I ein kronikk på Nettavisen før jul gjekk stortingsrepresentant Jon Helgheim i rette med høgsterettsdommar h.v. Kjetil Lund. I eit innlegg på UiO, skal Lund ha sagt noko i retning av:

«Når dere kommer ut i forvaltning og rettsapparat, som jurister, advokater og dommere i asylsaker, håper jeg dere bruker hjertet når dere skal fatte beslutninger».

Helgheim tolkar dette slik at Lund oppfordrar komande juristar til å setje lova til side, og heller fylgje eiga overtyding. Han ser også teikn til at ei slik tilnærming til retten har blitt meir vanleg enn før. På den bakgrunnen åtvarar han akademikarar mot å forveksle vekttal med demokratisk mandat, og eiga overtyding med lov og rett. Problema Helgheim meiner dette kan føre til, vert illustrert med utspel frå juristar i akademia i saker om klima og innvandring.

Tek feil

På eit normativt plan har oppfatninga til Helgheim, etter mitt syn, gode grunnar for seg. Innanfor rammene av den liberale og demokratiske rettsstaten, har det etter tradisjonelle rettsteoretiske oppfatningar vore lite rom for å tilsidesetje og bortfortolke rettsreglar med utgangspunkt i eigne vurderingar av om reglane er rimelege, rettferdige eller etisk akseptable. Det rådande paradigmet har vore at juristar regelmessig ikkje har betre føresetnader for å ta stilling til moralske og politiske spørsmål enn politikarane, og at direkte overprøving av «lovgjevarviljen» nærmast høyrer unntakstilstanden til.

Reint deskriptivt tek Helgheim likevel feil. Dei siste tiåra har det skjedd endringar som gjer at dei moralske og politiske oppfatningane til juristar, og særleg dommarar, har fått større plass når innhaldet av rettsreglane skal fastleggast. Mellom desse endringane er dynamisk rettsutvikling knytt til Den europeiske menneskerettskonvensjonen og EØS-avtalen. Verknaden er at domstolane har fått ei langt større oppgåve knytt til å kontrollere og overprøve lovgjevar og forvaltninga enn dei hadde før.

Dette er særleg synleg for Høgsterett, som ser ut til å prøve å reindyrke oppgåva si som prejudikats- og konstitusjonsdomstol, noko mellom andre professor Jørn Øyrehagen Sunde har peika på. Heller enn å dømme i siste instans, nektar Høgsterett stadig oftare anker fremja. Mellom anker som vert fremja, blir gjerne berre deler av saka slept inn, og i nokre tilfelle enno til berre deler av eit rettskrav. Høgsterett ser no ut til å definere oppgåva si til å vere rettsavklaring og rettsutvikling, og kontroll med dei andre statsmaktene.

Einsleg svale

Dette er ei utviklinga som både kan opne for eit sterkare spenningsforhold mellom statsmaktene, og for at domstolane blir eksponert for ein annan type kritikk enn før. Sjølv om Helgheim er påpasseleg med å rette skytset mot juristar i akademia, og ikkje mot domstolane, kan vi lett lese innlegget hans inn i ein slik kontekst. Ikkje minst dersom vi ser til land i Aust-Europa, der det er store konfliktar mellom nasjonalkonservative regjeringar og meir liberale domstolar og akademiske og økonomiske elitar.  

Helgheim framstår likevel førebels som ei einsleg svale, og slike gjer som kjent ingen sommar. Hovudtendensen hjå oss, ser tvert i mot ut til å gå i motsett retning av det han peikar på. Dei andre statsmaktene vil gjerne gje domstolane meir makt. Vi ser ofte at det vert tatt medvitne val om å overlate regelutvikling og skjønnsmessige vurderingar til dei. Det har enno til kome framlegg om at domstolane skal få i oppgåve å treffe «forvaltningsvedtak». Framlegga har vore knytt til saker om omsorgsovertaking og tap av statsborgarskap. Om tanken har vore at domstolane er betre eigna enn forvaltninga til å treffe slike vedtak, eller om han har vore å skjerme forvaltninga og politikarane mot kritikk på politisk sensitive saksfelt, er uklårt.

I media og akademia synest domstolane si nye rolle å bli helst velkommen. Domstolane scorar også gjennomgåande høgt på ulike målingar av tillit mellom innbyggjarane. Når domstolane – og for så vidt også juristar i forvaltninga – får kritikk, handlar det sjeldan om at dei går for langt i å overprøve lovgjevar og forvaltninga. Langt oftare handlar det om at dei ikkje går langt nok i å verne folk mot maktmisbruk frå dei andre statsmaktene.  I enkelte kretsar har denne kritikken vore konsentrert om barnevernssaker, medan den i andre har handla om utlendingssaker. Av nyare dato er forventningane til domstolane i saker som handlar om klima.

«Skandale» og «justismord»

Med NAV-saka har likevel kritikken mot domstolane fått ei ny omdreiing. Korkje akademikarar, journalistar eller folk flest ser ut til å syne særleg forståing for at nokre av tolkingsspørsmåla som oppstår i saka er vanskelege. Dei syner heller ikkje forståing for at saka til dels handlar om problem knytt til kvaliteten på EU-lovgjevinga og om at ny praksis frå EU-domstolen kan få tilbakeverkande kraft. Ord som justismord og skandale har blitt brukt, også av debattantar som brukar å vere tilbakehaldne med denne typen karakteristikkar.

Reaksjonane frå dommarhald synte seg raskt. Allereie før utvalet som skal granske saka var sett ned, fann både Domstolsadministrasjonen og Dommerforeningen det naudsynt å minne Justisdepartementet om at domstolane sin uavhengighet måtte ivaretakast i granskinga. Dette vart også tatt inn i mandatet.

Overtydande

Frå akademikarhald har derimot stemmer som ser ut til å frykte at domstolane skal sleppe for billig unna dominert. Spørsmålet om professor Finn Arnesen og høgsterettsdommar h.v. professor Jens Edvin Skoghøy er habile til å delta i granskingsutvalet har vorte høglydt debattert, både før og etter at Lovavdelingen vurderte spørsmålet. Både Arnesen og Skoghøy deltok som kjent i Høgsterett si handsaming av ei straffutmålingsanke i 2012. Eitt av tilhøva lagmannsretten hadde sagt dom for – og som straffutmålinga omfatta – var at domfelte hadde vore på Kanariøyane ein kort periode medan han fekk sjukepengar. Nokre har hevda at dei to burde ha sett at dette kunne reise EØS-rettslege problemstillingar, og at det er eit særeige tilhøve som er eigna til å svekke tilliten til dei to at dei ikkje gjorde det. Sjølv er eg ikkje samd med det. Eg tykkjer Lovavdelingen si vurdering er overtydande, både for faktum, juss og subsumsjon. 

Kva effekt kritikken og debattklimaet i NAV-saka vil få på domstolane, står att å sjå. Sidan norske dommarar ikkje har tradisjon for å forklare og forsvare avgjerdene sine i ettertid, fryktar truleg mange av dei at saka vil leie til at det blir normaltilstanden at dommarar vert eksponert for meir personleg kritikk. For EØS-sakene er kanskje det beste vi kan håpe på at denne frykta ikkje medfører noko meir enn at domstolane blir flinkare til å legge tolkingsspørsmål fram for EFTA-domstolen. Det vil vere langt verre vil det vere om frykt for kritikk leier til at domstolane tek til å byggje inn tryggleiksmarginar mot EØS-feil og brot på EMK. Det handlar ikkje berre om at andre viktige samfunnsmessige omsyn enn individvern kan verte skadelidande. I enno større grad handlar det om at ein slik strategi vil kunne svekke demokratiet og gjennomføringsevna til forvaltninga, og til at konfliktnivået mellom domstolane og dei andre statsmaktene kan kome til å auke. I ein slik situasjon vil stortingsrepresentant Helgheim snart kunne få fylgje med fleire svaler.