Ønskjer du å utvikle deg som jurist, ha ein variert og spennande kvardag og aktorere straffesaker i retten? Då kan ei stilling som politifullmektig/politiadvokat hos oss vere noko for deg.
Vi har ledig ei fast stilling og eit vikariat i perioden frå 1. september 2025 til 31. august 2026 som politifullmektig/politiadvokat i Ålesund.
Felles eining for påtale er samansett av fire seksjonar, tre påtaleseksjonar (Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre) og ein seksjon for administrative støttefunksjonar. Seksjon for påtale Sunnmøre er stadsplassert i Ålesund.
Felles eining for påtale har eit overordna ansvar for etterforsking, påtale og iretteføring av straffesaker i politidistriktet. Eininga har fagansvar for straffesaksbehandling og skal sikre høg kvalitet gjennom ei forsvarleg og effektiv forvalting av den samla straffesaksportefølja i distriktet. Eininga har ansvar for å sjå til at gjeldande regelverk som straffeprosesslova, påtaleinstruksen, Riksadvokatens mål og prioriteringar og andre direktiv for straffesaksarbeidet blir etterlevde, og at omsynet til objektivitet og rettstryggleik blir varetatt i alle stadium av straffesaksbehandlinga.
Arbeidsoppgåver
- Påtaleansvarleg i tildelte saker
- Handtere eigen portefølje
- Utføre aktorat for tingrett og lagmannsrett
- Utføre jourteneste etter tenesteplan
- Leie, avgrense, setje mål for og følgje opp framdrift i etterforskinga
- Sørgje for godt og effektivt samarbeid med både interne og eksterne aktørar
- Kontakt med media
- Kan av leiar påleggjast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendige
- Juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap ved tiltreding
- For å bli vurdert som politiadvokat er det som hovudregel krav om utvida påtalekompetanse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønska
- Erfaring frå politi/påtalearbeid eller tilsvarande relevant juridisk arbeid
Personlege eigenskapar
For å trivast og lykkast i stillinga ser vi for oss at du
- Kan handtere stor arbeidsbelastning og høgt tempo
- Er effektiv og beslutningsdyktig
- Har evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og bidrar til eit godt fagleg og sosialt miljø
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, motivasjon, eignaheit i stillinga og ei hensiktsmessig sammensetjing av seksjonen.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattforma her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politiet i framtida
- Stillinga blir lønna som politifullmektig, stillingskode 0288, eller politiadvokat, stillingskode 1245
- Brutto årslønn for politifullmektig er frå kr. 585 000 til kr. 680 000, for politiadvokat frå kr. 650 000 til kr. 780 000. Høgare lønn kan vurderast for særskilt kvalifiserte søkjarar
- Endeleg lønnsplassering er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
- Stillinga er i dag omfatta av særavtale om arbeidstidsbestemmelser (ATB) for påtalejuristar, og kompenserast for tida med kr. 42 824 per år
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- Moglegheit til trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politi- og lensmannsetaten, derunder at prøvetida er seks månadar.
Om arbeidsgivaren
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Kontaktinformasjon
- Julie Ulstein
Seksjonsleiar påtale Sunnmøre
Telefon: 93458434
E-post: [email protected] - Guri Falck Kristensen
Påtaleleiar
Telefon: 99639510
E-post: [email protected]