasert kontrollinstrument, retta mot framtida. På den andre sida synes den òg å imøtekome allmennheita sitt krav om rettferd og dei strengaste straffene for dei mest alvorlege brotsverka – «fikk historisk streng straff»! Men å kunne tale med to tunger er ikkje ein dyd. Den norske hybridkonstruksjonen var eit feilspor frå starten av 2000-tallet som bør takast opp til revisjon. Det eldre sikringsinstituttet hadde sine svakheiter, men òg sine styrker.

Straff bør (berre) knytast til alvoret i det som er gjort.