17. mai i år er det 10 år sidan vi feira 200 årsdagen for grunnlova. 2014-jubileet var ei omfattande satsing på styrke grunnlova, både symbolsk og rettsleg. No, ti år etter, er det interessant sjå tilbake på kva som skjedde, og spørje om jubileet sette spor. Kor viktig er grunnlova som symbol for folk flest? Og er det ei lov som framleis er juridisk viktig i bruk?
I sin nyttårstale ved inngangen til jubileumsåret 2014 snakka kong Harald om grunnlova som fundament for nasjonen, det fundamentet han sjølv hadde sverga truskap til. Han fortalte også kor viktig grunnlova var for hans bestefar kong Haakon under krigen for å seie nei til den tyske krigsmakta: «Som en stadig påminnelse om eden, bar min bestefar grunnloven i lommeformat ved sitt bryst gjennom fem lange krigsår».
Grunnlova som symbol
Forteljinga om grunnlova boren tett ved hjartet i ei krisetid, viser at lova som gjenstand kan vere eit sterkt symbol. Handsaming av denne gjenstanden kan vekke sterke emosjonar. Frå religiøse arenaer kjenner vi til korleis gjenstandar kan «sakraliserast» ved å handsamast som heilage, slik det til dømes skjer med brødet og vinen gjennom nattverdsritualet, eller med Bibelen når den blir boren i prosesjon.
Under 2014-jubileet vart den ytre sett lite imponerande, handskrivne originalen av grunnlova henta fram frå Stortingsarkivet, og transportert med sikringsvakt «heim» til Eidsvoll på 17. mai der den blei «fødd» for 200 år sidan. Deretter blei den høgtidleg boren inn i bygningen av stortingspresidenten, med kvite hanskar og stor mediedekning, og stilt ut for publikum med politivakt.
200 årsjubileet blei ei feiring som la stor vekt på grunnlova si historie, og på å skape opplevingar knytt til historiske stadar og gjenstandar. Undersøkingar etter jubileet dokumenterer at mange sa at feiringa gav dei meir kunnskap om den historiske bakgrunnen for lova (45%), og om grunnlova si betydning (36%). Samanlikningar med målingar før jubileet tyder også på at grunnlova blei meir sentral i folk si oppfatning av kva ein feirar på nasjonaldagen, og at Eidsvoll blei viktigare som nasjonalt symbol.
Berre eit symbol?
Slike survey-tal kan vere vanskelege å tolke, men samla tyder resultata på at jubileet styrka den symbolske betydinga av grunnlova. At feiringar av historiske stader og hendingar kan føre til auka interesse og vekke emosjonar, er kanskje ikkje så oppsiktsvekkande. Men det kan innvendast at å kalle Noreg eit «grunnlovsland» krev noko meir.
Den gamle grunnlova vi feirar 17. mai blir ikkje feira som ein museumsgjenstand, men som ei grunnlov som framleis er i bruk. Legitimiteten ligg ikkje primært i alderen, men i relevans og bruksnytte. Difor aktualiserer ei storstilt feiring av grunnlova si historie spørsmålet om den lova ein feirar også er nyttig og viktig i bruk i dag.
Dette var ein viktig grunn til at Stortinget før 200 årsjubileet, sette i gang eit omfattande arbeid for å revidere og modernisere grunnlova til 17. mai 2014.
Omfattande menneskerettsreform
Eit sentralt trekk ved jubileet i 2014, var at grunnlova blei modernisert med eit omfattande sett av menneskerettsreglar. Det vedtok Stortinget 13. mai. Vi fekk nye reglar særleg om retten til liv, rett til rettferdig og uavhengig rettargang, respekt for privatliv og familieliv, at alle er like for lova, rett til forsamlings- og foreiningsfridom, om barns rettar og om rett til utdanning.
Dette var eineståande i den 200-årige historia. Ved mange tidlegare høve hadde det vore tatt initiativ for å modernisere grunnlova. Alt i 1928 sa stortingsrepresentant C. J. Hambro med Abraham Lincolns ord at grunnlova, dersom den ikkje blei revidert, kunne bli «som en gammel vinterfrakk som sprekker i ryggen hvis man vil knappe den igjen foran».
Særleg blei det etter den andre verdskrigen sett fram ønske om at grunnlova kunne ta opp i seg den nyare tenkinga om menneskerettar. Dei førte aldri fram. Men til 200-årsjubileet lukkast det. Korfor?
Korleis det gjekk til
Vanlegvis blir grunnlover til eller revidert i samband med store kriser: Unionsoppløysing, revolusjon, avslutning av ein krig. Dette kallar ein gjerne konstitusjonelle augneblinkar. Det som førte fram i 2014, var koplinga mellom grunnlovsrevisjon og eit storslått jubileum.
Stortinget oppnemnde i 2009 Lønning-utvalet med namn etter leiaren, Inge Lønning, for å førebu menneskerettsreforma nettopp til jubileet. Desse to tinga, som sakleg sett ikkje hang saman, blei kopla i mandatet til utvalet. Det blei skapt det vi kan kalle ein konstitusjonell pseudo-augneblink. Trykket frå det tilstundande jubileet la tidspress på arbeidet i utvalet, og press på Stortinget for å vedta endringar.
Den reviderte grunnlova ville gi politikarar både frå regjering og opposisjon noko særskilt å vise til: Både dei 200 åra og at grunnlova var på høgde med moderne statsrettstenking.
Verknader av jubileum og revisjon
Dei 10 åra som har gått etter jubileet har òg vist at domstolane, med Høgsterett i spissen, har tatt i bruk dei nye reglane, ofte i samanheng med tilsvarande reglar i den europeiske menneskerettskonvensjonen. Særleg ofte har Høgsterett vist til reglane om rettferdig rettargang (142 saker), om retten til privatliv (116 saker) og barns rettar (82 saker).
Desse reglane er mykje meir vist til i denne perioden enn dei tradisjonelt viktige reglane om ekspropriasjonsvern og vern mot tilbakeverkande lover. Dette viser at målet med revisjonen, å gjere grunnlova meir aktuell og bringe rettskjeldene «heim», har lykkast.
Samla sett ser vi at grunnlovsjubileet både styrka den symbolske betydninga av grunnlova og gjorde den meir kjend, og styrka grunnlova som ei rettskjelde i aktiv bruk. Og desse verknadene forsterka kvarandre gjensidig.
Slik var jubileet med på å styrke oppfatninga av Noreg som eit grunnlovsland, og 17. mai som ei grunnlovsfeiring.