Fredag for litt over ei veke sidan slo Arbeidsretten fast at streiken i landbrukssamvirket Felleskjøpet Agri var tariffstridig og ulovleg. Negotia er overraska over avgjerda, og YS-advokat Ørnulf Kastet er vonbroten. Forbundsleiaren meiner at avgjerda inneber ei ny linje frå Arbeidsretten. Det gjer ho absolutt ikkje. Sjølv om ei slik sak ikkje har vore oppe tidlegare, er dommen heilt i tråd med anna rettspraksis om fredsplikt og dei normene om fredsplikt som domstolen har utvikla.

I tariffperioden gjeld det fredsplikt. Streik er difor ikkje tillateleg. Spekter og YS/Negotia har, slik det er vanleg i fleire tariffavtalar, avtalt eit unntak frå dette i samband med mellomoppgjer. Då kan det forhandlas om «eventuelle lønnsreguleringer for 2. avtaleår», slik det lyd i partane si tariffavtale. Dersom dei ikkje vert samde, kan streik nyttast for å tvinge gjennom kravet. Det er soleis snakk om eit klart, sakleg avgrensa unntak frå fredsplikten i avtaleperioden. Det er ikkje tillateleg å streika for andre krav enn dette.

Det er nett dette YS/Negotia gjorde i mellomoppgjeret. Bakgrunnen er at Felleskjøpet skiftar arbeidsgjevarforeining frå Spekter til NHO. YS/Negotia fryktar at arbeidstakarane då vil få dårlegare arbeids- og lønnsvilkår. I dei lokale forhandlingane la YS/Negotia fram eit krav om ei særavtale som skulle sikre ein heil rekke rettar og tre i kraft frå tidspunktet for tariffavtaleskiftet neste år. Eit slikt krav om å få avtalefesta arbeids- og lønnsvilkår i ei framtidig tariffperiode fell klart utanfor kva ein kan streika over i samband med eit mellomoppgjer. Kravet vart avvist av Spekter med ei slik grunn­gjeving. Det synes heller ikkje som om YS/Negotia var usamd i dette.

Men like etter Spekters avslag fremma YS/Negotia eit lønnskrav på heile 11,5 prosent som dei uttrykkeleg påpekte var ein kompensasjon «[f]ordi vi ikke har fått sikret rettighetene våre ved over­gang til NHO». Då var kravet ein gjekk til streik på, reelt sett, slik Arbeidsretten uttrykte det, «en tallfesting av særavtale­kravet», altso av eit krav dei ikkje kunne streika over. YS/Negotia ville heller ikkje forhandle om lønnsregulering før spørsmålet om vern av rettar var løyst. Når lønnskravet soleis er uløyseleg knytt til kravet om å sikre framtidige vilkår ved tariffavtaleskifte, er det klart at det vil vere i strid med fredsplikten. Allereie gangen i forhandlingane og utforminga av kravet viste at dette var føremålet. Utsegner frå Negotia og dei tillitsvalde bekrefta dessutan eintydig dette.

Ei anna løysing ville i prinsippet innebere at ein kan streike over kva som helst i eit mellomoppgjer berre kravet vert konvertert til eit lønnskrav. Ei slik løysing ville vere prinsipielt problematisk. Då ville tariffavtala ikkje sikre fred i tariffperioden, og ho ville ikkje fungere etter sitt føremål. Dette ville svekkja tariffavtalesystemet. Som Arbeidsretten med eit visst alvor uttalde i ei avgjerd frå 1970:

«Det er nemlig utvilsomt at overholdelsen av den tariff- og lovfestede fredsplikt i like høy grad tjener arbeidstakernes som arbeidsgivernes interesser, idet en bevisst tilsidesettelse eller undergraving av fredsplikten lett vil kunne lede til en total oppløsning av hele vårt tariffavtalesystem» (ARD 1970.96).

Eit heilt anna spørsmål er om arbeids­takaranes frykt for dårlegare vilkår ved tariffavtaleskiftet, er velgrunna eller ikkje. Men uavhengig av kva svaret på det er, legitimerer det sjølvsagt ikkje tariffstridig og ulovleg streik.