Dag og Tid hadde fredag 10. januar ei sak om at norske søtsaksprodusentar som ikkje betalar sjokolade- og sukkeravgift, kan verte pålagde tilbakebetalingskrav i milliardklassen.

Bakgrunnen er at sjokoladeprodusenten Hval har klaga Noreg inn for ESA. Sandefjordbedrifta hevdar at sjokolade- og sukkeravgifta er i strid med statsstøttereglane i EØS-avtalen. Avgifta er nemleg ikkje innretta etter kva mengd sjokolade og sukker ei vare har, men etter varenummer i tolltariffen. Det leier til at sjokoladeprodusentar som Hval må betale avgift, medan produsentar av iskrem og kjeks ikkje må betale. Slik er det, trass i at også dei brukar mykje sjokolade og sukker i produkta sine.

Paal Hennig-Olsen – administrerande direktør hjå iskremprodusenten med same namn – fryktar at eventuelle tilbakebetalingskrav kan kome opp i ein storleik som bransjen ikkje kan bære.

Petter Haas Brubakk i NHO mat og drikke er uroleg. Han peikar på at det er uhaldbart at bedrifter som lojalt har innretta seg etter norske avgifter, likevel kan kome i situasjonar der dei må tilbakebetale støtte. Haas Brubakk rettar kritikk mot regjeringa. Ho burde, etter hans syn, bedt ESA om ei førehandsvurdering då ho endra avgifta. Refleksjonar kring forbundet sin eigen statsstøttepolitikk er det derimot ikkje spor av.

Det kan sjåast i lys av at NHO og dei tilslutta forbunda brukar støtteklager til ESA som middel til omkamp der dei ikkje vinn fram hjå norske styresmakter. Dei arbeider også for meir nasjonal handheving av støtteregelverket. Bakgrunnen for det ser ut til å vere at dei vil ha eit enno meir effektivt kampmiddel for å overprøve Storting og regjering.

Strategien kan imidlertid slå tilbake og ramme norske bedrifter hardt. Her er Hval sin åleinegang i sjokolade- og sukkeravgiftsaka – som NHO mat og drikke ser ut til å mislike – illustrerande.

Då regjeringa endra sjokolade- og sukkeravgifta i 2018, melde ho ikkje endringa til ESA. Regjeringa vurderte ikkje ordninga som statsstøtte til produsentar av søtsaker som ikkje vart pålagt avgift. Uavhengig av kva politisk syn ein har på den kontroversielle avgifta, har standpunktet til regjeringa rettsleg sett gode grunnar for seg. Det er ikkje tema her.

Poenget i denne samanhengen er at ESA kan ha eit anna syn enn regjeringa. EØS-avtalen er dynamisk og reglane kan vere kompliserte å tolke. Det har juristar flest oppdaga gjennom NAV-saka.

Direktøren for konkurranse- og statsstøttesaker i ESA, Gjermund Mathiesen, har også sagt til Dag og Tid at ESA vurderer å opne formell undersøkingsprosedyre. Han har i tillegg uttalt at dersom konklusjonen vert at endringa i sjokolade- og sukkeravgifta utgjer ny støtte, så er hovudregelen at både direkte og indirekte støtte skal tilbakebetalast.

ESA kan til sjuande og sist konkludere med at endringa i sjokolade- og sukkeravgifta, ikkje utgjer ny støtte. Allereie opning av ei formell undersøkingsprosedyre kan likevel skape rettstryggleiksproblem. Etter praksis frå EU-domstolen, kan ein då gå til sak ved ein nasjonal domstol.  Den nasjonale domstolen skal både kunne gje dom for at støtta skal stoggast, og for tilbakebetaling.

I praksis betyr det at Hval kan saksøkje staten og få dom for at sjokolade- og sukkeravgifta skal opphøyre. Det kan også andre som har betalt avgift gjere, til dømes utanlandske produsentar som er blitt ilagt avgift ved sal av sjokolade i Noreg. Om ESA i opninga av den formelle undersøkingsprosedyren legg til grunn at ordninga indirekte har kome norske iskrem- og kjeksprodusentar til gode, kan også dei saksøkjast. I verste fall kan dei risikere rettskraftig dom på tilbakebetaling, før ESA har treft endeleg vedtak i saka.

Det er uheldig. ESA sitt endelege vedtak kan både gå ut på at avgifta ikkje skal reknast som støtte, og på at avgifta skal godkjennast sjølv om ho vert rekna som støtte.  Reglane er slik at ESA kan godkjenne støtte som er iverksett utan å vere førehandgodkjent.  Det opnar ikkje støtteregelverket for at norske domstolar kan gjere – å godkjenne statsstøtte høyrer eksklusivt under ESA.

Underteikna har difor tatt opp med Nærings- og fiskeridepartementet at det bør vurderast ei ordning der partane kan krevje at norske domstolar stoggar rettssaker om statsstøtte, mellombels, i påvente av endeleg vedtak frå ESA. Det skjedde i kjølvatnet av ei støttesak som no er avslutta, Leiterefusjonssaka. Både den og den verserande saka om sjokolade- og sukkeravgifta, bør vere eigna til å få NHO til å tenkje over om dette er eit framlegg dei kan støtte.

I tillegg bør det takast eit initiativ for å løfte rettstryggleiksproblem knytt til handheving av statsstøttereglane på meir generelt grunnlag. Eitt av spørsmåla som bør takast opp, er om Grunnlova stengjer for tilbakebetalingskrav mot bedrifter som ikkje har vore omfatta av skatte- og avgiftsvedtak. Sjølv om EØS-avtalen reknar slike krav som tilbakebetaling av statsstøtte, så er rettsverknaden den same som om det skulle vore ilagt skatt eller avgift med tilbakeverkande kraft.

Grunnlova står som kjent over EØS-avtalen. Ho har reglar som forbyr tilbakeverknad. I tillegg har ho reglar som bestemmer kven som skal skrive ut skattar og avgifter. Det er ikkje norske domstolar, og definitivt ikkje ESA. Det er mogeleg at dette kan verte til hjelp, både for Hennig-Olsen og andre som har nytt godt av at dei ikkje har vore omfatta av differensierte avgifter.