Noko av det mest interessante og lærerike i arbeid som dommar og advokat, er saker som involverer sakkunnige. Samstundes er dei mellom dei vanskelegaste. Det er lett å gjere feil. Kvaliteten på arbeidet og rolleforståinga til sakkunnige varierer, og nokre sakkunnige har bindingar til partane. Innlegget til professor emeritus Knut Wester om filleristing av spedbarn, gjev høve til å reflektere kring det. Det gjer òg diskusjonen som dei siste vekene har versert i media om mogelege justismord i norske straffesaker om filleristing.

I nokre rettssaker kan standpunkta som sakkunnige tek til faktiske spørsmål, vere avgjerande for resultatet. Slik er det i straffesaker om mishandling av spedbarn ved påstått filleristing. Dei reiser kompliserte medisinske spørsmål. I diagnostiseringa av filleristing-syndrom, også kalla abusive head trauma (AHT), deltek mellom anna barnelegar, augelegar og radiologar. Ved mistanke om mishandling, vert òg rettsmedisinarar involvert og saka kan bli meldt til barnevern og politi.

Tek påtalemakta ut tiltale, vil domstolane regelmessig trenge rettsoppnemnde sakkunnige. I filleristing-saker er rettsmedisin eller barnemedisin, eventuelt sosialpediatri, dei mest relevante fagbakgrunnane for å få ei godt opplyst sak. Medisinarar med anna bakgrunn har òg ei rolle, men oftast ikkje som rettsoppnemnde. Dei som har vore med å undersøke og behandle barnet, vil bli meldt som ordinære vitne av påtalemakta. Medisinarar som partane meiner har ein særskild fagkunnskap, som kan kaste lys over delar av bevisbiletet, vert meldt som sakkunnige vitne. Slik eg forstår Wester, har han hatt oppdrag som sakkunnig vitne for forsvaret. Han har ikkje vore rettsoppnemnd eller meldt som vitne fordi han har undersøkt og behandla desse barna.

I USA har små og marginale medisinske miljø lenge reist tvil om filleristing kan forårsake alvorlege skader og dødsfall hjå spedbarn. Dei siste åra har denne oppfatninga blitt den rådande «skulen» i Sverige, samt hjå nokre medisinarar i Noreg, mellom dei Wester. Slike situasjonar er vanskelege for påtalemakt og dommarar. I straffesaker skal det ikkje takast ut tiltale eller domfellast om det ligg føre rimeleg tvil om skuldspørsmålet. I ei sivil sak – alle skadevaldar-advokatar sin favorittdom Rt. 1998 s.1565 – har imidlertid Høgsterett sagt noko om korleis vi skal handtere usemje mellom sakkunnige. Det kan ha overføringsverdi til straffesaker, medrekna saker om filleristing.

Høgsterett sa for det første at tidsnære og partsuavhengige bevis vil ha særskilt vekt i bevisvurderinga. For det andre sa dei at vurderingar frå rettsoppnemnde sakkunnige normalt har større vekt enn vurderingar frå sakkunnige vitne. For det tredje minte dei om at retten må passe på at sakkunnige vurderingar byggjer på korrekt faktum og symptombilete, og for det fjerde at «årsaksforhold, skadeomfang m v så langt mulig [må] bedømmes i lys av mer allment akseptert medisinsk viten». Bakgrunnen for at Høgsterett trekte opp desse utgangspunkta, er at også sakkunnige kan ta feil: Dei kan byggje vurderingane sine på sviktande faktisk grunnlag eller ha bindingar til partane som påverkar dømmekrafta. Det finnest dessutan «kreasjonistar» i alle vitskapar, medrekna i medisinen. Det treng heller ikkje vere slik at alle aktørar som opptrer i retten, ser det som si oppgåve å få fram sanninga. Mellom vitne er ei ikkje heilt uvanleg mistyding at dei skal vitne «for» eller «mot» ein part. Både advokatar og dommarar må fortelje vitna at oppgåva deira er å opplyse saka for retten, ikkje å vere å vere ein av partane «sitt» vitne.    

Sjølv om Wester er ein velrenommert og høgt respektert nevrokirurg, må forklaringane hans vurderast i lys av dei utgangspunkta Høgsterett har trekt opp. Det må også forklaringane til andre sakkunnige som opptrer i straffesaker om filleristing. Slike vurderingar slepp eg å gjere. Eg skal nøye meg med å løfte fram nokre veikskapar ved argumentasjonen til Wester i Rett24 som han ikkje bør ta med ‘inn i rettssalen’; Han er unøyaktig når han gjev att andre sine faglege synspunkt. I tillegg er han unøyaktig når han forklarar kva som er usemja mellom han og dei medisinarane han argumenterer mot. Slik mangel på presisjon kan vere ei feilkjelde for advokatar og dommarar som må stø seg til sakkunnige vurderingar.

Symptoma legar observerer når spedbarna kjem til sjukehus – gjerne altfor seint den dårlege allmenntilstanden tatt i betraktning – kan vere at barnet er sovande, manglar matlyst, har epileptiske krampar, kastar opp og har nedsett medvit. Nokre av barna har også sårskadar og blåmerke. Hjå ein del blir det påvist kraniebrot, ribbeinsbrot og brot i lange røyrknoklar. I dei mest alvorlege tilfella får barna varige hjerneskadar og nokre døyr. Ved biletdiagnostikk og undersøking av augelegar kan det verte avdekka hjerneskade med oppsvulming av hjernevev, blodsamlingar/bløding under den harde hjernehinna og underliggande strukturar samt netthinneblødingar. Denne siste kombinasjonen av medisinske funn vert i rettsavgjerder omtalt som triaden. Wester er mellom dei som nyttar omgrepet. Han hevdar at det er «begrenset kunnskapsgrunnlag for å fastslå at voldsom risting kan forårsake skadene i den såkalte triaden».

Dersom kunnskapsgrunnlaget er for svakt til å seie at filleristing kan forårsake skadene i triaden, kan norske straffesaker om filleristing vere pådømt på for svakt bevisgrunnlag. I medisinen synest det imidlertid å vere temmeleg allmenn aksept for at kunnskapsgrunnlaget er godt nok. Den svenske metastudien Wester refererer til, har i alle fall blitt kritisert både for metodiske veikskapar og oppkonstruert tematikk. Britiske barnemedisinarar har oppfordra forfattarane til å trekke publikasjonen, alternativt la han verte internasjonalt granska. Wester ser også sjølv ut til å vere tvilande til om kunnskapsgrunnlaget er for dårleg. I Rett24 innlegget skriv han i alle fall at skadene i triaden «også [forekommer] ved en rekke andre tilfeller som ikke er forårsaket av vold»; Om kunnskapsgrunnlaget er godt nok til å slå fast at ein skademekanisme kan vere årsak, er noko kvalitativt anna enn at kunnskapsgrunnlaget tilseier at også andre skademekanismar eller sjukdommar kan forårsake dei same skadane. For dommarar, påtalemakt og advokatar vil det difor vere nyttig om Wester klårgjer standpunktet sitt til dette.

Eg stiller elles spørsmål ved om Wester har rett i at den «såkalte triaden» i tiår har vorte nytta som «tilnærmet sikre bevis i norsk rett på at spedbarnet må ha vært filleristet, selv om ingen har sett handlingen». Eg er like eins kritisk til påstandane hans om at norske sakkunnige legg «avgjørende vekt på triaden eller dens delkomponenter i sine erklæringer», og at norske sakkunnige «oftest har som utgangspunkt at «triaden bare kan skyldes filleristing eller annen vold». Eg startar med det første. I straffesaker treng det ikkje å vere feil å domfelle for lekamsbrotsverk sjølv om det ikkje har vore augevitne til hendinga. Skuld kan vere bevist utover rimeleg tvil også ved fråvær av slike bevis. I nokre straffesaker om filleristing har til dømes tilståing spelt ei sentral rolle. Slik er det òg når medisinarar årsaksforklarar skader eller dødsfall. Vedgåtte tilfelle vert ein del av kunnskapsgrunnlaget. Slik må det vere. Korkje i jussen eller medisinen kan vi nå det absolutte nivået av visse, eller sanning om ein vil, som det dei kan i filosofien eller matematikken.

Heller ikkje det Wester seier om at dei medisinske funna i triaden, vert nytta som tilnærma sikre bevis på at filleristing har funne stad, stemmer. Her tek eg likevel atterhald for at min kjennskap til feltet stammar frå diskusjonar med kollegaer og tilfeldig lesing av nokre medisinske artiklar og straffedommar. Eg har ikkje dømt i eller prosedert slike saker og har difor ikkje trengt å setje meg grundig og systematiske inn i emnet. Det er imidlertid ikkje tvil om kva som er utgangspunktet til forfattarane bak artikkelen, Legers rolle ved mistanke om alvorlig barnemishandling, som Wester sjølv lenkjer til. Dei seier at «[f]unn av den såkalte triaden […] i seg selv ikke [er] tilstrekkelig bevis i en straffesak. Vidare seier dei at i rettsmedisinen vil ein ikkje konkludere med barnemishandling i form av filleristing med mindre «øvrige funn peker i samme retning og […] det er gjort en bred utredning der andre mulige skademekanismer og differensialdiagnoser er kritisk vurdert». Dei seier med andre ord nærmast det motsette av det som Wester hevdar at dei seier.

Etter at Wester sitt innlegg stod på trykk i Rett24, har han publisert ein mykje omdiskutert artikkel i Tidsskrift for Rettsvitensskap saman med jussprofessorane Aslak Syse og Ulf Stridbeck og dei svenske medisinarane Pelle Nilsson og Johan Wikström. Der lanserer dei ei alternativ medisinsk årsak i fleire filleristing-saker dei har gjennomgått. Det er Benign Ekstern Hydrocefalus (BEH), på norsk godarta utvendig vasshovud. Vurderingane er basert på ein ny analyse av den medisinske dokumentasjonen i saker som har vore pådømt i norske domstolar.  Wester m.fl. vedgår rett nok at BEH ikkje kan vere forklaringa på heile skadebiletet til barna i desse sakene, noko også andre har påpeikt. Det gjeld til dømes netthinneblødingar, sår, blåmerke og brotskadar. Der peikar Wester m.fl i staden på andre mogelege medisinske årsaker, som kan ha oppstått nær i tid med BEH. Eit døme er at dei meiner at ribbeinsbrota ein stundom ser hjå slike barn, kan skuldast fødselstraume.

Wester m.fl har sjølvsagt rett i at omfattande og komplekse skadebilete kan ha fleire uavhengige årsaker; Det er mange tilfeldige samantreff i verda, og mogelege uavhengige og samverkande skadeårsaker må alltid vurderast. Det eg stussar over, er at BEH dei siste tjue åra har inngått i differensialdiagnostikken som rettsmedisinarane skal ta stilling til i filleristing-saker. Eg saknar difor ei forklaring på om slike vurderingar likevel har mangla i sakene Wester m.fl har analysert, eventuelt ei forklaring på kvifor vurderingane som er gjort av BEH i desse sakene ikkje held mål. Det vonar eg Wester og medforfattarane hans vil ta opp i den medisinske forskingsartikkelen dei har lova at dei vil underbyggje dei førebels udokumenterte funna i TfR-artikkelen med.

Eg deler elles ikkje uroa til Wester over at omsorgspersonar kan vere feilaktig straffedømt på grunn av at rettsmedisinarane og dommarar har lagt vekt på skadane i triaden åleine. Eg har ikkje lese dommar med ei grunngjeving som tilseier det, og Wester har heller ikkje synt til slike. Ser vi til dømes på tingrettsdommen TOSLO-2016-113865 – som for straffeutmålinga vart anka heilt til Høgsterett –  tyder domsgrunnane på at triaden berre var eitt mellom fleire bevis. Her var det for det første ei skildring av eit spedbarn som kom til legevakta med redusert allmenntilstand og -medvit, hadde kragebeinsbrot og kraniebrot og der foreldra si forklaring til legane ikkje let seg sameine med det omfattande skadebiletet. For det andre vart det lagt vekt på at foreldra ikkje straks tok barnet til legevakta, sjølv om dei fortalde at barnet hadde vore utsett for ei ulukke. Ei ulukke far til overmål først hadde fått mor til å gje feilaktig forklaring om at det var ho og ikkje han som var skuld i. For det fjerde siterte tingretten frå rapporten til den rettsoppnemnde sakkunnige at «det ikke er påvist tegn til sykdom eller andre tilstander som kan forklare skadene». Av dommen til lagmannsretten i saka, LB-2016-172674, går det elles fram at far forklarte at han hadde rista barnet «kraftig».

Om det var rett å domfelle i saka, er uråd for meg å seie. Eg har korkje sett bevisa eller høyrt forklaringane. Domsgrunnane syner uansett at bevisvurderinga har bygt på langt meir enn dei medisinske funna i triaden åleine. I TfR-artikkelen held Wester og medforfattarane hans likevel fram saka som eit døme på ei sak der dei ikkje kan «utelukke at tilstanden er forårsaket av en spontant oppstått medisinsk tilstand». Kva tilstand dette i tilfelle har vore, seier dei ikkje noko om. Dei seier heller ikkje kva kriterium dei sjølv har bygt på for ei alternativ skadeårsak. Det kan vi førebels berre spekulere i. Her må det likevel minnast om at dersom straffesaker har vore godt nok opplyst, så bør vi vere varsame med å spekulere i hendingsforløp som det ikkje finnest haldepunkt for i bevismaterialet. Då nærmar vi oss fort den teoretiske eller hypotetiske tvilen som det også i straffesaker skal sjåast bort frå.

Wester tek elles opp barnevernsaker der det er mistanke om filleristing. I slike saker er spørsmålet om det er trygt nok å sende spedbarna heim til foreldra, og beviskravet for vald er difor langt lågare enn i straffesaker. Ved mistanke om vald mot spedbarn må det vere nærmast utenkjeleg at sjukehusa ikkje skal melde frå til barnevernet. Det er ikkje helsepersonell, men barnevernet si oppgåve å undersøke om barn, som kan ha vore utsette for vald, trygt kan sendast heim eller om det må treffast akuttvedtak og reisast sak om omsorgsovertaking. Det vil eg håpe og tru at også Wester er samd i. Heller ikkje han ynskjer seg vel «svenske tilstandar» der helsepersonell vegrar seg frå å melde ved mistanke om at barn har vore utsett for vald eller overgrep?