Møre og Romsdal tingrett har full fagkrins.
Domstolen vert leia av ein sorenskrivar og har i tillegg 14 faste dommarar, 3 dommarfullmektigar, administrasjonssjef og 24,5 sakshandsamarar.
Med verknad frå 10. juni 2025 vert domstolen delt i to og slik at rettsstad Volda og rettsstad Ålesund vert Sunnmøre og Søre Sunnmøre tingrett. Den nye domstolen på Sunnmøre vil ha 10 dommarstillingar og 15 sakshandsamarar. Rettsstad Molde og rettsstad Kristiansund inngår i Nordmøre og Romsdal tingrett.
Om stillinga
Ved Møre og Romsdal tingrett er det ledig 1 – 2 konstitusjonar som tingrettsdommar ved rettsstadane Volda og Ålesund. Varigheten for konstitusjonane kan vere for 2 - 6 månader. Oppstart etter avtale, men det er ønskeleg med oppstart for den eine stillinga frå 1. juni 2025.
Vi legg vekt på å ha eit godt arbeidsmiljø og eit godt og utviklingsorientert fagmiljø.
Konstitusjonen/ane skal ha kontorstad etter nærare avtale. Som dommar i tingretten må ein vere fleksibel med tanke på å ta saker for både Volda og Ålesund.
Lønn
Stillinga vert for tida løna med kroner 1 421 600. Frå dette vert vanleg pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse trekt med 2 %.
Kvalifikasjonar
Søkarar må ha juridisk embetseksamen/universitetsgraden cand. jur eller master i rettsvitenskap. Søkarar må vera norske statsborgarar. For den som vert konstituert vil uttømande politiattest verte kravd.
Det er eit vilkår at søker har erfaring som dommarfullmektig/dommar.
Spørsmål om stillinga
Nærare opplysingar om stillinga får ein ved å venda seg til sorenskrivar Kirsti Høegh Bjørneset, telefon 930 372 27.
Søknad
Søknad med stadfesta attestar og vitnemål skal sendast elektronisk via denne sida.
Søknadsfrist: 23. mars 2025