Førre veke har forskarane vist at klimaendringane økte alvorsgraden av buskbrannane i Australia: til slutt, blei effektane av buskbrannar i Australia endå verre enn forskarane hadde trudd. Ein artikkel som har skapt sterke diskusjonar i Australia, gjeld om rettssaker kan tvinge regjeringa og den private sektoren til ein forsvarleg klimapolitikk. Dette ville ha vore utenkeleg for berre ti år sidan. Me no har statsborgarar begynt å saksøkje bankar som finansierer verksemd knytt til fossilt brennsel, spesielt dei som er meir utsleppsintensive.
Bakgrunnen for det australske artikkelen er at fire klimaoffer etter dei australske brannane har gått til sak mot den australske banken ANZ, saman med miljøorganisasjonen Friends of the Earth Australia. Saka gjeld brot på OECD sine retningslinjene for ansvarleg næringsliv. Sidan kvar stat som har underskrive rettslinjene skal ha eit OECD-kontaktpunkt, har saksøkjarane tatt saka til dette organet i Australia.
Ofra og miljøorganisasjonen i Australia hevdar at ANZ har krenka folkerett. Som Australias største finansier av verksemd knytt til fossilt brennsel har ANZ nekta å avsløre data om alle utsleppa banken indirekte bidrar til, og å justere sin egen portfolio i tråd med Paris-avtalen. Kampen har blitt ein fakta-kamp: mens ANZ hevdar at låna dei gjev til kolindustrien har gått ned med 50% sidan Paris-avtalen, hevdar saksøkjarane at ANZ sine investeringar i kol har auka med 34% bare dei siste to åra.
Denne saka er ikkje unik. Klimaet vart slått fast som ein viktig del av ansvarleg æringsliv allereie i april 2019, etter at fire miljøorganisasjonar hadde saksøkt den nederlandske banken ING. Då uttalte Nederland sitt OECD-kontaktpunkt at retningslinjene for multinasjonale selskap inneber at bankane bør definere konkrete mål, både midtveis og langsvarige, i tråd med Paris-avtalen. Dette la til rett for ei semja mellom partane om at ING skal ha som langsvarig mål å føra ein utlånspolitikk som fører til ein temperaturauka på 1.5°C i staden for 2°C, som var situasjonen før søksmålet.
Dette seier mykje om korleis statsborgarane gjennom søksmål etter folkeretten kan bidra med å finna og gjera offentleg kjent fakta, data og samfunnsaktørane sitt ansvar for klimaendringane. Dette er særleg interessant i ein norsk samanheng. For det var den norske filosofen Arne Næss som lanserte djupøkologien i 1973 som ei fredeleg, normativ rørsle for å «ivareta verden», heile verda. Til dømes hevda Næss at så lenge forureinande verksemd er internasjonal, må ein tenkja internasjonalt, og produsera lover for slik verksemd som òg er internasjonale. Dette er ikkje himmelstormande idealisme, men konsekvent vitskapeleg basert realisme, hevdar Næss. Rettssaka i Australia må sjåast i lys av dette.
Kjem dette til å påverka bankane sine klimamål også i Noreg?
Som alle andre land, har Noreg sitt OECD-kontaktpunkt. Me veit ikkje korleis dette kjem til å mekla i ein slik klimakonflikt som har vore oppe i Nederland og no skal opp i Australia. Men, som Næss skriv, ligg det alt i omgrepet «næringsliv» at det skal vera ein type økonomi som nærer: nærer innsyn, dialog og påverknadshøve. Søksmål som det i Australia kan bidra til at ein får eit slikt næringsliv.