Nyleg avgjorde kommunal- og distriktsdepartementet at Lars Petter Solås må stå som fyrstekandidat på Frps valliste i Oslo trass i at han er ekskludert frå partiet. Både Solås, Frp og valstyret i Oslo ønskte å gje Solås fritak frå å stå på vallista sjølv om fristen for endring var gått ut. Departementet derimot, sa nei. Det spesielle med vallovas reglar om kommune- og fylkestingsval er at departementet avgjer tvisten og lovtolkinga i siste instans utan domstolskontroll. Fjellvettsregelen om at ein skal snu i tide er likevel god å halde seg til når forvaltninga rår over eit rettsområde utan domstolskontroll.

Lovtolkinga til departementet

I vedtaket datert 19. juni viser departementet til at vallova § 3-4 gjev kandidatar rett til å krevje seg fritekne frå val dersom dei gjev skriftleg melding innan fristen sett av valstyret. Problemet for Solås er at han vart ekskludert frå Frp etter utløpet av fristen. Vallova § 15-5 fjerde ledd inneheld ei regel om oversitting av fristar og som lyder: «Melding, erklæring eller klage som gis etter utløpet av frist etter denne lov, kan bare tas til behandling hvis fristoversittingen skyldes forhold den som plikter å overholde fristen, ikke hadde herredømme over og heller ikke kunne forutse.»

Departementet tolkar denne ordlyden til at årsaka til fristoversittinga må inntreffe før fristen. Slik kan ordlyden lesast. Til støtte for denne tolkinga viser departementet til at førarbeida nemner som døme på fristoversitting feilaktig eller mangelfull informasjon frå det offentlege eller force majeure-liknande forhold som hindrar kandidaten å gje melding til rett tid.

Ei alternativ lovtolking

Lovtolkinga til departementet er forsvarleg, men den er ikkje den einaste moglege tolkinga av vallova § 15-5 fjerde ledd.

For det fyrste gjev ikkje ordlyden i § 15-5 fjerde ledd svar på om fristoversittinga må skuldast forhold før fristen. Det operative kriteriet er «forhold den som plikter å overholde fristen, ikke hadde herredømme over og heller ikke kunne forutse.» Dette kan like gjerne vere forhold som oppstår etter utløpet av fristen, som ein eksklusjon. Slik tolka også valstyret i Oslo ordlyden. Dei knappe førearbeida seier heller ikkje at forhold etter fristen er utelukka som grunnlag for unnatak frå fristen.

Trekk vi inn føremålet med reglane i spel, så er tolkinga til departementet heller ikkje den mest nærliggande. Føremålet med fritaksregelen i § 3-4 er å hindre at kandidatar blir ført opp på ei valliste mot viljen sin. Dette føremålet må vege tungt i lovtolkinga i lys av den negative forsamlingsfridomen etter EMK artikkel 11 førte til at fritaksregelen i § 3-4 vart liberalisert i 2011. Føremålet med fristregelen i § 15-5 fjerde ledd i denne samanhengen er todelt. På den eine sida skal den verne om ombodsplikta til kandidatar som stiller til val. Det, seier førearbeida, talar for ein streng regel. Samstundes er det også eit føremål med fristregelen lest i samanheng med reglane om listeforslag i vallova kapittel 6 at listeforslaget skal vere i samsvar med intensjonane til listestillar. Dette er jo grunnen til at valstyret etter § 6-6 tredje ledd pliktar å kontakte listestillar for å bringe mangelfulle listeforslag i samsvar med lova. Det er også valstyret som bestemmer fristen. Då er det rart om valstyret ikkje i særlege tilfelle kan gjere unnatak ved setje ein ny frist. Problemet er at departementet tolkar fristregelen i § 15-5 fjerde ledd isolert og utan blikk for samanhengen i lova. Konsekvensen av denne smale og mekaniske lovtolkinga er at departementet ser vekk i frå viktige føremål i vallova.

Departementet bør gjere om vedtaket

Etter departementets endelege vedtak er situasjonen den at Frp må stille til val i Oslo med ei valliste som ikkje fullt ut representerer partiet. Solås er jo ekskludert. Verken han eller partiet ønsker at han står på lista. I denne spesielle situasjonen er det liten grunn til å frykte at ombodsplikta eller fristreglane i vallova blir undergrava om ein gjer eit unnatak frå fritaksfristen.

Å nekte fritak i ein slik situasjon i god tid før valet vil derimot ta frå partiet høvet til å fylle lista med kandidatar frå partiet. Samstundes vil lista med Solås som toppkandidat kunne føre veljarane bak lyset. Difor er departementets lovtolking og vedtak feil, og bør gjerast om.