Banken er i utgangspunktet ansvarleg dersom eit uventa misbruk av bankkort skulle finne stad. Derfor ser nok dei aller fleste bruken av betalingskort som risikofri og uproblematisk i det daglege liv. I verkelegheita, med Finansklagenemnda sine krav til aktsemd frå forbrukaren, må ein derimot vakte om bankkortet som det kjæraste ein eig. Dagens forbrukarvern kan nemleg verke illusorisk når ein treng det som mest.

Hovudregel utan innhald

Ved fyste augekast gir finansavtaleloven uttrykk for ein hovudregel om at banken er ansvarleg for uautoriserte transaksjonar som er gjort utan kortholdar sitt samtykke. Ein tilsvarande hovudregel finn vi også i EU/EØS-retten. Turen på byen kan derfor, i utgangspunktet, stå fram som uproblematisk, sjølv om ein skulle være uheldig å miste kortet.

Som for alle hovudreglar finst det unntak også her. I dei tilfella kortholdar grovt aktlaust har unnlat å oppfylle sine plikter i forbindelse med bruk av bankkort, vil kortholdar sjølv være ansvarleg for eventuelle tap som følgjer av kortmisbruk. Dette kan nok også for dei fleste verke uproblematisk, ettersom ein som regel er påpasselege med å hindre at bankkort og pinkode kjem i ukjente hender.

Praksis frå Finansklagenemnda viser derimot eit strengt aktsemdskrav i dei tilfella misbruk av bankkortet har skjedd med korrekt bankkode. I slike tilfelle har Finansklagenemnda i fleire saker, som her og her, lagt til grunn at bankkoden har vore oppbevart saman med bankkortet dersom ikkje noko anna vert sannsynleggjort. Eit slikt utgangspunkt verkar uheldig, ettersom det i staden for at banken må påvise klander hos kortholdar, vert opp til forbrukaren sjølv å bevise si uskyld.

Problemet med denne praksisen er at det ofte kan være vanskeleg for den enkelte forbrukar å bevise korleis koden har vorte fanga opp av andre. Det ligger nettopp i misbruket sin natur at ein ikkje har kjennskap til kva som har skjedd eller korleis det har skjedd. Slik regelen praktiserast i dag risikerer vi at fleire forbrukarar vert ansvarleg for kortmisbruk enn det som var tiltenkt ved ansvarsfordelinga i finansavtaleloven. I denne samanheng kan det visast til lovforarbeida, der det presiserast at det må føreligge «særskilte holdepunkter» før ein kunde kan reknast for å ha vore grovt aktlaus, noko som støttar hovudregelen om bankens ansvar.

Dagens ordning praktiserast slik at forbrukaren sitt unntaksvise aktlauseansvar presumerast å være oppfylt. Presumsjonen kombinert med dei bevismessige vanskane ein vil ha med å motbevise den, gjer at vi står igjen med ein hovudregel om at banken er ansvarleg som i realiteten vert unntaksregelen. På denne måten står ein igjen med ein tom hovudregel utan særleg praktisk tyding.

Behov for revidering?

Prinsippet om uskyldig intill det motsette er bevist er ein grunnleggjande berebjelke i norsk sivil- og straffeprosess, og skal ivareta eit minstekrav av rettstryggleik. Presumpsjonen om at kort og kode har vore oppbevart saman dersom ikkje anna er sannsynleggjort, inneberer eit markant avvik frå dette. Praksisen medfører også at hovudregelen om bankens ansvar i realiteten vert eit unntak. Det kan derfor diskuterast om forbrukaren sitt vern er i tilstrekkeleg grad ivaretatt etter dagens praksis. Vidare kan ein stilles spørsmål ved om ein større del av bevisbyrda, og då også ansvaret, knytt til slike uautoriserte transaksjonar bør skyvast over på bankane som tross alt er den ressurssterke og profesjonelle part. Kanskje det er på tide å støtte David i kampen mot Goliat?