Dette innlegget hefter eg fullt og heilt for sjølv. Arbeidsgjevar svarar ikkje for dei synspunkta eg her gjev uttrykk for.
Spørsmålet om når barnevernet kan gå til tvangstiltak vert svara på av mange etter at EMD har komme med, og vil komma med, dom i mange saker mot Noreg. Noregs Høgsterett tar difor inn mange saker til prøving for tida, for å avklara kva dommane frå EMD har å sei for norsk barnevern.
Advokat Herdis Helle i LO har eit innlegg på Rett24 den 14. juli 2020, der ho kommenterer rettstilstanden innan barnevernsområdet etter at Høgsterett har uttala seg om forståinga av retten til familieliv i EMK artikkel 8. Dette med bakgrunn i nyare dommar frå EMD, der Noreg er felt for brot på denne artikkelen.
Eg har nokre merknader til det advokat Helle skriv. Tilnærminga i mitt innlegg er korleis eg meiner det kommunale barnevernet bør forvalta sitt ansvar framover, ut frå min bakgrunn som advokat for det kommunale barnevernet.
Åtvarar
Advokat Helle skriv at «[d]et er inga usemje om at den nye rettspraksisen medfører strengare prosessuelle krav til barnevernet og domstolane.» Mi vurdering er at dei prosessuelle krava har vore dei same heile tida, men at fylkesnemndene og domstolane ikkje har vore like flinke til å sjå til at krava er oppfylte. Barnevernsaker er indispositive saker, der fylkesnemndene og domstolane har eit sjølvstendig ansvar for å sikra at saka er forsvarleg opplyst før vedtak vert fatta eller dom sagt. Endringa vil vera at fylkesnemndene og domstolane vil gje meir merksemd til dei prosessuelle krava. Her ligg det ein risiko for at dei prosessuelle krava vil ta merksemda bort frå omsorgssituasjonen barnet står i.
Eg vil åtvara mot å trekkja den konklusjonen at det ikkje er grunnlag for omsorgsovertaking i dei sakene der prosessuelle krav til saka ikkje er oppfylt. Eit vedtak kan vera rett sjølv om grunngjevinga er så som så.
Behovet eit barn har for ny omsorgsbase oppstår i dei fleste tilfella lenge før barnevernet har fått inn dokumentasjon og har oversikt over faktum. Ei sak kan alltid dokumenterast meir og grunngjevast betre. Det vil alltid vera ei vurdering kor skjeringspunktet går mellom forsvarleg opplysing av ei sak, og forsvarleg ivaretaking av omsorgsbehovet til eit barn.
Ekstraordinære tilfelle
Mitt råd til det kommunale barnevernet er å halda fram med å arbeida barnevernfagleg, der merksemda er retta mot dei materielle omsorgsvilkåra borna har. Er desse ut frå ei barnevernfagleg vurdering ikkje tilfredsstillande, og det heller ikkje er mogleg å få foreldra med på frivillige hjelpetiltak, må det fremjast sak for fylkesnemnda og domstolane. Barnevernet kan ikkje ta omsyn til at ein i fylkesnemnda eller domstolane kan møta juristar som er meir opptekne av prosessuelle krav, enn materielle omsorgsvilkår.
Det neste advokat Helle tar opp, er om ny praksis frå EMD og Høgsterett medfører at den materielle terskelen for omsorgstiltak er heva. Det vert vist til at Høgsterett i storkammersakene uttala at omsorgsovertaking må vera i samhøve med kravet om «very exsceptional circumstances». Advokat Helle tolkar dette som at den materielle terskelen for omsorgsovertaking er heva, samstundes som ho viser til at professor Kirsten Sandberg har uttala at kravet er samanfallande med det som følgjer av barnevernlova i dag, altså at terskelen for omsorgsovertaking ikkje er endra.
Eg for min del tykkjer førstvoterande dommar Coward er avklarande når ho i HR-2007-732-A avsnitt 51 uttalar seg om kva som vil vera eit «ekstraordinært tilfelle»:
«Jeg ser det i alle fall som uklart hva kravet nærmere skulle innebære; langvarige fosterhjemsplasseringer vil gjerne forekomme nettopp når barnet er i en situasjon som man ellers vil betegne som ekstraordinær.»
Det ekstraordinære er ikkje ein statistisk storleik, men eit mål på dårleg kvalitet. Er omsorga så dårleg at helsa og utviklinga til barnet kan bli skada, ligg det føre eit ekstraordinært tilfelle som fyller dei materielle vilkåra for omsorgsovertaking.
Risiko
Advokat Helle ønskjer at Barne- og familiedepartementet skal avklara tolkingstvilen, og ikkje lata rettsavklaringa vera opp til fylkesnemndene og domstolane. Etter mi meining er det ikkje mykje å vinna på at Barne- og familiedepartmentet uttalar seg om kor den materielle terskelen ligg. Det vert ikkje anna enn ei tolking til mellom fleire. Det er mange døme på at domstolane ikkje legg særleg vekt på kva eit departement måtte meina om rettslege spørsmål, og der domstolane kjem til eit anna resultat enn kva departementet har gjort.
Ansvaret for å ta stilling til om det skal reisast sak om omsorgsovertaking ligg ikkje til Barne- og familiedepartementet, men til kommunane. Mitt råd til det kommunale barnevernet er at dersom det ut frå ei barnevernfagleg vurdering er slik at det ligg føre «alvorlige mangler ved den daglige omsorg som barnet får», jmf. barnevernlova § 4-12, og dette ikkje kan avbøtast med hjelpetiltak, bør kommunen fremja sak for fylkesnemnda, og også vurdera å ta saka vidare til domstolane, om fylkesnemnda ikkje tar krav om omsorgsovertaking til følgje.
Det er risiko for at fylkesnemnder og domstolar, etter sakene frå EMD, stiller høgare krav både materielt og prosessuelt til barnevernsaker. Dette kan vera tufta like mykje på ein psykologisk terskel, som ein rettsleg terskel. Kor fylkesnemndene og domstolane set terskelen, er det staten som hefter for.
Krav om erstatning
Eg finn grunn til å minna om at barnevernsaker også kjem i ein annan variant. Det er når borna er vaksne og krev erstatning fordi barnevernet ikkje verna dei godt nok medan dei var born. Det fins også saker frå EMD der det vert konstatert brot på EMK fordi barnevernet har svikta i å verna born mot ein skadeleg oppvekst. I tillegg kjem alle sakene frå nasjonale domstolar om det same.
Dersom det kommunale barnevernet no hevar terskelen for når saker vert fremja for fylkesnemnda, kan dette falla dyrt både for dei borna det gjeld og for kommunen. Eg vågar påstanden om at dersom kommunane no den nærmaste tida ikkje får like mykje medhald i sakene som før, vil mange av desse sakene måtte fremjast på nytt seinare fordi tida vil visa endå tydlegare at omsorga ikkje er god.
Dei som arbeidar i det kommunale barnevernet må ha tillit til eige faglege skjønn. Ingen system er feilfrie, heller ikkje barnevernet. Barnevernet har fremja saker som ikkje skulle vore fremja, men har også late vera å fremja saker som skulle ha vore fremja. Trass feil, held norsk barnevern jamt over eit høgt fagleg nivå.
I strafferetten seier ein at det er betre at ti skuldige går fri enn at ein uskuldig vert dømd. Me kan ikkje få det slik i barnevernet at det er betre at ti born vert omsorgssvikta enn at eitt barn feilaktig vert plassert i fosterheim.